Åpent møte om kavlvegar på Eidet

Åpningstider

man:
14.00

Priser

Vaksen/barn: 
Gratis

Her finner du oss

Åsen bygdemuseum

Telefon: 91 39 94 52
maja@nordmore.museum.no

Avsparksmøte for prosjekt

På Eidet ligg eitt av dei mest verdifulle kulturminna i Surnadal kommune, ein kavlveg som er datert til år 1020-1160 e.Kr. Ein kavlveg er laga av stokkar som er delt på langs og lagt ned i bakken for å gjera ferdsel muleg i myr og vått terreng.

Surnadal kommune er no i gang med eit større prosjekt knytta til kavlvegen på Eidet og har no motteke prosjektmidlar til dette frå Riksantikvaren og Møre og Romsdal fylkeskommune. Nordmøre museum ved avdeling Surnadal er deltakar i prosjektet. Det er ønskeleg å verne om dette verdifulle kulturminnet, men også auke kunnskapen om det og gjera det meir tilgjengeleg for folk flest. Det er mellom anna planlagt ein tursti med oppstart frå museet i samband med vegen. Delar av strekninga skal bestå av kavlveg, bygd etter same mønster som den gamle vegen som ligg gøymt i myra.

Som ein del av prosjektet vil det bli halde kurs i kavllegging. Føremålet med kursa er å vidareføre kunnskapen om den gamle teknikken slik at den kan takast i bruk t.d. i samband med turstiar også no til dags.

På møtet blir prosjektet presentert, med deltaking frå prosjektleiar i Surnadal kommune, representant frå fylkeskommunen, Nordmøre museum og Husasnotra.

Husasnotra vil demonstrere kløyving av tømmerstokk med øks.

Alle interesserte er velkomne!

Andre aktiviteter fra Surnadal