Ny avdelingsleiar Nordmøre museum - avdeling Smøla

Stiftelsen Nordmøre museum har tilsett ny avdelingsleiar for Smøla museum

 Ny avdelingsleiar Nordmøre museum - avdeling Smøla
Då vår tidlegare avdelingsleiar gjennom mange år har gått over i pensjon, har vi no tilsett ny leiar for avdeling Smøla; Silje Gulstad. 
Gulstad kjem frå stillinga som museumspedagog ved Trastad Samlinger, Nasjonalt senter for Outsider Art ved Sør-Troms Museum. Dei siste ti åra har ho jobba ved ulike museum og har erfaring frå produksjon og formidling, kuratering, kommunikasjonsarbeid med vidare. Ho har ein Master i kulturminneforvaltning og ein Bachelor i Arkeologi, og vil bidra med viktig kompetanse og erfaring i museet framover. 
Vi ser fram til å ønske Gulstad velkommen 1. september 2022, og veit at ho vil bygge vidare på det viktige og gode arbeidet som tidligare avdelingsleiar, Rannei Botten har gjort på Smøla og i museet, ilag med lokalsamfunn og kommune.  
Scroll til toppen