Ærekrenkelser på Grip

av Gunnar Morsund

Ærekrenkelser på Grip
Fiskeværet Grip. Foto: Georg Sverdrup, 1910/20-tallet

”Du er den største Horebok, som findes paa Grip.” og ”Du har været i mit hus og horet ogsaa, Du.”

Dette var temaet for den første klagen som den nyoppretta forlikskommisjonen på Grip ­behandla i 1898. Det var alvorlege påstandar som hadde blitt sett fram. Og han som hadde fått skuldingane retta mot seg, hadde stemna han som hadde kome med påstandane for forlikskommisjonen eller forliksrådet som vi kjenner organet for no.

Dei to kom til forlik, påstandane vart trekt tilbake og dei to partane var einige om at dersom nokon av dei kom med liknande påstandar mot den andre seinare, skulle vedkomande bøte 100 kroner til Grip fattigkasse. Den eine parten tok også på seg ansvaret for påstandar som kona og svigerinna måtte kome med.

I eit lite og kompakt samfunn som Grip kunne uheldige ord lett føre til konflikter. Sjølv om tanken med kommisjonen ikkje først og fremst var å løyse slike saker, var det ein måte å få dempa konfliktnivået på.

Alle kommunar skulle ha ein forlikskommisjon, og skal ha det enno. Grip kommune vart ikkje oppretta før i 1897, og dette var eit av dei organa kommunen skulle ha. Forligelseskommisjonene er eldre enn kommunane – i 1795 vart dei oppretta i dei norske byane og i 1797 i landdistrikta. På landet omfatta dei stort sett eit prestegjeld, og det var amtmannen som oppnemnde dei to medlemmane der den eine skulle vere sivil embetsmann – det vart som regel soknepresten.

Den andre medlemmet var i dei aller fleste tilfella ein akta mann i bygda. Vi ser i folketeljinga 1801 at på Nordmøre er det fem menn som er nemnt som "Forligelsescommissair": Marcus Mechlenborg, holzførster i Sunndal, bonde Erik Estensen i Edøy, sokneprest Parlow Grip, bonde Erich Knudsen og losjerande gardsbestyrar Jon Evensen i Tingvoll. Den einaste bonderepresentanten frå Romsdals Amt på Eidsvoll i 1814, Elling Valbø frå Ørskog var typisk nok forlikskommisjonær.

Formålet var å avlaste domstolane for sivile tvister, også ekteskapstvister. Dei fleste sivile saker måtte behandlast i forlikskommisjonane før dei kunne fremjast for dei ordinære domstolane. Men målsetjinga var at partane skulle bli einige og kome til forlik. Etter kvart kunne kommisjonen avseie ein dom dersom den eine parten ikkje møtte utan å ha god grunn for det.

I Grip hadde kommisjonen dei 25 første åra frå 1897 til og med 1921 om lag fire saker i gjennomsnitt i året – tilsaman 98. Flest saker i 1902 med 16, i 1901 med 15 og i 1921 med 10.

Tal saker handsama av Grip forlikskommisjon pr/år

1897

1

1910

1

1898

1

1911

5

1899

1

1912

2

1900

5

1913

3

1901

15

1914

6

1902

16

1915

1

1903

4

1916

1

1904

2

1917

1

1905

2

1918

2

1906

2

1919

6

1907

2

1920

6

1908

1

1921

10

1909

2

SUM

98

Dei aller fleste sakene gjaldt inndriving av gjeld – fekk ein kreditor enten forlik eller ein kjennelse i forliksrådet, kunne han gå til namsmannen (lensmannen) og tvangsinndrive skulda. 79 av sakene gjaldt inndriving av gjeld.

Åtte av sakene var innstemna av væreigaren mot personar som urettmessig hadde salta fisk i vinterfisket og unndrege seg værtvangen – alle i 1901. Ingen av desse sakene oppnådde forlik, og sakene vart vist til domstolen. Då måtte det betalast eit lite gebyr. Fire saker var tvist mellom Kristiansund kommune og Grip kommune om kvar fyrvaktaren på Grip skulle betale skatt – dette var ein gjengangar: i 1900, 1907, 1914 og 1919 var saka oppe og dei vart ikkje einige så domstolane måtte avgjere saka. Fyrmeisteren var statstenestemann så det var lukrativt for kommunen å få skatteinntektene frå han inn i kassa.

Ei gruppe saker som av og til vart behandla andre stader var tvist om bruk av eigedom: beiting på annan manns jord, gjerdehald, bruk av sjøveg og ­liknande. Dette finn vi ikkje på Grip i perioden, og det er vel ikkje så rart.

Det som vi finn på Grip og, men svært sjeldan, er ærekrenkingar som den saka som er nemnt først i stykket. Det var i alt fem slike saker, og det var berre ei det vart forlik i. Dei andre vart viste til retten, og då vart det snakk om større rettsgebyr. Kanskje roa gemyttane seg når partane oppfatta at det ville koste å føre saka for retten. Men nordmenn har vore og er glade i nabokonflikter og enkelte fører sak mot kvarandre i årevis, så kven veit? Då må rettsprotokollane for Nordmøre sorenskriveri undersøkjast.

Det var både saftige og kuriøse saker som vart meldt inn

I 1900 vart ei kvinne klaga inn av ein mann fordi ho skulle ha skulda han for å stole eit trådnøste og eit par strikkepinnar. Dette ville han ikkje ha hengande på seg, og "denne graverende beskyldning" kravde han at ho trakk tilbake, opplyse i ei offentleg avis at skuldingane var ugrunna og at ho betalte saksomkostningane. Det gjekk ho ikkje med på. Ho hadde ikkje sagt at han hadde gjort tjuveriet, ho hadde berre sagt at ho mistenkte han for det. Saka vart vist til domstolen, og om ho kom opp der seier protokollen ingenting.

I 1914 kom det tre saker. Den eine var ei kone som hadde blitt kalla hore og ein kommentar om at det nybygde huset til henne og mannen "vel var det nye horehuset på Grip". Då braut spetakkelet laus. Saka kom til forliksrådet og der vart partane samde om at påstandane vart trekt tilbake og at mannen som ­hadde sagt det betalte kr 15,90 til motparten sin sakførar og i ­saksomkostningar. Vidare skulle han publisere forliket på Grip.

Den andre var ein mann som hadde påstått at ein annan hadde ført Grip ­kommune bak lyset ved å oppgi for lita formue ved likninga. Dette vart det sak av – dei vart ikkje forlikte og neste steg var eventuell rettssak.

Den siste gjaldt ein som hadde blitt kalla "tjyvbonde" - det gjekk på æra laus, sjølvsagt. Meklinga førte ikkje fram og saka vart vist til retten.

Grip forliksprotokoll er relativt enkelt å gå gjennom – alle åra frå 1897 til 1961 er i ein protokoll. I andre kommunar (og før 1837 prestegjeld) er det meir omfattande materiale. Det meste er gjeldssaker, men der er både merkelege og pikante saker andre stader på Nordmøre og. Det kan vi kome tilbake til ein annan gong.?

Kjelder:
Protokoll Grip Forliksråd 1897-1961
Lokalhistoriewiki: Forlikskommisjon
Folketeljinga 1801 Digitalarkivet
Wikipedia: Elling Olsson Walbøe

Scroll til toppen