Ny dagleg leiar for Regionalt pilegrimssenter Smøla

 Ny dagleg leiar for Regionalt pilegrimssenter Smøla

Stiftelsen Nordmøre museum har tilsett ny dagleg leiar for Regionalt pilegrimssenter Smøla.

Ragnhild Godal kjem frå stilling som seniorrådgjevar ved Distriktssenteret, og har tidligare hatt ulike leiar- og koordinatorstillinger innan næring, kultur, reiseliv, samfunnsutvikling og utdanning. Ho tek for tida ein master i tradisjonskunst, og har frå før ein master i innovasjon og næringsutvikling, samt ein bachelor i natur og miljø, friluftsliv og folkekultur. 

Det vil kjennes meiningsfylt å få arbeide med kultur og kulturarv, vandring og friluftliv, folkehelse og bærekraftige lokalsamfunn og næringsutvikling, i møte med det søkende mennesket 
Ragnhild Godal

- Vi er svært glade for å få Ragnhild med på laget og veit at dette vil bidra til ei styrking og utvikling av kystpilegrimsleia med alle nøkkelstader i vår region og i samspel med dei andre pilegrimssentra og lokalmiljøa i regionen, seier direktør Eigunn Stav Sætre i Nordmøre museum. - Det vil også tilføre museet viktig og spanande kompetanse, og bygge opp under eit allereie sterkt og levande fagmiljø innan kulturarv og museumsfag. 

Godal tiltrer stillinga 15. september 2022, og vil ha kontor i Gurisenteret på Edøya i Smøla kommune. 

 

Scroll til toppen