Velkommen til Surnadal: Diktarheimen Kleiva

Ein liten spasertur frå sentrum i Surnadal finn du heimen til bygdediktar og lokalhistorieforfattar Hans Hyldbakk.

Åpningstider

Kleiva kan besøkes når som helst, men husa er stengt for publikum på grunn av koronasituasjonen og restaurering.

Priser

Gruppepriser: 
etter avtale

Her finner du oss

Kleiva
6650 Surnadal

Telefon: 91 39 94 52 Avdelingsleder:
maja@nordmore.museum.no

Velkommen til Kleivakongens rike

OPPDATERT INFORMASJON 2020:

På grunn av situasjonen med koronaviruset er Kleiva dessverre stengt for besøkande denne sesongen. Denne tida vil bli brukt til å utføre nødvendig restaurering og utbetring av bygningane, med oppstart i juli/august 2020. Prosjektet er støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune, gjennom deira tilskotsordning for kultursektoren i koronatida.

Hugs at du likevel kan besøke Kleiva, området er ope for publikum og er ein fin liten tur frå Surnadal sentrum, Skei. Turen er merka frå Surnadal kulturhus, ca. 2 km, tur-retur. Du går langs grusveg heilt opp. Vi gjer oppmerksam på at vegen ikkje er beregna på biltrafikk, men er ein driftsveg. Er du avhengig av bil eller anna kjørety for å kome opp til Kleiva ber vi om de tek kontakt for evt. avtale om dette.

Har du spørsmål, eller ønskjer å kome i kontakt med oss? Ta gjerne kontakt med avdelingsleiar - sjå kontaktinfo.

___

Frå tunet har ein vidt utsyn over breibygda i nedre Surnadal, akkurat slik Hans Hyldbakk (1898-2001) ville ha det då han bygde heimen sin her i si tid. Her oppe skreiv Hyldbakk sine 19 bind med slektshistorie og bygdebøker. Han ga også ut 11 diktsamlinger, den siste då han var 100 år. Mest kjent er nok Hyldbakk for diktet «Vårsøg», som han skreiv fredsvåren 1945. Sambygdingen Henning Sommerro har seinere tonesett diktet.

Hyldbakk fikk fleire utmerkingar for sitt arbeid, og fikk mellom anna Kongens fortenestemedalje i gull i 1994.

Kleiva vart bygd i 1938, og påbygd i 1953 med delar frå barndomsheimen, som då skulle rivast. Husa står slik dei gjorde då Hyldbakk flytta på aldersheimen på Skei i 1987. Kammerset der han vart født er bevart, ilag med vogga som han og søskena låg i som barn.

Kvar vår, siste helg i mai, blir kulturhelga Vårsøghelga i Surnadal arrangert, med Kleivakvelden som fast tradisjon, ein friluftskonsert med heile bygda som bakteppe.

Grupper kan normalt sett i sommarhalvåret bestille omvisning på Kleiva, men på grunn av situasjonen med koronaviruset og oppstart av restaurering er det ikkje ope for publikum sesongen 2020.

Dersom du ønskjer å ta turen og nyte utsikta over bygda frå Kleiva kan du gå hit når som helst. Vegen opp til Kleiva er merka som STIKKUT-tur frå Surnadal kulturhus, ein kort og relativt lett fottur på grusveg, som passar dei fleste.

 

Artikler relatert til Surnadal: Diktarheimen Kleiva