"Chasolith, knapp, prat og leik"

Samtidskunst og kulturarv på museet

Åpningstider

Informasjon om tidspunkt kommer

Priser

Vaksen/barn: 
Gratis inngang

Her finner du oss

Åsen bygdemuseum
6650 Surnadal

Telefon: 91 39 94 52
maja@nordmore.museum.no

Åsen, Surnadal

Casolith, knapp, prat og leik er tittelen på surnadalsdelen av det nasjonale prosjektet NåDa som skal gjennomførast på Åsen bygdemuseum i Surnadal 13.-18. august. 

Med utgangspunkt i surnadalsdialekta, ein nedlagt knappefabrikk og leikar frå gamle dagar skal ungdommar frå bygda samarbeide med performance-kunstnaren Karianne Stensland og Surnadal kunstforening fram mot visning og utstilling 18.august.

Publikum kan delta i gamle leikar som "vepp jeppe", "hol i hatten", spele ball eller andre leikar.

NåDa er eit nasjonalt prosjekt om samtidskunst og kulturarv for ungdom i alderen 12-18 år. Gjennom aktiv deltaking skal ungdommar i samarbeid med ein biletkunstnar skape prosjekt med utgangspunkt i lokale kulturminne. Prosjektet er initiert av Norske kunstforeninger og består av 10 prosjekt i kunstforeningar landet rundt. Les meir her: https://www.kunstforeninger.no/prosjekter/naada/

Kunstnar Karianne Stensland kan du lese meir om på heimesida hennar: http://www.kariannestensland.no/

Gratis inngang til kunstvisning og til museumsutstillingane.

Sal av kaffe og noko attåt.

 

Prosjektet er støtta av:

Sparebankstiftelsen DNB

Surnadal sparebank

Gjensidige Surnadal

Amfi

Svorka

Pipelife

Surnadal kommune

Nordmøre museum

 

 

 

 

Andre aktiviteter fra Surnadal

Det eksisterer ingen fremtidige aktiviteter. Trykk her for å se alle aktiviteter for hele Nordmøre museum.