Formidling av leikar

Av Ingvild Christine Ruland

Formidling av leikar
Lekegruppa Kristiansund. Foto: Ingvild Ruland

Formidling av leiker frå første halvdel av 1900-talet

Mange lurer på kva leikar foreldra, besteforeldra og oldeforeldra våre leika. Nokre av leikane er vanlege i dag, andre er meir ukjente. Den dag i dag hoppar ungane tau og paradis, slår ball, leiker gøyme og leite og sisten, boksen går eller leiker med klinkekuler. Dette er gamle leiker som har blitt leika i mange, mange tiår.

”Lekegruppa” ved Nordmøre Museum er ein gjeng spreke pensjonistar frå Kristiansunds-området som sidan 2001 har arbeidd aktivt med å ta vare på kunnskapen om gamle leikar frå mellomkrigstida og framover. Dette er leikar som bandhjul, nix, klekka, songleikar og balleikar. Lekegruppa ved Nordmøre museum formidlar så vidare desse leikane. Det er vanskeleg å slå fast kor gamle dei leikane dei formidlar er, men medlemmene hadde sin barndom før og under andre verdskrig. Mest sannsynleg har leikane vore leika uendra sidan 1800-talet og fram til etter andre verdskrig.

Opp gjennom tida har familiestrukturen og talet på barn pr familie vore med på å påverke korleis barn lærte å leike. I storfamilien fekk dei små lære av dei store, og besteforeldra hadde meir tid til å overlevere den kunnskapen dei sat på. Også skulen har vore ein stad for overføring av barnekultur. På skuleplassen fekk dei minste først observere dei store, seinare fekk dei vere med på ”kjøt og flesk”. Dette betyr at dei får vere med i leiken, men med enklare reglar tilpassa deira nivå. Etter kvart som ungane vart større og greidde reglane fekk dei delta i leiken på like premissar som dei andre. Dette er illustrerande for korleis barnekulturen blir tilpassa dei som deltek.

1900-talet blir kalla for barnet sitt hundreår. På mange måtar vil eg også kalle det leiken sitt hundreår. Ungar har leika til alle tider, men det er berre frå 1800- og 1900-talet vi har god dokumentasjon. Her har vi avgrensa oss til ein epoke – første halvdel av førre hundreår. Dette har vi gjort fordi tradisjonsberarane våre voks opp i denne tida. Museets informantar gjennom Lekegruppa hadde sin oppvekst i første halvdel av 1900-talet. Dei ungane vi formidla til har sin oppvekst på 2000-talet!

I den tida Lekegruppa var barn var det vanleg at barna hadde plikter og måtte arbeide. Det var stort skilje mellom jentearbeid og gutearbeid. Jentene måtte hjelpe til med å vaske klede og hus, hente vatn og liknande. Gutane hogde og bar inn ved, snekra og fiska. Budde dei på gard, måtte både gutar og jenter hjelpe til med gardsarbeidet. I byene var gutane ofte brukt til å selje aviser, springe ærend og til å levere formiddagsmat til far på arbeid (suppespann etc.). Likeeins var det eit tydeleg skilje mellom jenteleikar og guteleikar.

Barnearbeid

I Kristiansund måtte mange av barna arbeide på fiskeberga. Tørke torsk til klippfisk var vanleg barnearbeid. Heilt opp til 1960-talet var klippfisk­arbeid gyldig fråværsgrunn på Gomalandet barneskole og syner protokollar som blir oppbevart på Nordmøre museum. Utover på 1900-talet blei det mindre barnearbeid, folk fekk betre råd, og på slutten av 1800-talet var det komen ei fabrikklov om at ungar under 12 år ikkje skulle arbeide i fabrikk. Dermed fikk mange barn meir fritid sjølv om timetalet i skulen blei auka samstundes.

Synet på barn hadde endra seg, ein slutta å sjå på dei som miniatyrar av vaksne, og i løpet av 1900-talet fekk barna sin eigenverdi. Før det hadde den første alderen 0-7 år bare blitt sett på som eit stadium der ein venta på at ungane var store nok til å hjelpe til, gjerne frå 7-års alderen. Allereie som 14-åringar, ved konfirmasjonen, blei dei sett på som vaksne. No vart synet på barndom endra og ga barna større rom for leik. Det var mest vanleg at barna leika ute.

