Framveksten av ein politisk kultur på Nordmøre

av Morten Øveraas

Denne teksten skal vurdere om det fantes ein politisk kultur på Nordmøre, og i tilfelle, kva til høve som kan ha lagt til rette for denne. Fram­stillinga skal avgrense seg til tida fram til året 1905. ­Teksten skal presentere nokre døme på politisk åtferd, samt freiste å forklare denne åtferda ved å peike på sosioøko­nomiske og kulturelle trekk som kan tenkast å legge føringar på korleis befolkninga på Nordmøre ­handla ­politisk.

Nordmøre er det nordlegaste futedømet av Møre og Romsdal fylke (Fram til 1920 heitande Romsdals Amt). Fylket er gjerne framstilt som ei administrativ eining med indre kulturelle variasjonar. Politisk har Nordmøre blitt rekna som eit meir radikalt område enn dei to futedøma sør. Denne teksten skal sjå nærare på kva som kan ligge bak denne tolkinga. Me skal sjå på nokre døme frå 1700-talet og me skal sjå på tilhøva utover 1800-talet. Året 1905 er sluttpunktet i denne omgang.

Hovudmålet er soleis å kome på sporet av ein raud tråd som kjenneteiknar politisk handling og haldningar på Nordmøre. Med andre ord ein politisk kultur.

Føresetnader for bondepolitikk

Kristendom påverkar bondesamfunnet

I etterkant av reformasjonen på 1500-talet vektla den lutherske læra ei inndeling av samfunnet etter stender og husfaderens autoritet over familien. I byrjinga av 1700-talet vart den lutherske ortodoksien utfordra av ei pietistisk kristendomsforståing. Pietismen framheva at den einskilde måtte leve eit kristent liv, og i mykje større grad vere ansvarlege for eiga frelse. Denne inderleggjeringa av kristendomstrua, medførte at prestens rolle i kyrkja og ‘faderens’ rolle i husandakta vart svekka, nettopp fordi den enkelte fekk meir ansvar for seg sjølv.

Dei første forkjemparane for pietismen i Noreg var den såkalla "Sjustjerna": sju prestar lokalisert på Nordmøre og i Romsdal i byrjinga av 1700-talet. Ei kjernesak for desse prestane var at allmugen måtte skaffe seg betre lesekunne, for slik å forstå den kristne læra og ikkje berre kunne tekstane på rams. Sju­stjerna bidrog til innføringa av obligatorisk konfirmasjon i 1736 og obligatorisk allmugeskule i 1739.

I følgje Jostein Fets undersøkingar av bokmengda på 1700-talet, var det på Nordmøre mest kostbare Biblar/huspostillar og luthersk-ortodoks litteratur. Til samanlikning var det på Sunnmøre og i Romsdal meir pietistisk litteratur og rimelegare ny-testamente. Sjølve mengda med bøker auka på Nordmøre truleg i etterkant av konfirmasjons- og skulereformene, noko som kan tyde på at det var desse reformene som auka leseinteressa, ikkje pietismen til Sjustjerne­prestane tidlegare i hundreåret.

Ut frå dette kan det tyde på at på Nordmøre stod den tradisjonelle lutherdomen sterkt, noko som kan bety at den pietistiske ‘individualiseringa’ fekk mindre innverknad enn i dei to sørlegare futedøma. Mange av prestane i ‘Sju­stjerna’ haldt til på Nordmøre. At pietismen likevel ikkje slo gjennom her, kan tyde på verksemda til dei pietistiske prestane medførte ein motreaksjon frå lokalbefolkninga. Soleis kan dette bety at husfaderens stilling fekk stå sterkt blant befolkninga på Nordmøre. Denne sosiokulturelle ordninga kan ha samspelt med dei økonomiske. Me skal no sjå nærare på gardssamfunnet.

