Stedsansvarlig Averøy og Hustadvika

Eittårig vikariat i Nordmørsmusea

Ein av våre tilsette skal ut i permisjon og vi er difor på leiting etter deg som ønsker å jobbe hos oss ein periode frå hausten 2024 til hausten 2025 med oppstart etter avtale. Du vil jobbe museumsfagleg i tett samspel med kunnskapsrike kollegaer og får ei viktig rolle i utviklinga av museet både lokalt og regionalt. Du vil også vere ein nøkkelperson i kontakten inn mot gode samarbeidspartar, frivillige og anna kultur- og samfunnsliv i Averøy og Hustadvika kommuner.

Kontorstad er Gamle Kvernes Bygdemuseum og arbeidsstad heile Nordmørsmusea. Det vil seie at du må kunne køyre og disponere eigen bil. Du rapporterer direkte til direktør og vil jobbe tett med fagleiing innan forskning, forvaltning og formidling. Dette er ei sjølvstendig stilling med stort rom for utvikling og nyskaping, samstundes som ein må rekne med noko kvelds- og helgearbeid i periodar.

Du må

  • vere glad i folk og kommunisere godt med både kollegaer, frivillige, publikum og andre.
  • ha relevant utdanning og/eller arbeidserfaring innan museumsfag, samfunnsfag, historie, pedagogikk eller liknande.
  • like å jobbe både praktisk og administrativt.
  • snakke og skrive flytande norsk og engelsk.

Det er viktig at du er interessert i kulturfeltet generelt og ser musea si rolle i samfunnet. Du får fleksibel arbeidstid, pensjonsordning i KLP og lønn etter tariff.

Kontaktperson for stillinga er Eigunn Stav Sætre, og du treff ho på eigunn.stav-satre@nordmorsmusea.no eller på telefon +47 97 65 42 94. Send søknad med CV til samme adresse eller ta kontakt om du lurer på om dette er noe for deg.

Søknadsfrist 30.04.24.

Scroll til toppen