Jenstad og Husby: Dialekt i Språk og musikk
Tor Erik Jenstad, og Helge Husby har laga eit program om dialekt i språk og musikk som vil bestå av både lyd, bilde, musikk og kåseri og det kan vel hende vi får eit par gode historier, lokale slåttar og skjellsord med på vegen.
Tidspunkt
14.00
Priser
250 kroner, inkludert omvisning på museet.
Her finner du oss
Tingvoll museum
Reitvegen 61
6630 Tingvoll
Telefon: 98 42 44 67
kine.iselilja.gyldenskog@nordmorsmusea.no
Tor Erik Jenstad, språkforskar og spellmann, og Helge Husby, spellmann og kulturarbeidar, kjem til Tingvoll museum med eit program om dialekter i språk og musikk.
Her blir det både bilde, musikk og ordets kunst. Tor Erik Jenstad frå Sunndal er ein folkekjær foredragshaldar og kåsør. Han har mellom anna gitt ut «Skjellsordboka» og er godt kjent frå ulike språkprogram i NRK. Tor Erik er og aktiv musikar og spelte i mange år trekkspel og torader i gruppa Hørkelgaddan med mellom andre Helge Husby. Denne gruppa fekk spellmannsprisen i 1981.
Helge er felespelar og songar frå Tingvoll. Han driv foretaket Fosna kulturverkstad og har arbeidd med folkemusikken på Nordmøre.
Pris: 250kr inkl. omvisning på museet, billettsal i døra.
Det blir mogleg å kjøpe seg ein kopp kaffe med noko attåt.
Arrangør: Nordmørsmusea, Tingvoll mållag og Tingvoll museumslag.
Foto: Sigmund Tjelle /Driva.