Bonden som sjølveigar og arbeidsgjevar

Garden og gardssamfunnet var ei eining der økonomiske og sosiale faktorar overlappa. Ein gardbrukar i Noreg på 17- og 1800-talet var gjerne anten sjølveigar eller leiglending - ein status basert på eigarskap til jorda han brukte. Stoda etter reformasjon var at Kongen eigde mesteparten av jorda i ­Noreg. Blant bøndene var det ein særs liten del som var sjølveigarar, medan dei aller fleste var leiglendingar.

Fordeling av landskylda syner kva eigendomsformar som gjorde seg gjeldande. På Nordmøre var det i 1661 særleg tre grupperingar som eigde jorda: Bønder og borgarar (41 %), kyrkja (23 %) og krona (33 %). Særleg interessant er at berre tre prosent av landskylda på Nordmøre kom frå eigendomar frå adel.

Desse tilhøva er eit generelt bilete av korleis eigendomsstrukturen på Nordmøre truleg såg ut på 1600-talet. Ut frå dette biletet skal me sjå litt på ein annan prosess på 1700-talet, nemleg "overgangen til sjølveige". På Nordmøre vart mange bønder sjølveigarar utover 1700-talet, og det kan sjå ut som denne prosessen vart ferdig ved innleiinga av 1800-talet. Dette står i kontrast til særleg Sunnmøre, der det nesten ikkje var nokon som kjøpte gardane sine før ut på 1800-talet.

Dette tydar altså på at på Nordmøre fekk mange bønder kontroll over garden sin på eit tidleg ­tidspunkt. Eigendomsstrukturen på 1600-­talet kan ha vert positivt i så måte.

Husmannsvesenet og oppdeling av gardsbruka i fleire mindre bruk var utviklingar som føregjekk parallelt med overgangen til sjølveige. Dette heng ­saman med at det på denne tida (1700-talet) vart stadig fleire menneske i Romsdals Amt, altså ei befolkningsauke. Spørsmålet var kor overskotet skulle gjere av seg i dei stadig trongare hushalda - som husmann eller som gardbrukar ?

På Nordmøre var det i 1701 i overkant av 30 prosent husmenn i prosent av bønder. I 1801 hadde denne andelen auka til 55 prosent. Til samanlikning låg både Romsdal og Sunnmøre eit godt stykke bak desse tala, og hadde i 1801 henhaldsvis 35 og 17 prosent andel av husmenn.

Bruksdeling medførte at livsgrunnlaget på ein gard vart delt mellom to eller fleire brukarar. Ser ein på tilhøva i 1723 var tendensen tydleg: På Nordmøre var det få bruksdelte gardar, særleg i indre strøk. Dette står i kontrast til særleg korleis tilhøva var på Sunnmøre, der mange gardar var delt i tre eller fleire bruk.

Fram til 1769 var det ulovleg for sjølveigarar å dele gardsbruka sine, og fram til då var husmannsordninga soleis ein måte bønder kunne ordne eit livsgrunnlag for til dømes yngre sysken. Med andre ord ser me at eigendomsstrukturen kan ha hatt betydning, særleg fråværet av godseininga der eigarane stod mykje friare til å bruksdele.

Som me alt har sett var det på Nordmøre frå og med 1600-talet relativt stort innslag av bonde- og borgargods. Til ulikskap frå Romsdal og Sunnmøre der godseininga gjorde seg gjeldande. Denne utviklinga auka i form av at fleire og fleire bønder var sjølvrådande på gardane sine. Parallelt med sjølveigarbøndene auka også husmannsordninga. At det også vart fleire husmenn på Nordmøre etter 1769 - då det vart lovleg å dele garden - tyder på at dette var ei ordning sjølveigar-bøndene føretrekte.

Døme på tidleg bondepolitikk

Ovanfor har me sett på nokre trekk av det kulturelle og sosioøkonomiske tilhøva på Nordmøre mellom 1600- og 1800-talet. Mykje talar for at det på Nordmøre fantes eit sosialt sjikt av bønder og eit anna sjikt av husmenn. Desse gruppene var gjerne avhengig av kvarandre økonomisk. I tillegg er det teikn på at pietismen kan ha slitt med å få tak, noko som kan ha bidratt til at i religiøs praksis var befolkninga framleis meir kollektivt enn individuelt - ansvaret låg framleis på presten og husfaderen/bonden. Kva føringar kan desse trekka ha lagt på politisk handling?

