Om å dyrke det spesielle: Myrmuseet som nasjonal ambisjon

Av Ståle Tangen

Om å dyrke det spesielle: Myrmuseet som nasjonal ambisjon
Myrull på Smøla. Foto: Dordi Mogstad

Nordmøre museum skal forvalte og formidle kulturarven vår på brei basis. Det er inga avgrensing til smale tema og ingen tema er ekskludert. Men vi held oss helst til den nordmørske kulturarven, eller forhold som er knytt til regionen. Med eit lokalt utgangspunkt vil vi femne breitt og ha med alt som kan medverke til identitetsbygging. Med eit bilde frå medisinen er dette museal allmennpraksis.

Ei avdeling av stiftinga Nordmøre museum som bryt med dette mønsteret er myrmuseet på Moldstad. Det ber også namnet preg av: Norsk Myr-museum. Her er det ikkje regional avgrensing; felles norsk kulturarv er objektet. Poenget er at sjølv om mykje av det museet forvaltar og kan for-midle har lokal forankring, er det representativt ut over det lokale. Av-grensinga ligg i sjølve temaet, jamvel om også det er vidt nok med sin syn-tese av natur og kultur.
Andre eksempel på avdelingar som følgjer i same sporet med spesialisering og nasjonal ambisjon er Skimuseet i Rindal. Frå tidlegare har vi m.a. Geit-båtmuseet i Halsa og Norsk Klippfiskmuseum.

Tema for myrmuseet er myrdyrking, torvdrift, bureising og myrnatur. Innanfor historievitskapen er det, som i andre fag, spørsmål om årsak og verknad, ikkje minst legg vi vekt på å forstå effekt av ”push and pull” som drivkrefter i historia: Er det naud heime som forklarar utvandring, eller er det noko som lokkar der ute? Eller er det begge delar samstundes og i tilfelle i kva grad? Dersom vi ser på tematikken i myrmuseet i lys av om-grepsparet årsak og verknad framstår bureisinga i hovudsak som årsak til myrdyrking og torvdrift, medan temaet myrnatur nærast er ein spinnoff-effekt av kultivering av myr.
Om no bureisinga er årsaka, kva er/var då bureisinga, og kva var årsaka til bureisinga?

Eg skal i det følgjande prøve å vise litt av korleis historiske drivkrefter kunne få det resultatet av dokumentasjon, forvaltning og formidling vi ser på Moldstad. Korleis politiske og ideologiske føresetnader kunne finne svar i bureisinga, som altså vart årsak til kultivering av myr til avling og bren-sel, fenomen som nokon seinare fann det verd å ta vare på historia om. Her var det som vi skal sjå i alle høve både ”push and pull”.

Eit føremål med denne framstillinga er også å vise kor viktig det er å dyrke det spesielle i tillegg til det generelle for å fremje museet som robust in-stitusjon med berekraftig legitimitet. For å gjere dette er det nødvendig å drøfte korleis eit slikt museum kunne kome til på Smøla. Korleis kunne ein institusjon med akkurat ei slik tematisk avgrensing kome til i det heile?

Tematisk kulturarv på Moldstad, Smøla

”Smøla fikk sitt myrmuseum” var den velviljuge tittelen i Tidens Krav 3. juni 2005, dagen etter opninga av Myrmuseet. Realiteten var at føremålet med og føresetnaden for museet var nasjonalt. Noko lokalt eller regionalt orientert museum med dette temaet ville vore lite realistisk å få til, vanskeleg å finansiere og vanskeleg å grunngje fagleg. Vi kan derfor seie at Smøla fekk myrmuseum, men ikkje ”sitt (eige) myrmuseum”. Sidan det ikkje er andre samanliknbare institusjonar i landet vårt, må vi frimodig og med rette kunne bruke nemninga Norsk Myrmuseum.

