Midlertidig sikring av tak

Midlertidig sikring av tak

I tide før vinter og snø sette inn fikk vi hausten 2023 utført eit viktig sikringsarbeid på Åsen bygdemuseum i Surnadal. Det freda stabburet er av ein type som kallast dobbeltstabbur, og har to tømmerkassar med eit bursval mellom. Dei to tømmerkassane er datert til 1643 og 1751. Denne typen stabbur er typisk for Todalsområdet, og dette har opphaveleg stått på Hjellnes før det kom til Åsen i 1980.

Eit kraftig snøras tok med seg torv og knottplast som hadde gjort jobben i over 40 år. Etter ein periode med presenning har vi no lagt på takplater midlertidig, medan vi planlegg vidare arbeid. Det skal leggjast never og torv igjen.

Tusen takk til Stiftelsen UNI for økonomisk støtte.

 

Vernekors
Vernekors
Hjellnesstabburet bursval
Hjellnesstabburet bursval
Scroll til toppen