På 1700-talet var det politiske systemet langt på veg lukka. Det vil seie at politisk handling var avgrensa til opprør/aksjonar, brev/supplikkar og kanskje ein og annan ytring på ‘kyrkjebakken’.

På 1760-talet vekte innføringa av ekstraskatten mykje misnøgd blant den norske befolkninga. Denne misnøgd tok nokre stader form som opprør og aksjonar. I Romsdals Amt var det fleire hendingar som kan omtalast som bondeopprør på denne tida. Når det gjeld Sunnmøre og Romsdal er desse omtalt som mindre grupperingar som aksjonerte mot den lokale futen, som i tillegg til embetsrolla si også var næringsdrivande og godseigar. Som nemnt var det større godseiningar i desse futedøma, enn kva tilfelle var på Nordmøre.

Når det gjeld døme på bondeaksjonane på Nordmøre i denne tida er desse omtala som vel-organiserte og kollektive. Til dømes: I 1762 nekta heile befolkninga på Nordmøre å betale skatt. Dette tyderat ein gjennomgripande mobilisering har gådd føre seg. Dette underbygg tolkinga om at det på Nordmøre i denne tida fantes eit sosialt lag av bønder, som hadde vilje til å sette seg opp mot myndigheitene, og i tillegg hadde autoriteten til å dra med seg alle skatte­betalarane på aksjonen.

1814 og den nye valordninga

Dei politiske spelereglane vart endra i 1814. No fekk bøndene røysterett – kvar bonde som kvalifiserte seg for valsystemet fekk éi røyst. Men dei kvalifiserte ­måtte aktivt gjere seg berettiga, før dei fekk nytte røysteretten på valdagen. Dimed måtte bøndene sjølv gjere seg i stand til å delta i politikken. Dette hadde også ein lokal konsekvens, då antal valmenn som kunne veljast frå eit prestegjeld avhenga av kor mange av røystekvalifiserte som hadde gjort seg røysteføre. Med andre ord la valsystemet til rette for lokal mobilisering og innbyrdes konkurranse mellom ulike prestegjeld innanfor amtet.

Romsdals Amt under eitt skil seg ut i ­Noreg med særs høg valdeltaking. Høg valdeltak­ing er eit teikn på at det føregjekk mobilisering. Brote ned på futedøma, var det Nordmøre som hadde den høgste valdeltakinga, om ein ser på avgitte røyster i prosent av røystekvalifiserte i 1835. Dette tyder på at mange var kvalifiserte til å røyste, desse gjorde seg røysteføre og, ikkje minst, nytta dei røystretten sin under valet. Desse tendens­ane gjorde seg gjeldande dei neste åra, og Nordmøre var futedømet med høgst valdeltaking i prosent av røystekvalifiserte.

Slik ser me at det truleg gjekk føre seg ei sterk politisk mobilisering på Nordmøre. Eitt namn lysar sterkare enn andre i denne samanhengen - John Nergaard. Nergaard haldt til i Rindal/Surnadal, og det var særleg i dette området valdeltakinga vart høgst. Eit liknande tilhøve var truleg gjeldande i Volda- og Ørsta-området på Sunnmøre, der Aarflot-familien kan ha fungert som lokale agitatorar og ‘piska opp’ valdeltaking.

