Slakterihistorie på skimuseet

Anreas Sandvik presenterer boka "Med kjøtt påbeinet" på skimuseet torsdag 12. oktober kl. 17.00. Boksalg.

Åpningstider

Priser

Ingen priser er oppgitt.

Her finner du oss

Addresse ikke registrert.

«MED KJØTT PÅ BEINET»

 

Bokverket «Med kjøtt på beina» er ein rik tilvekst til vår lokale litteratur. Gjennom grundig arbeid har Andreas Sandvik dokumentert over 200 års slakterihistorie på Nordmøre.

 

Verket dokumenterer framveksten av slakteribedrifter i Kristiansund og bygdene rundt og omtalar eit enormt persongalleri i faget. Lesaren møter bygdeslaktaren frå tidleg 1800-tal og den moderne kjøttindustrien fram til vår tid. Alt er belagt med tidfesting, statistikk, illustrasjonarar, livlege anekdoter og fagleg innblikk.

 

Samtidig tek Sandvik sideblikk på 200 års generell samfunnsutvikling – teknisk utvikling, levekår i opp- og nedgangstider, på reisemåtar og kommunikasjon. Fyldige kjeldetilvisingar røpar eit enormt gravearbeid i arkiv, kyrkje- og bygdebøker, tusenvis av avissider og intervju med mange kontaktpersonar.

 

Mange personportrett

Om biletmaterialet frå sjølve fagområdet i den eldste tida kan vera mangelfullt, er boka totalt sett rikt illustrert – både med personportrett og relaterte situasjonsfoto. Og for eit persongalleri! I full fart har eg rekna 1665 namn på slaktarar og folk i kjøttindustrien. Dei fleste med interessant tilleggsbiografi, fødsels- og dødsår (endatil dato!) – og namn på ektefelle og barn! Mykje god slektshistorie er såleis biprodukt i boka.

 

Første del av «Med kjøtt på beinet» tek for seg personar, verksemder og historisk utvikling i Kristiansund frå rundt 1800 til 2017. Vi følgjer framveksten av firma som Møllerop, Løvold og Gaupseth. Og vi møter drivande kvinner: I 1883 averterer eksempelvis Gjertine Benum for «ferske og røgede Medisterpølser, renskaaren Beaf og Grisecouteletter».

 

Humor – og krisetider

Kjøttkontrollen kjem på banen og får sitt å gjera. Ikkje alltid er hygienenen fullkomne, les vi. Heller ikkje er dyretransporten forsvarleg. Rettssaka mot dei som heisa oksen opp frå sjøen har muntre innslag – i visse situasjonar trivst jo oksen i vertikal stilling, hevda tiltalte!

 

Boka har komplette lister over tilsette hos f.eks. Ansgar Løvold, Gaupseth og Surnadal Slakteri. Interessant lokalhistorie er biprodukt av Sandvik sin kunnskap, som når han skildrar sosiale forhold og fortel at mange ofte ikkje har råd til kjøttmat. I 1918 er det forsyningskrise, så provianteringsdepartementet innfører tysdag og fedag som «kjøttløse dage» da dei forbyr restaurantane «at servere retter, som er tilberedt av kjøt og flesk».

 

Nordmørsbygdene

Ein del av boka tek oss rundt til slaktarar og slakteri i bygdene. Der kan vi tidvis konstatere motsetningar mellom by og land. Men også bygdefolk leiger det kommunale slakteriet i Kristiansund først på 1900-talet.

 

Sandvik gir glimt av det praktiske ved slaktinga, som kva reiskap og våpen dei bruka til å avlive dyra. Ikkje alt var like vellykka, går det fram av anekdotene.

 

Bygdeslaktarane er omtala kommunevis kring Nordmøre. Vi møter fascinerande personar – skildra med kunnskap og krydra med anekdoter. Les for eksempel det fyldige avsnittet om Einar Braaten på Sunndalsøra – frå hans sjølbiografiske notat. Jamen kunne det vera tøft å få kjøttmaten opp til Aura-kokkene i 1914!

 

Slaktaren i bygda utførte forresten ymse beslekta oppdrag – han var dyrlege, kunne trekkje tenner og endatil hjelpe fødande kvinner når det stod på!

 

Fyldig og variert bokverk

Annonsar frå ulike tidsbolkar er interessante og instruktive – ofte med artige formuleringar og humor. Eit par bedrifter reklamerte endatil på kinoen! Og Møllerop fekk Paul Ohrvik (Romsdalspostens «Puck») til å lage annonser på rim:

 

Slakter Møllerop han selger

alt hva du vil ha av kjøtt.

Selv om kunder vraker, velger,

ønsker han enhver: Vel møtt!

Møllerop er byens slakter;

har du smakt hans lekre stek?

Prøv en gang, og du betrakter

hele livet som en lek.

Møllerop sitt ry forsvarer:

Han har byens beste varer.

 

«Med kjøtt på beinet» er eit stort bokverk – på rundt 570 sider. Det vil stå som eit monument over ei næring som lever i beste velgåande – om enn med skiftande ansikt – og som angår dei fleste av oss. Kanskje kan også boka påminne oss om den til tider lange prosessen frå dyr og slakt til lekre og velsmakande kjøttprodukt på bordet og at maten ikkje berre «er der».

 

For underskrivne anmeldar, som vaks opp med kjøttmat stort sett berre på søndagar, er Sandvik si bok fascinerande lesnad.

 

Samtidig er denne bokmeldinga berre sjelettet av eit storarta bokverk. Først når du har boka i hendene, får mine notat «kjøtt på beina». Andreas Sandvik har lagt massevis av godt fór inn mellom dei to permane. Resultatet er eit absolutt vel-gjødd bokverk!

 

Terje Holm har hatt en vellykket hånd med grafisk design av boka.

 

 

 

Bernt G. Bøe

 

Andre aktiviteter fra Rindal