Eit spørsmål vi kan stille oss er om vi på Nordmøre kan ta ansvar for forvaltning og formidling av kulturarv ut over det som gjeld regionen Nordmøre? Når vi stiller spørsmålet slik ser vi at noka eigendefinert avgrensing til vår region ikkje er nødvendig og heller ikkje er noko mål. Ikkje alltid. Snarare tvert om: Å ta for seg nisjer av felles kulturhistorie og å gå i djupna der er ein føresetnad for å utvikle og høgde ein fagleg kompetanse som også kjem ”allmennpraksisen” til gode.

Ser vi til grannane i sør har dei museumssamlingar for konfeksjon i Roms-dal og for møblar på Sunnmøre, som heller ikkje er verksemd eksklusivt knytt til desse regionane. I Trøndelag har dei også, og i minst like stor grad, nasjonale ambisjonar for museumsverksemd.

Attende til Smøla. Dei ytre og direkte årsakene til at arbeidet med myr-museet kom i gang er i korte trekk: I første del av 1990-åra var stiftinga Jordforsk eigd av fleire departement og landbruksorganisasjonar. Organi-sasjonen hadde sete ved dåverande Landbrukshøgskolen på Ås og med kontor i Molde og Bodø, med 1 tilsett kvar stad. Aktiviteten var prega av fagleg informasjonsverksemd retta mot landbruket. Jordforsk (etablert 1989) hadde utspring i Det norske jord- og myrselskap (etablert 1976), som igjen var bygd på det som då var att av Emigrasjonsselskapet/Sel-skapet Ny Jord (etablert 1908) og Det norske Myrselskap (etablert 1902).

Forsøksgarden på Moldstad, Smøla, vart nedlagd ved utgangen av 1994. Selskapet Ny Jord etablerte og dreiv forsøksgarden som sjølvstendig forsk-ingsinstitusjon frå 1937 til 1976, då institusjonen vart leigd ut til det som seinare vart heitande Planteforsk, og altså fram til aktiviteten vart avvikla i 1994.
Smøla kommune tok i 1994 initiativ til å finne framtidig bruk av Moldstad, eit arbeid der Jordforsk ved Anders Hovde var sentral. Anders er elles
identisk med den siste Myrfanten, eit fenomen omtalt på utstillingsplass både på Myrmuseet og på museumskontoret i Kristiansund.

Stiftinga Norsk Myrmuseum kom i stand i 1995 med ein kapital på kr 118.400. Jordforsk overdrog bygningar med 23 dekar tun og hage veder-lagsfritt til museet 01.01.1996.

Arbeidet med å førebu museum på Moldstad vart i stor grad finansiert ved pengetilskot og arbeidskraft frå stat, fylke og landbruksorganisasjonar. Mykje gjenstandsmateriale vart henta m.a. frå forsøksgarden på Mære (Nord-Trøndelag) og frå høgskolen på Ås (Akershus).

Lokal innsats og lokale tilskot var store og nødvendige, men ikkje åleine nok til å få til eit museum slik det vart. Det nasjonale engasjementet gjorde at museet kom til, og er også grunngjevinga for at det vart eit tema-museum på Moldstad.

Korfor myrmuseum?

Vi har nå kort gjennomgått korleis det gjekk til at museet vart etablert på Moldstad. Men korfor myrmuseum i det heile? Kva krefter ligg bak, og kva kan denne institusjonen formidle i notid og framtid?

Ein tese er at grunnlaget for myrmuseet er bureisinga, som sjølv var underlagt naturgjevne og teknologiske føresetnader i den aktuelle tids-epoken mellom dei symboltunge årstala 1905 og 1940. Den organiserte bureisinga er den kulturelle grunngjevinga, det menneskeskapte feno-menet som museet kviler på.

Spørsmålet blir då kva ideologi er det som sto for ”kickoff” og som dreiv myrsaka og bureisinga framover. Årsaker kan søkjast i mange fasettar og på fleire nivå.

Først ei presisering av omgrepet organisert bureising:
- felles dyrking av samanhengande område, som deretter vart delt i
- individuelle driftseiningar med sjølveigande bønder, der
- bruka skulle vere levebrød for ein familie. Foreldre og barn.