På det lokalpolitiske planet opna formannskapslova av 1837 for at ein kunne velje representantar til ulike lokale styringsorgan. Særleg var embetsmenn og prestar ‘sjølvskrivne’ medlem av slike organ. Ser me på desse tilhøva i Romsdals Amt i tidsrommet 1838 og 1864 utgjorde bønder 77 prosent av lokal­styret på Sunnmøre, 84 prosent i Romsdal og 68 prosent på Nordmøre. Dette kan indikere at den politiske mobiliseringa hadde ulike mål: Kanskje var det på Sunnmøre meir fokus mellom bøndene på å ‘kuppe’ lokalpolitikken frå embetsmenn og prestar, medan bøndene på Nordmøre i større grad sikta mot det rikspolitiske. Med andre ord, ein sterk bondestand såg ingen ‘trugsel’ frå ­lokale embetsmenn.

Ut frå desse døma på politisk handling kan me konkludere med at bøndene på Nordmøre var på mange måtar radikale og standsbevisste. Nordmørs-bøndene greidde truleg å koordinere større delar av lokalbefolkninga. Vidare var dei røysteføre bøndene særs aktive då dei fekk røystrett i første halvdel av 1800-­talet, noko som tyder på sterk lokal mobilisering og stor interesse for rikspolitikk - kva som vog sterkast av desse forklaringane er meir usikkert.

Sivilsamfunnet og utviklinga fram til 1905

Nasjonalistisk folkeopplysning

I dei siste to tiåra av 1800-talet og fram til 1905 gjennomgjekk Noreg eit politisk systemskifte. Historikaren Jens Arup Seip karakteriserte denne utviklinga som ein "glidende revolusjon". Ein anna markant norsk historikar - Jostein Nerbøvik - har særleg trekt fram 1890-talet som eit viktig vendepunkt: no vart befolkninga meir bevisst på å vere del i nasjonen Noreg.

Bevisstgjeringa av det nasjonale kan mellom anna sporast tilbake til midten av 1800-talet og ‘folkeopplysningsrørsla’. Dei norske folkeopplysarane ville samle befolkninga rundt nasjonal-symbol. Desse symbola skulle no vere verdslege meir enn religiøse, til dømes sagatida i Noreg. Skulelova av 1860 og innføringa av ­
P. A. Jensens lesebok i 1863 er døme på verdsleggjeringa av skule­systemet, og var begge viktig utviklingstrinn i nasjonsbygginga.

Ein sentral personlegdom i ‘opplysningsrørsla’ i Noreg var Ole Vig. Særleg interessant i vår samanheng er at Vig jobba som lærar i Kristiansund i ei formativ periode av sitt 33 år lange liv.

Vig arbeida som lærar ved allmugeskulen på Kirkelandet (Kristiansund) i åra mellom 1845 og 1851. Vig syntest skuleleiinga var for hardhendte med ­elevane og foreldra, noko som skal ha forma Vigs motstand mot bruken av tvang i skulesystemet.

I Kristiansund skal Vig ha vore aktiv i hand­verkarforeiningar, særleg som ­føredragshaldar. Desse føredrag vart seinare utgjeve i form av boka ‘Liv i Norge’. Dette tyder på at Vig i byen både fant tilhøyrar for sine tankar, samt eit forlag som var villig til å trykke boka (O. Jullum forlag i Kristiansund).

Ole Vig er rekna som ein føregangsmann og inspirator for folkehøgskulerørsla i ­Noreg. Den første norske folkehøgskulen vart etablert i 1864. Dei komande åra vart dei etablert ei handfull nye skular rundt om i Noreg. Ein av desse pionerskulane var ein folkehøgskule i Todalen i åra mellom 1869 og 1872, drifta av Sæmund Vik frå Frei. Vik skal ha styrt folkehøgskular fleire stader på Nordmøre, og skipa ein ny skule i 1881 i Aure på oppmoding frå ei allmugeforeining.

Fleire frå Nordmøre markerte seg i dei tidlege åra av folkehøgskulerørsla: ­Daniel Knutsen Sæter frå Halse og Ole Kristian Kuløy frå Edøy dreiv folkehøgskular i Trondheim-området på 1870-talet. Kuløy skal i ungdomen ha blitt påverka av bøkene til Ole Vig.

Desse tre nordmøringane var alle aktive innan folkehøgskulerørsla, men dei hadde også to andre interessante fellesnemnarar: dei var bondesonar og dei var politisk radikale.

