Kurs i smiing av munnharpe

Har du lyst til å lære deg kunsten å smi munnharpe?

Kurs i smiing av munnharpe

Tidspunkt

4.juni - 5.juni 2022

kl. 10-16 og 10-14

Priser

Alle: 600,- kr.

Her finner du oss

Mellemværftet
Kranaveien 24
6510 Kristiansund

Telefon: 715 87 000
post@nordmore.museum.no

Vis på kart

Mellemværftet

I Kristiansund finner man landets eneste museumsverft, Mellemværftet. Skipsverftet ble anlagt i 1856 og er i dag et levende skipsverft med tre slipper der vi kan ta fartøy opptil 120 fot. Verftets viktigste oppgave var vedlikehold av regionens store flåte av små seilskip. Det er verkstedbygning med maskinverksted og smie.

Smiing av munnharpe

Lørdag 4. og søndag 5. juni har du høve til å lære kunsten av Sven Håkon Jørgensen frå Arendal.
Kurset er for vaksne, og har som mål at alle deltakarane får ferdigstilt ei munnharpe. Lyd vert det nok i alle, og nokre av instrumenta vert sikkert velklingande. Flott finish og utsjånad vil ofte krevje nokre timar til med arbeid, noko ein kan gjere i etterkant av kurset.
Sven Håkon Jørgensen er frå Arendal og fødd i 1960. I perioda 1986 til 1994 jobba han i Bykle i Setesdal, der fekk han vekka si interesse for folkemusikk og då særskilt munnharpa. På fritida dreiv han og naboen Folke Nesland med knivsmiing. Men rundt 1991 bytta dei ut knivsmiinga med munnharpesmiing, og slik vart det deretter. I dag er framleis begge aktive, og dermed er dei òg dei munnharpesmedane med lengst erfaring av dei aktive i dag.
Sven Håkon smir munnharper i Setesdalstradisjon med innfesting av fjøra i hol med kile. Fjøra er relativt stiv og gir høve til kraftfullt og raskt spel, noko som er typisk for setesdalstradisjonen.

Påmelding

Send ein e-post til anna.gjendem@vitimusea.no innan 24. mai. Det er begrensa med plassar, fyrstemann til mølla.

Arrangør

Nordmøre museum og Folkemusikkarkivet i Viti
Vel møtt til to klangfulle og hektiske kursdagar!

 

Andre aktiviteter fra Kristiansund

Strikkekaffe

Aktivitetsbasert arrangement
Kristiansund
26.april 2022

Strikkekaffe

Aktivitetsbasert arrangement
Kristiansund
3.mai 2022

Strikkekaffe

Aktivitetsbasert arrangement
Kristiansund
10.mai 2022
Scroll til toppen