Formidling på Fagerli skule

Av Ingvild Christine Ruland

Formidling på Fagerli skule
Bestyrerinnen og hennes elever på Fagerlia skule i Gjemnes. Lærer: Ingvild Ruland

Dei siste åra har det vorte nytt liv på Fagerli skule i Gjemnes. Skulen var bygd i 1886 som eit resultat av ”lov om allmueskolen på landet av 1860.” Skulen låg då i Tingvoll Sørland. Til undervisninga ved Osmarken/Fagerli Kreds kom det ungar frå gardane Aspås, Blikås, Åbak, Fager­lid og Vatn. Seinare fekk desse marka­­­grendene namnet Fagerli skulekrets.

Det føregjekk undervisning i skulen fram til 1961, då den udelte kretsen vart inndratt til Angvik. I skule­året 61/62 var det fram­haldsskulerom for Sør­landet. Etter dette vart huset nytta til privat bu­stad, før det vart skule­museum i 1980.

I 2010 blir det pedagogiske opplegget tilrettelagt utifrå alder og føresetnader til elevane. Den yngste som har vore på eit pedagogisk opplegg var to år gamal, og vi har hatt besøk av tidlegare skule­elevar som no er komen opp i 90-åra.

Sentralt i formidlinga står sjølvsagt kristendomsunder­visning og salme­song, lesing, skriving og rekning. Her får elevane prøve blekk og penn, tavle og griffel.

Det som barna synest best om er friminutta. Då trillar vi bandhjul, leiker med ball, kaster på stikka, hopper tau eller held på med song­leikar. Det er uendeleg mange leikar å halde på med, men skule­dag­en går så alt for fort.

Artikkelen er fra Nordmøre museums årbok 2010

Scroll til toppen