Slik ser vi døme på "folkeopplysninga" kring midten av 1800-talet: Ole Vig vart forma av tilhøva i Kristiansund. Vig vart ein markert personlegdom i folkeopplysninga i Noreg. Inspirasjonen av Vigs arbeid fekk utlaup hjå fleire yngre nordmøringar. Folkeopplysninga og folkehøgskulane leda an i den nasjonale bevisstgjeringa på 1800-talet.

Dei politiske partia og kulturelle skillelinjer

Gjennom 1870-talet byrja skilnadene mellom venstresida og høgresida å mani­festere seg i konkrete parti. Framveksten av ein fastare partistruktur i politikken hadde samanheng med eit stadig meir polarisert politisk klima, der særleg Venstre pressa på for å skiple maktbalansen ovanfor regjering og kongen til fordel for Stortinget. At tilhøva i Stortinget fekk meir betydning gjorde også at det vart viktigare å få inn ‘riktige’ representantar, noko som då auka partimobiliseringa ved stortingsvala.

Partiet Venstre var ein koalisjon av fleire indre grupperingar, som sakte men sikkert hadde mindre til felles. Soleis vart Venstre kløyvd i to retningar i 1888: "Reine venstre" som i hovudsak var oppsett på å utvide røysteretten og oppløyse unionen med Sverige, og "Moderate Venstre" som var mindre radikal og i hovudsak eit parti som representerte dei låg-kyrkjelege miljøa på Vestlandet.

Ser me på stortingsvalet i 1885, fekk Venstre 83 prosent av røystene på Nordmøre. I 1891 - altså etter kløyvinga av Venstre - vart radikale "Reine Venstre" føretrekt på Nordmøre. Til samanlikning var "Moderate Venstre" ­venstrepartiet føretrekt på Sunnmøre.

Desse parti-preferansane kan underbyggjast om me ser litt på dei politiske aspekta ved lekmannsrørsla i denne tida. I 1868 vart Den Norske Luther­stiftelsen etablert. Organisasjonen var i røynda ei underavdeling av Statskyrkja og freista å samle låg-kyrkjelege miljø innanfor statskyrkjelege rammer.

På Nordmøre vart det stifta ei Indremisjonsforening i 1885, og denne skal ha hatt eit forsonleg forhold ovanfor Lutherstiftelsen. Igjen er ulikskapen størst til indremisjonen på Sunnmøre, som var kritiske til Lutherstiftelsen og arbeida for å etablere ei vestlandsk indremisjonforening. Denne vestlandske organisasjonen skulle vere eit alternativ til Lutherstiftelsen, og i større grad legge til rette for lekfolk på kostnad av prestane.

Eit vestlandsk alternativ til Lutherstiftelsen vart ein realitet i form av Det Vestlandske Indremisjonforbund etablert i 1898. Saman med sunnmøringane meldte også Romsdals indremisjon seg inn i det vestlandske forbundet. På Nordmøre vart indremisjonen kløyvd: nokre foreiningar meldte overgang til den vestlandske organisasjonen, medan ein del vart verande i ­Lutherstiftelsen. Dette kan soleis tyde på at lekmannsrørsla på Nordmøre var mindre ‘radikal’ enn ho var på Sunnmøre og i Romsdal. Dette kan vidare tyde at lekmanns­kristendomen gjorde seg mindre gjeldande som påverknadskraft ­Nordmøre, noko også preferansane for det "reine" Venstre, heller enn det "moderate" kan underbyggje.

Skyttarrørsla

Dei politiske tumultane i 1870- og 1880-åra med både vetostriden og riksretten mot Selmer-ministeriet, bidrog til at mistankane mellom Venstre og Høire ­eskalerte: partane frykta både borgarkrig og statskupp. Venstres forsikring mot eit eventuelt statskupp var å knytte seg til folkevæpning- og skyttarlag. Desse foreiningane/laga skulle fungere som ein milits lojal ovanfor Venstre.