Kunnskapen om leikane er no i ferd med å forsvinne. Det er særs viktig å formidle vidare denne kunnskapen og dugleiken til dagens skulebarn. Noko av utfordringa er å gjere ”oldefar sine leiker” tilgjengelege i levande tradisjon. Lekegruppa og dei tilsette ved Nordmøre museum i Kristiansund har sidan 2001 delteke på aktivitetsdagar i skule og barnehage. Dei har hatt kurs for lærarar slik at dei igjen kan vidareføre kunnskapen til skulebarna og Lekegruppa har arbeidd med eit større formidlingsprosjekt som vi skal sjå nærare på her.

Ta den ring

Våren 2008 fekk Nordmøre museum og Rensvik skole midlar frå ”Den kulturelle skulesekken” til prosjektet ”Ta den ring”. Vi skulle dokumentere og formidle vidare gamle songar og gateleiker frå Kristiansund frå første halvdel av 1900-talet. Dette har vore eit stort og omfattande arbeid som har vore utført i perioden 2008-2010. Vi er særs stolte av å presentere det ferdige produktet.

Produktet ”Ta den ring” består av 4 ulike delar som utgjer ei samla pakke:

DVD som viser heilt konkret korleis dei gamle lekane blei gjennomførte. Skodespelarane er elevar frå Rensvik skole. Også medlemmer frå Leke­gruppa deltek.

CD 1 med innspeling av gamle songar og songleikar. Her har også Leke­gruppa og elevar frå Rensvik skole vore med.

CD 2 med nokre utvalde songar frå CD 1 som Rune Tylden har gjenskapt til moderne form. Elevar ved Rensvik skole står for songstemmene.

Hefte med notar, tekstar, rim og regler, ellingar, reglar for leikar og hist­orisk bakgrunn for leiken. Denne er laga a la ”Kor arti” med notar på ei side og tekst på den andre. Her er spiralisert rygg, slik at den er lett å kopiere å bruke t.d. i skulen. Også sjukeheimar har kjøpt produktet som er eit flott tilbakeblikk til då dei eldre var unge.

Det er lærarar ved Rensvik skole som har tatt opp lyd til cd og filma aktiviteten. Det vart arrangert frisleppkonsert, og 3. og 4. mai deltok Leke­gruppa ved Nordmøre museum på aktivitetsdagar ved Rensvik skole for å formidle fleire leikar. Produktet inneheld stoff frå Kristiansund og Nord­møre, men det er like aktuelt for heile Noreg.

Jørgen Hoff-Jenssen har og skildra ein del Kristiansundsleikar i Nordmøre museum si årbok i 2003 som det er verd å ta ein kikk på. Her vil vi pres­entere noko av det som blir formidla i ”Ta den ring”.

Bainnhjul

Frå midten av 1700-talet reknar vi med at barna begynte å leike bandhjul eller bainnhjul. I alle fall har alle førkrigsunger i Kristiansund trilla bainnhjul. I starten på denne leiken vart det bruka tønneband. Bøkker­faget har lange tradisjonar i Kristiansund. Først vart tønnebanda laga av hasselgreiner, men jern tok over etter kvart. Det blei også laga eigne hjul eller ringar til leiken, men desse hadde litt mindre diameter enn tønne­banda. Bainnhjul var ein ring av 5-6mm tykk jerntråd. Diameteren kunne variere mellom 30-40cm. Med ei trestong, kors eller speie, med eit kort tverrtre i enden eller ein streng med bøy i enden, skulle hjulet settast i gang og haldast trillande. God fart er ein føresetnad for å kunne balansere hjulet. I tillegg kunne ungane trikse med hjulet, for eksempel opp frå gata, over rennesteinen og opp på fortauet. Det blei gjort ved at dei la tverrtreet ned i rennesteinen framfor bainnhjulet, gjorde ein vipp med tverrtreet, og slik fekk trilla hjulet opp på fortauet.

Leik med ball

Balleik var ein typisk jente­leik. Jentene held på åleine eller i lag med venninner. I alle friminutt skunda dei seg ut for å nå i ein glatt vegg. Så drog dei i gong med å spele ball mot veggen. Dette var vanlege leikar, heilt ut mot 70- og 80-talet, men det ser nesten ut til at dei no er komne heilt bort. Det finst ei heil mengd med ulike variantar av spelet, men dei fleste var bygd opp ved at dei gjorde første tur ein gong, andre tur to gonger osv. Dei to leikane vi har lært, har vi kalla ”tiball­turen” og ”tolvball­turen.”