Altså kollektive verkemiddel for å oppnå eit individualistisk samfunn med like økonomiske vilkår der kvar familie eig sin eigen arbeidsplass.
Fenomenet bureising er kjent frå andre land, særlig frå Norden, men med ulik grunngjeving og med ulike uttrykk. Likevel er det mange likskaps-trekk, særlig med tilsvarande fenomen i Danmark og Sverige.

Kor omfattande var bureisinga?

Dyrka areal i landet i 1907 var om lag 7,7 mill. dekar. Den organiserte bu-reisinga utgjorde i alt 854.000 dekar fordelt på 375 bureisingsfelt og 3133 bruk med gjennomsnittleg areal på 273 dekar. Av dette sto Selskapet Ny Jord for 68 bureisingsfelt med i alt 241.000 dekar fordelt på 940 bruk. I Møre og Romsdal sto Selskapet Ny Jord for 17 felt med 57.000 dekar for-delt på 232 bruk. Storparten av bureisinga skjedde i perioden 1925-40. Vi må rekne med at om lag 20% av alle bruk fall i frå, dei fleste før 1945.

Det første feltet på Smøla var Frostadheia i 1930 med 8000 dekar og 24 bruk. Seinare kom Moldstad, Kongsvoll og Toppmyra til.

I mellomkrigstida var det i landet omlag 300.000 med jordbruk som viktig-aste næring. Vi fekk i denne perioden ca. 16.000 bureisingsbruk, av desse om lag 2500 eller ca. 15% som resultat av organisert bureising. Med to årsverk pr bruk blir sysselsetjingseffekten av den organiserte bureisinga ca. 5000 varige arbeidsplassar.

Korfor alt dette strevet med marginalt og lite lønsamt jordbruk i ei tid da framveksten av det moderne industrisamfunnet også hadde nådd våre kystar?

Ideologi som drivkraft

Organisert bureising er basert på ein kollektiv tenkemåte som må ha framstått som moderne i samtida. Politiske rørsler basert på ein kollektiv tenkemåte var i emning i Europa, særleg i Russland, Italia og Tyskland. Bureisinga var ein ide fram til ca. 1910, frå då av vart ho også politikk, etter krigen 1914-18 var tida inne for praktisk gjennomføring ved hjelp av moderne teknologi.

I vårt land vart verksemda eit uttrykk for vern mot det moderne ved hjelp av det moderne. Sagt på ein annan måte var den organiserte bureisinga ein konservativ moderniseringsstrategi med tradisjonalist-isk intensjon. Dei ville altså bruke moderne verkemiddel, ikkje for å bli moderne, men for å halde på det gamle! Og kven var ”dei”?

Drivkreftene kom frå samfunnets sentrum, den økonomiske og sosiale eliten. Det var ei førestelling om ei ærerik fortid før svartedauden midt på 1300-talet, og ei von om ei ærerik framtid, ein renessanse etter at landet vårt vart ein sjølvstendig nasjon i 1905. Nasjonsbyggingsprosjektet var å fylle gapet mellom fortid og framtid med saman- heng og meining, og dermed halde på myt-en om nasjonen som vakna etter hundreår under framandt åk. Ein samanheng vi kan spore er vegen frå Det norske Selskap i København frå 1770-åra via Selskabet for Norges Vel frå 1809 til Selskapet Ny Jord frå 1908. På eit vis vart den nye norske nasjonalismen fødd i eksilet i København med den vesle norske eliten både som mor og jordmor.

Det var nasjonsbygging eller statsbygging, og var naturleg fullt ut privat initiert og finansiert heilt fram til 1917, då offentlege penger etterkvart kom til.
Denne vesle eliten skipa Selskapet Ny Jord og ”fann på” bureisinga som organisert fenomen, medan bureisarane var vanlege landsens folk som trong eit levebrød og som valde bureisinga fordi det var eit økonomisk og rasjonelt val for dei. Eit døme på korleis det kunne vere er historia om bureisarguten Jon på Frostaheia, slik ho er formidla på Myrmuseet.