I 1882 vart "Møre og Romsdal folkevæpningssamlag" etablert. Allereie første året meldte ti lag frå Nordmøre seg inn i fellesforeininga. I Romsdal meldte det seg også inn ti lag, medan på Sunnmøre var det berre to lag som meldte seg inn. Dei neste åra meldte det seg inn relativt få lag i alle futedøma, før ei ny innmeldingsbølgje i 1887, dette kan henge saman med rikspolitiske ­hendingar. I 1887 vart den offisielle hæren reformert slik at militæret vart meir desentralisert, og slik kunne fungere meir som eit forvar for heile landet. Denne reforma gjorde skyttarlaga mindre radikale, sidan hæren no i røynda "etterlikna" rolla skyttarlaga hadde hatt som lokale militsar.

Denne av-radikaliseringa av skyttarørsla kan me truleg sjå att i ei ny bølgje av innmeldingar til fellesforeininga for Møre og Romsdal: Frå og med 1887 ­meldte det seg inn 10 nye lag frå Nordmøre. 8 frå Romsdal og 9 frå ­Sunnmøre.

Særleg interessant i denne utviklinga er at Nordmøre (og Romsdal) fekk ­mange skyttarlag då rørsla var radikal, medan Sunnmøre kom etter først då rørsla vart meir eller mindre fasa inn i den nasjonale militær-ordninga.

Den frilyndte ungdomsrørsla

Dei frilyndte ungdomslaga utgjorde ei anna rørsle som såg dagens lys på enden av 1800-talet. Rørslas kjernesaker var bygd opp kring nasjonal fridom: politisk frigjering frå unionen med Sverige og kulturell frigjering frå påverknaden frå Danmark. Lekmannsrørsla er gjerne trekt fram som ein annan grunn til at frilyndte ungdomslag vart skipa, då som ei verdsleg motvekt mot pietisme. Eit anna viktig poeng er at radikalismen rørsla synte i etableringsfasen vart mindre påtrengande etter 1900, då den vart meir forsonleg ovanfor kristendomen.

Slik forstått var ungdomsrørsla ein del av den radikale tradisjonen i Noreg, særleg knytt til bonde-mobilisering, skyttarlag og den "reine" fløya av ­Venstre. Som me alt har sett kan ein argumentere for at Nordmøre stilte sterkt innan­for denne tradisjonen, men korleis stilte nordmøringane seg til den frilyndte ungdomsrørsla?

I arbeidet med meir sjølvstyre ovanfor Sverige freista norske politikarar å etablere eit norsk konsulatvesen. Dette arbeidet mislykkast sommaren 1895, då norske politikarar ga etter for Sveriges misnøye med norsk separatisme. Dette tilbakefallet i arbeidet med politisk frigjering frå Sverige, gjorde at Venstre ville skape meir folkeleg engasjement for unionsoppløysing. Dette førte til at ­Venstre såg på ungdomsrørsla som ein rekrutteringsplattform for slike haldningar.

Hausten 1895 vart Nordmøre Ungdomssamlag stifta. Med andre ord vart ungdomsrørsla freista mobilisert i etterkant av nyorienteringa for unionsmotstanden same sommaren. På skipingsmøtet vart lovene for laget skrivne, og der vart det slått fast at samlaget skulle arbeide for "opplysning" og "forståing" for tidsaktuelle saker.

Eit blikk på kven som tok initiativ til samlaget syner også at det var venstre­politikarar på Nordmøre som no tok i eit tak. Særleg interessant er å merke seg at den første formannen i samlaget - Jonas Hestnes - i tillegg til å vere redaktør for venstreavisa Romsdalsposten, var leiar av "Romsdals Amts venstreforening".

På skipingsmøtet vart det vedtatt at deltakarane skulle dra ut til bygdene og etablere ungdomslag, slik at ein året etter kunne foreta ei meir konkret ­organisering. Året etter var det i alt 20 lokallag innmeldt i samlaget. Ifølgje møte­protokollen hadde verksemda i det føregåande året vore "ubetydligt", men styreleiinga hadde stått for noko føredragsverksemd.

