AD UNDAS

Utekonsert med a capella vokaltrioen AD UNDAS

AD UNDAS

Tidspunkt

8.juli 2022

Kl. 19.00 - 20.00

Priser

Billettsal  på staden.

Vaksen - 200,-
Barn/ungdom under 18 år - 100,-

Her finner du oss

Svinviks arboret
Todalsvegen 785
6640 Kvanne

Telefon: 464 22 638 (betjent i åpningstiden) 
svinviks.arboret@nordmore.museum.no

AD UNDAS er ein a cappella vokaltrio som sidan 2013 har reist rundt og fylt både naust, bunkersar, kyrkjerom og bygdetun med sine sterke stemmer og fortryllande klangar. Gruppa har eit originalt konsept med eigenarrangerte låtar og gir både pop, rock, folketonar og viser eit tidlaust preg. Trioen består av Marte Fillan (Trondheim), Margrete Wilhelmsen (Mandal) og Sunniva Fossly (Hallingdal).
Instrumenta er sett igjen heime når dei no turnerer frå Sunnmøre til Trøndelag med “Stier av gull”, ein konsert bunden saman av små forteljingar om dei ulike retningane me menneske vel oss i livet, eller stigane me hamnar på. Alt i alt byr dei på ei magisk og litt annleis konsertoppleving som passar både store og små.Konserten vert halda utandørs i arboretet. Det vert sal av kaffe og litt å bite i. Me kryssar fingrane for opphaldsvêr!

Andre aktiviteter fra Surnadal

Scroll til toppen