Kurs i bygging av kavlveg del 2

Lær å bygge turveg over våtmark på historisk og bærekraftig måte!

Åpningstider

lør:
10 - 16
søn:
09 -16

Oppmøte Åsen bygdemuseum

Priser

Kursavgift: 
600 kr

Her finner du oss

Åsen bygdemuseum
Østbødalsvegen 53
6650 Surnadal

Telefon: 91 39 94 52
maja@nordmore.museum.no

Åsen bygdemuseum Surnadal

Til alle med interesse for turstiar og kulturminneformidling!

Kurs: Lær å legge kavlveg - «Visjonær framtidsretta aktivitet som bygger på tradisjon».

Surnadal kommune, Riksantikvaren, Stiftelsen Geitbåtmuseet ved avdeling Husasnotra, Nordmøre Museum og Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer til kurs i legging av kavlveg.  På kurset skal vi rekonstruere ein eldgamal og miljøvennleg byggemetode som representerer eit skånsomt alternativ for framtidig tilrettelegging av allmenn ferdsel over våtmark og myr utan bruk av miljøgifter.

Kurset går over to helger i Surnadal: 30.03 - 31.03 og 31.08 - 01.09
For informasjon og påmelding, klikk her.
Kursleiar: Torgeir Leivdal/Husasnotra.

 

Bakgrunn for kurset: Kavlvegen kultursti

Surnadal kommune skal bygge ein kultursti på om lag 3,5 km i eit relativt flatt myrområde med utgangspunkt i Åsen bygdemuseum og formidling av lokale kulturminne. Kjernen i tursti-prosjektet er funnet av ein over 1000 år gamal kavlveg som ligg intakt og skjult i myra. Denne eldgamle ferdselsåra har vi fått midlar til å rekonstruere som del av den nye kulturstien. Riksantikvaren har gjeve støtte til bevaring og formidling av dette kulturminnet gjennom bygging av ein 500m lang rekonstruksjon langs den gamle kavlvegen. 

NTNU Vitenskapsmuseet skal utarbeide det faglege grunnlaget for konstruksjonen, så tett opp til originalen som muleg. Husasnotra har ansvaret for byggeprosessen.

Husasnotra er ei produserande avdeling ved Stiftinga Geitbåtmuseet/Nordmøre Museum, og ein lærestad for tradisjonshandverk, kor målet er å halde i hevd og auke kunnskapen om det lokale tradisjonshandverket gjennom praktisk arbeid med nybygg og restaurering. Sentralt i arbeidet står verktøybruk og materialval som speglar den tradisjonsborne kunnskapen frå tre på rot til ferdig bygg.

Vi ønskjer at så mange som muleg får ta del i den viktige kunnskapsoverføringa som ligg i rekonstruksjonen av historia og inviterer dykk på kurs for å vere med og legge nokre meter av den nye kavlvegen under kyndig leiing av Husasnotra.

Del gjerne denne invitasjonen med folk, lag og foreiningar som kan ha interesse for dette!

Vel møtt til kurs!

Kavlvegen kultursti har eiga FB-side, lik oss!

 

Andre aktiviteter fra Surnadal