Det vil føre for langt her å gå inn på persongalleriet av mesenar og sosial overklasse. Eg vil likevel nemne to, sidan desse begge har tilknyting til Nordmøre:

Jacob Rosted Suur Walnum (1851-1925) var mellom dei som stifta Det norske Myrselskap i 1902. Teologen Walnum var styrar ved Svanviken gård på Eide. Omstreifarmisjonen hadde fått denne eigedomen av statsråd Astrups arvingar. Her var det 700 dekar dyrka myr. Walnum og Svanviken gård har kan hende fortent ein eigen artikkel.

Den andre er Hagbart Emanuel Berner (1839-1920), presteson frå Sunndal. Han hadde ei omfattande ”nasjonal” karriere: Cand. jur 1863 med laud og vel så det, stortingsmann for Venstre 1880-83 og tredje borgarmeister i Kristiania 1898-1912. Han grunnla Dagbladet og var første redaktør 1869-79. Han var mål-mann og medstiftar av Det norske Samlaget 1868, formann fram til 1977. Berner stifta Norsk Kvinnesaksforening (!) saman med Gina Krog i 1884, første formann (!) også her. I bu-reisarsamanheng opptrer Berner som eldre mann ei periode fram mot 1917-18. Han var det vi kan kalle emigrasjonsretorikar då denne retninga innanfor bureisarrørsla kulminerte. Ein fritenkjar utan formell posisjon, men viktig, og i ein viss forstand representativ ideolog. Som eldre mann framstår Berner som konservativ nasjonal romantikar, ettertidig vurdert nærast sentimental. Det var også Berner som ga Emigrasjonselskapet (Seinare Selskapet Ny Jord) namn på lands-mål: Selskapet til minsking av utvandringi.

Namneskiftet er ei historie for seg: Emigrasjonsselskapet vart til Selskapet Ny Jord i 1915, visstnok oppkalla etter Hamsuns roman frå 1893 for å passe inn i idé-regimet knytt til ”Muldens evangelium” med opphavsmyte (jorddyrking), syndefallsmyte (kapitalisme) og syndeflodsmyte (utvandring). Det var jorda sjølv som oppdrog og odla mennesket.

Tekstar Berner har etterlete seg frå denne tida må vi vurdere med sam-tidige auge. Då framstår det som velmeint og romantisk moralsk nostalgi, men med vekt på sterk polarisering mellom dei som gjorde det rette, og dei som ikkje gjorde det. I ettertid, når vi veit korleis nasjonale rørsler frå samtida kom til å utvikle seg blir det urettvist å vurdere den eldre Berner i etterpåklokskapens skarpe lys.

Nasjonale symbol frå tidleg 1900-tal er Fritjof Nansen som den nye Olav Trygveson, den urnorske atleten, Christian Michelsen som den nye Sverre Sigurdson, som tala utanlandsk overmakt midt i mot, og Isak Sellanrå hos Hamsun som symbolet på den på nytt oppvakna sjølvhjelpne frie norske bonden som odlast i eige slit.

For å forstå basisen, grunnlaget og grunngjevinga for eit myrmuseum, må vi forstå bureisinga. For å kome fenomenet organisert bureising meir inn på livet må vi kome til slutningar som kan kaste lys over problemstillinga; kva dette var, og korfor fenomenet framsto slik det gjorde. Altså ein teori om bureisinga. Det fell utanfor ramma for denne framstellinga å gjere systematisk greie for hypotesar og empirisk testing som eg har nytta i forsking på dette temaet.

Myrmuseet formidlar lokal og nasjonal mentalitetshistorie

Oppsummert kan vi slutte at ideen bak den organiserte bureisinga var privat, eliteprega, agrarnasjonal, nostalgisk og representerte ideologi i fleire fasettar. Men med ein felles grunntone. Ideologien vart bygd ut med syn på emigrasjon som alltid negativ, med trekk av rasetenking. Dette innebar at både utvandring og innvandring var eit onde. Etter 1918 minska preget av særeige ideologisk ankerfeste, og bureisinga gjekk meir opp i bonderørsla i landet. Det var nok, særleg etter revolusjonen i Russland i 1917, også ein understraum av revolusjonsfrykt som i seg sjølv var ei drivkraft for nydyrking og bureising.