Ballen som vart bruka var laga av gummi, og den skulle ha ganske god sprett, måtte ikkje vere for hard, og skulle vere fylt med luft. Denne type ball kom først på 1900-talet. I mellomkrigsåra blei det masseproduksjon av luftfylte gummiballar, og prisen blei overkommeleg for folk flest. Ballen hadde som oftast ein diameter på 15-20cm. Ballen skulle sprettast mot ein vegg, takast igjen med ei hand, to hender, bak ryggen, med oversida av hand­flata, undersida av handflata, med fingertuppane, med kneet, på rista osv. Dette krev god ballfølelse.

Til ”Hvem har’n?” kan ein bruke alle slag ballar. I ”En to tre Oliva” trong dei ein ball med god sprett i. Her var det gjerne bruka ein ball av rågummi, same type som dei bruka til å slå ball med. Desse var noko mindre, dia­meteren var gjerne ein 8-10cm.

Klekka (Klikker)

Smellstikker eller klekka er to (eller tre for vidarekomne) trepinnar som blir slått mot kvarandre. Det fungerer som eit rytmeinstrument, og liknar kastan­jettar. Dette var ein leik som var spesielt populær i mellomkrigsåra. Dei vart bruka m.a. når dei marsjerte i gatene, eller var noko dei berre hadde i lommene og drog fram i ledige stunder. Klekka blei også bruka i gutekorpsa.

Emne til klekka er 12-14cm langt, 2-2,5cm brei og 8-10mm tjukk. Ofte blei klekkan svidd i omnen for å få fram den rette lyden. I den eine enden var det laga til eit hakk for fingeren. Klekkan skal haldast mellom peike- og langfingeren, resten av fingrane skal henge ganske laust. Så rista dei handleddet fram og tilbake, slik at dei lause klekkane slo mot kvarandre. Det er litt som å spele på skei. Klekkan må haldast ganske laust, og utan å misse dei. Dette er noko som krev mykje øving for å bli god.

Spælla fæmøres eller spele på strek

”Spælla fæmøres” var eit spel det vart bruka femøringar til. Det blir kalla å kaste på stikka i andre delar av landet. Det kunne også gå an med toøringar, men eittøringar blei for småe. Spelarane rissa opp ein strek i gata, og ein strek der dei skulle kaste frå. Denne streken var nokre meter frå den første. Så var det om å gjere å kome nærast streken, eller å få mynten til å lande oppå streken.

Den som kom nærast streken kunne samle inn heile innsatsen i hendene, blanda godt, og kasta myntane i veret. Dei som fall ned på ”krone” fekk han. Så var det den som kom som nr. 2 og så nr. 3 sin tur og slik fortsette det. Men det var jo ikkje alle som hadde pengar for handa. Derfor bruka ungane i Kristiansund å nytte blekkskiver (blækkskiva). Desse var eit restprodukt frå blekkslagerane i byen, når dei hadde stansa ut eit hol i trantønna. Holet i trantønna var til spuns (tappekran). Avfallet var ei lita blekkskive, litt større enn ein femøring og litt opphøga i kanten. Ungane fikk hente blækkskiva på golvet hos blekkslagerane. For blekkskivene var ”krone” når dei låg som ein omvendt tallerken. Skivene fikk ein verdi for ungane, og det var ikkje like sårt å tape ei blekkskive som ein femøring.

I tillegg til ”Ta den ring” har prosjektgruppa arbeidd med ein del songar og songleikar som var vanlege i Kristiansund rundt 2. verdskrig. Nokre var nye for elevane, medan andre blir bruka den dag i dag. Det kunne gjerne vere berre betoning og uttale som var annleis enn i dag.

Vi håper at arbeidet vi har gjort og framleis held ved lag kan inspirere andre til å ta opp att og bruke dei gamle leikene og songane. Produktet ”Ta den ring” kan kjøpast for kr 300 hos Nordmøre museum på adressa post@nordmore.museum.no, hos Rensvik skole eller på servicekontoret til Kristiansund kommune.

Kjelder:
-Hoff-Jenssen, Jørgen (2003): Gamle barneleker i Kristiansund. I: Nordmøre museums årbok 2003.
-Hodne, Ørnulf (2003): Barndom i Norge gjennom tusen år, Rensvik skole/Lekegruppa v/Nordmøre museum: Ta den ring, 2008-2010
-Stemshaug, Marit og Ola (2004): Dette leika vi med, norske leiker frå dei eldste tider til vår tid. Samlaget.

 Artikkelen er fra Nordmøre museums årbok 2010

Scroll til toppen