Slik ser me at mobiliseringa i 1895 gav frukter året etter gjennom nye lokallag, men truleg eksisterte nokre av desse også før samlaget vart skipa.

Den friske starten i Nordmøre Ungdomssamlag dabba noko av, og det var ikkje arrangert møte i laget i åra mellom 1896 og 1899. Av dei 20 laga som var innmeldt i 1896, møtte berre ni til møtet i 1899. Ikkje nok med det, så meldar styret at arbeidet ogso no har vore "ubetydeligt" og at det gjekk trått med føredragsverksemda grunna låg interesse frå lokallaga. Trass vanskelege arbeidstilhøve var føredragsverksemda framleis eit av samlagets satsingsområde i åra kring 1900.

Noregs Ungdomslag vart skipa i 1896, og Nordmøre Ungdomssamlag sendte ei støtteerklæring i høve etableringa. Ei formell innmelding vart ikkje gjort før i 1899.

I dei første åra etter 1900 føregjekk ei nyorientering innanfor Noregs Ungdomslag. Nye leiarar på riksplan gjorde det kristne innslaget meir fram­tredande i organisasjonsarbeidet. Denne vendinga var også tydeleg i arbeidet til Nordmøre Ungdomssamlag: Til dømes byrja styret å arrangere meir religiøse føredrag, samt at prestar fekk tale på ungdomsstemna.

Til samanlikning fekk ungdomsrørsla større oppslutnad på Sunnmøre og i Romsdal. Særleg store ungdomsstemne med særs stort oppmøte karakteriserte rørsla i dei to sørlegare futedøma av amtet. Vidare var det kristne innslaget i rørsla meir markert i desse avdelingane av ungdomsrørsla, særleg på Sunnmøre.

1905 – unionsoppløysing og styreform

I august 1905 vart det arrangert folkerøysting om å oppløyse unionen med Sverige. Av dei som røysta ønskja 99 prosent at Noreg no skulle stå på eige hand. Ein annan sentral hending dette året var folkerøystinga om styreform. Prins Carl ville ha eit folkerøysting om folket ville ha han som monark, før han aksepterte tilbodet om å verte norsk konge. Eit ‘nei’ til monarkiet betydde i realiteten at ein ønskja at Noreg heller skulle vere ein republikk.

 

Nordmøre

Romsdal

Sunnmøre

Romsdals Amt

Noreg

Landsbygda 36 20 11 21 20
By 29
(Kristiansund)
14
(Molde)

18
(Ålesund)

19 23

Andel nei-røyster i prosent.

Ut frå tabellen ser me at relativt mange nordmøringar ikkje ønskja seg noko monarki, og då truleg heller føretrekte ei republikansk ordning av Noreg. Både når det gjeld røystene frå landsbygda og dei frå byen låg Nordmøre godt over gjennomsnittet for resten av amtet, men også for Noreg i heilskap. Særleg indre strøk av Nordmøre skal ha skilt seg ut med stor andel av nei-røyster.

Konklusjon

Avslutningsvis skal me sjå tilbake til utgangspunktet for denne teksten: Fantes det ein politisk kultur på Nordmøre og i tilfelle korleis kan ein forklare framveksten av denne?

I gjennomgangen av tilhøva mellom 16- og tidleg 1800-tal såg me at særleg bondestanden markerte seg på Nordmøre. Truleg greidde framståande bønder å mobilisere både andre bønder og lokalbefolkninga. Desse bøndene var økonomisk sjølvstendige, og hadde autoritet i lokalsamfunn som stadig var meir orientert mot det kollektive enn det individuelle.

