Regionalt pilegrimssenter på Edøy, Smøla

Regionalt pilegrimssenter på Edøy, Smøla
Gurisenteret. Smøla. Fjordnorway.Com

Offisielt opna måndag 1.juni 2020

REGIONALT PILEGRIMSSENTER PÅ EDØY, SMØLA 

Dette er det tredje regionale pilegrimsenteret langs Kystpilegrimsleia som vert opna av i alt fire slike senter.

Kystpilegrimsleia – er reise som rører

Kystpilegrimsleia går frå Egersund til Trondheim, og det er totalt 26 nøkkelstader langs leia, som er stadar med stor kulturell og historisk interesse. Kystpilegrimsleia er ein godkjent Europeisk kulturveg.

Ei spektakulær og vakker reise langs kysten med fjord, øyar, holmar og skjær - ei saga frå viking til pilegrim. Du kan lesa meir om Kystpilegrimsleia på pilegrimsleden.no. Der finn du også meir om dei andre åtte godkjende pilegrimsleiene i Noreg.

Regionalt pilegrimssenter Smøla skal bidra til å koordinere reiser mellom dei 11 nøkkelstadane i dei to fylka Møre og Romsdal og Trøndelag. Regionalt pilegrimssenter Smøla vil ha til oppgåve å legge til rette for hjelp og støtte til pilegrimar, næringsliv, organisasjonar og interessentar ved nøkkelstadane i Trøndelag og Møre og Romsdal. Dei 11 nøkkelstadane er: Herøy med Herøy kyrkje og Herøy Kystmuseum, Borgund, Giske, Veøya ved Molde, Kvernes på Averøy, Smøla med Edøy gamle kyrkje og Kulisteinen, Hitra med Dolm middelalderkyrkje og Hopsjø handelssted, Frøya med Sula, Ørland med Ørland kyrkje og Åustråttborgen, Reins kloster og Museet Kystens arv i Indre Fosen og Nidarosdomen.

Audhild Mork er nyleg tilsett som prosjektleiar i 50% stilling ved Regionalt pilegrimssenter Smøla. Senteret er organisert under Nordmøre museum

Regionalt pilegrimssenter Smøla er etablert ved Gurisenteret på Edøy, Smøla. Her kan du vandre til Gamle Edøy Kirke, Kulisteinen, Edøystjerna og Vikingskipet.

Regionalt Pilegrimsenter Smøla vil vere ope frå 20. juni – 20. august. Les meir om pilegrimssenteret her.

Om nokon kan tenke seg å ta pinsehelga på Smøla, så vil vi verkeleg anbefale det!

Gå inn på opplevsmola.no, der finn de både overnattingsmoglegheiter, matservering og opplevingar. gurisentret.no

Hjarteleg velkomne til Smøla!

Scroll til toppen