Vi ser at den myteomspunne nydyrkinga og bureisinga i organisert form hadde sin nordiske arnestad på dei jydske hedene i 1870-åra. Drivkrafta var mytiske førestellingar knytt til nybrottsmannen og jorda, antiemi-grasjon og seinare matforsyning og sysselsetjing. Dei to siste momenta opna for breiare appell, og dermed offentleg støtte, sjølve føresetnaden for å setje ideane ut i livet i større skala. Det var ingen motsetnad mellom tradi-sjonalisme og modernitet, ny teknologi var akseptert som nødvendig verke-middel. Samstundes vaks det fram ein rik bureisarpoesi, som må ha medverka til felles identitet. Dette litteraturtilfanget er grunnlag for ei eiga framstilling.

Bureisinga vandra frå agrarnasjonal romantisk jordadel via antiemigrasjon til praktisk arbeid for sjølvforsyning av mat, sysselsetjing og til sist øko-nomisk-rasjonelt jordbruk. Ideane vart tekne av røyndomen og bureisinga vart eit meir trivielt element i bygginga av landet vårt slik vi kjenner det. Bureisinga var ein del av kriseforliket i 1935, då klassekampen vart avløyst av samarbeid for det nye velferdssamfunnet som vaks fram etter 1945.
Mentalitetshistoria om bureisarideologien er sentral i det myrmuseet kan formidle. Den er nordmørsk, men også nasjonal. Framveksten av ideane om å bygge landet for å vekke førestellinga om den gamle stolte nasjonen frå 400-årsnatta er ein del av den store forteljinga om hamskiftet i det gamle bondesamfunnet, det moderne gjennombrotet, nasjonsbygging og strevet for ein norsk identitet. Det heiter at nasjonalisme i alle former og fasettar, på alle nivå, representerer den mest formidable sosiale kraft, eit av mange uttrykk for dette var bureisinga i vårt distrikt og i landet.

Drenering og dyrking av myr til ny jord, og industriell torvdrift var verke-middel for å oppfylle draumen og å ta landet i bruk, å bygge den nye nasjonen. Det er dette vi gjerne vil vise på myrmuseet; kva som hende, korleis det gjekk til, og korfor nydyrkinga og bureisinga var så viktig at ho vart gjennomført både der det kunne gå bra og der det ikkje kunne gå bra. I ettertid veit vi at mykje av aktiviteten var basert på ideologi og von og skjedde trass i økonomiske og naturgjevne tilhøve som ofte ikkje låg til rette. Det kunne heller ikkje tilgang til moderne teknologi gjere noko med.

Litteratur:
Borgedal, Paul: ”En vurdering av statens støtte til nydyrking og bureising i Noreg”,
Norges Landbrukshøgskole, Ås, 1953 (Nå: Universitetet for miljø- og biovitenskap)
Hobsbawn, Eric J.: ”Nations and Nationalism Since 1780. Programme, Myth, Realities”, Cambridge University Press, Cambridge 1990
Statistisk Sentralbyrå: Historisk statistikk, Oslo 1968
Nielsen, May-Brith Ohman: ”Historiens røst”, artikkel i svensk Historisk Tidsskrift 122:2, 2002
Tangen, Ståle: ”Den politiske og ideologiske bakgrunnen for den organiserte bureisinga, foredrag ved opninga av Norsk Myrmuseum”, Smøla 2005
Tangen, Ståle: ”Bureising. Indre kolonisasjon og Selskapet Ny Jord i eit kulturhistorisk perspektiv”, NTNU, 1995
Tveitnes, Aksel: ”Den organiserte bureisinga i Noreg”, Særtr. av Jord og Myr 1983/85/86

Artikkelen er fra Nordmøre museums årbok 2011

Scroll til toppen