Kleivakveld Vårsøghelga 2018

Åpningstider

Kl. 18.00

Priser

Vaksen: 
300 kr
Familie, inntil 2V+2B: 
700 kr
Barn over 6 år/stud/honnør: 
200 kr

Her finner du oss

Kleiva
6650 Surnadal

maja@nordmore.museum.no

Surnadal

Årets hovudartist er Ida Jenshus

Mange meiner at Kleivakvelden er Vårsøghelga sitt høgdepunkt, og det er ikkje utan grunn! Det er eit variert og kvalitetsprega program som blir presentert frå scena på Kleiva, heimplassen til Hans Hyldbakk. Med utsikt over breibygda i Surnadalsdalføret i bakgrunnen er dette ei vakker oppleving i maikvelden.

Henning Sommerro og John Pål Inderberg er tradisjonen tru musikalske konfransierar med glimt i auget.

 Årets artistar:

Ida Jenshus

Ove Røsbak, forfattar.

Øystein Baadsvik i samspel med Surnadal hornmusikk

Perikom trio, med Karstein Mauset

Skuleelevar framfører eigne dikt

________

Det er ikkje bilveg heilt fram. Bilen parkerer du på Skei, herifrå er det ca. 1 km å gå opp til Kleiva. Ved behov for transport, ta kontakt med Vårsøghelga.

Ta gjerne med sitjeunderlag.

Følg også med på Vårsøghelga 2018 si facebookside, og eiga side for arrangementet.

BILLETTSAL:

www.surnadal-kulturhus.no

Arr: Vårsøghelga

 

Andre aktiviteter fra Surnadal