Museumsgartner ved Svinviks arboret i Nordmørsmusea

Fast stilling

No er vi på leting etter deg som ønsker å vere med og bygge framtidas regionsmuseum saman med oss.  Vi søkjer museumsgartner i 100 % stilling med særskild ansvar for drift og utvikling av Svinviks arboret og fagansvar for levande samling i Nordmørsmusea.

Du vil få ansvar for

  • å administrere, utvikle, koordinere og følge opp den daglege drifta og den levande samlinga ved Svinviks arboret i tråd med museet sitt planverk og samfunnsoppdrag.
  • å følge opp og bidra til utvikling av den øvrige levande samlinga i Nordmørsmusea.
  • å bidra til den museumsfaglege utviklinga av Nordmørsmusea.

Dette er ei sjølvstendig stilling med stort rom for utvikling og nyskaping. Stillinga vil inngå i fleire faggrupper regionalt og lokalt.

Du får også

  • spanande arbeidsoppgåver i eit godt og interessant arbeidsmiljø.
  • engasjerte og kunnskapsrike kollegaer lokalt og i heile regionen.
  • god pensjonsordning (KLP).
  • løn etter tariff.

Du må

  • ha relevant plantefagleg utdanning.
  • ha erfaring frå liknande og relevant arbeid.
  • like å jobbe både praktisk og administrativt.
  • evne å planlegge, leie og ferdigstille arbeid og prosjekt.
  • snakke og skrive flytande norsk og engelsk.
  • ha førerkort klasse B og disponere eigen bil.

Du bør dessutan vere glad i levande vesen og kommunisere godt med både kollegaer, frivillige, publikum og andre. Vi kjem til å vektlegge om kandidaten er personleg eigna til stillinga. Oppstart etter avtale, seinast hausten 2024.

Kontaktperson for stillinga er Eigunn Stav Sætre, og du treff ho på eigunn.stav-satre@nordmorsmusea.no eller på telefon +47 97 65 42 94. Send søknad med CV til samme adresse eller ta kontakt om du lurer på om dette er noko for deg.

Søknadsfrist: 1. mai 2024.

Scroll til toppen