Me har sett at i andre halvdel av 1800-talet fekk politikk utlaup i form av sekulære og folkelege haldningar. Først ut var fleire personar aktive i leiarsjiktet av folkeopplysning- og folkehøgskulerørsla. Det var også freistnader på folkehøgskular, som då truleg hadde elevar frå fleire stader i futedømet. Folkelege og beint fram republikanske haldningar gjorde seg gjeldande i skyttarørsla. Som me såg var det mange skyttarlag på Nordmøre. Ungdomsrørsla følgjer i det same ideologiske sporet. Eit samlag for ungdomslaga var etablert av venstre­politikarar i etterkant av unionsnederlaget i 1895. Litt overraskande er det då at interessa frå lokalbefolkninga var låg ovanfor ungdomssamlaget.

Ved valet om monarki i 1905 stilte flesteparten av nordmøringane seg positiv til den komande kongen. Men samstundes var andelen nei-røyster rimeleg stor, og godt over det som var tilfelle dei fleste andre stader i Noreg. Dette tyder på at republikanske sympatier var utbredt på Nordmøre.

Mykje tydar på at det over lang tid var ein politisk kultur på Nordmøre. Denne kulturen var gjennom 17- og 1800-talet prega av sjølvrådande bønder og bondesonar. Desse bøndene stod gjerne for folkelege haldningar og vilje til å delta i rikspolitikken, då gjerne med brodd mot dei som sat med makta i hovudstaden. Me har sett på både religiøse og økonomiske faktorar som kan ha lagt til rette for dette.

At interessa var låg for ungdomsrørsla fram til 1905 kan kanskje forklarast ved at politisk aktivitet fekk utlaup gjennom dei betre etablerte skyttarlaga. Ungdomsrørsla kan også syne oss eit vendepunkt. Ein annan mogeleg forklaring er at lokalbefolkninga ikkje i same grad som tidlegare støtta tiltaka og sakene til lokale autoritetar som bønder og politikarar.

Dette kan soleis peike mot ei endring i den politiske kulturen på Nordmøre kring 1900, ved at den radikale ‘bonde-republikanismen’ me har sett døme på, mista oppslutning i lokalsamfunnet. Svaret på dette kan kanskje sporast til moderniseringa som no tok til med auka styrke i Noreg, samt den gryande påverknaden frå arbeidarrørsla.

Kilder

Aarflot, A. (1967) Norsk Kirkehistorie. Bind II. Oslo: Lutherstiftelsen.

Bjørklund, Tor. (1999) Periferi mot sentrum. Landsomfattende folkeavtemninger i Norge. Oslo: Institutt for samfunnsforskning.

Bjørkvik, H. og Holmsen, A. (1972) Kven åtte jorda i den gamle leiglendingstida? Fordeling av jordeigendomen i Noreg i 1661. Trondheim: Tapir Forlag.

Dyrvik, S. (2011) Norsk historie 1536-1814. Vegar til sjølvstende. Oslo: Det Norske Samlaget.

Døssland, A. (1990) Med Lengt Mot Havet. Fylkeshistorie for Møre og Romsdal. 1. 16711835. Oslo: Det Norske Samlaget.

Døssland, A. (2003) Bønder, bøker og politikk. Samanheng mellom skriftkultur og politisk mobilisering i Noreg på 1800-talet. Historisk Tidsskrift, 82, s. 141-161.

Døssland, A. og Løseth, A. (2006) Lokalmakt og sentralmakt, periferi og sentrum. I: Helle, K. red. Vestlandets Historie. Samfunn. Bind 2. Bergen: Vigmostad Bjørke, s. 248-295.

Fet, J. (1995) Lesande Bønder. Litterær kultur i norske allmugesamfunn før 1840. Oslo:
Universitetsforlaget.

Fet, J. (2015) Den gløymde litteraturen. Gamle bøker og skrifter i privat eige på Sunnmøre. Oslo: ­Samlaget.

Hals, O. (2005) 1905 på Nordmøre. I: Hasle, K.A., Hyvik, J.J. og Tafjord, H.E. red. Lokale røyster i 1905. Unionsoppløysinga i aviser på Nord-Vestlandet. Volda: Høgskulen i Volda, s. 165-188.