Den gongen alt blei slått

Av Øystein Folden

For vel 60 år sidan kom traktoren i alminneleg bruk mange stader, og kunstgjødsel blei vanlegare å bruke. Då endra jordbruket seg mykje. Lesarane blir no tatt med tilbake til tida før dette. Bjarne Holmeide, ein vanleg mann busett på Tingvoll, skal hjelpe oss til å få ein gløtt inn til det som ein gong var heilt vanlege gjeremål i ei heilt vanleg bygd.

Bjarne Holmeide fortel

Bjarne er fødd i 1936, så tidsbiletet vi får ein gløtt inn i er frå rett etter siste verdskrigen og eit godt stykke utover 1950-talet. Staden var Bøavollen under Oppistua Holmeide i Tingvoll, eit lite småbruk, der det på den tida budde 7 born, to foreldre og to besteforeldre så lenge dei vara. Småbruket med litt attåtverksemd på sjøen hadde 3 kyr, ei kvige og nokre sauer, og gav eit livsgrunnlag for ti menneske. Men så var det også slik at alt areal og alle ressursar blei nytta. Dyra gjekk i utmarka om sommaren, og alt av innmark blei slått.

Når slåtten tok til kan ikkje Bjarne minnast sikkert, men jonsok eller noko etter er nok ikkje så mykje gale. Då blei alle teigane slått i løpet av nokre veker. Samtidig med at den dyrka teigen blei slått blei det også slått i vegkantar og grøftekantar og alt anna som var tilgjengeleg. Det blei slått heilt til flomålet. Kvart eit strå talde og måtte vere med. Det blei raka inn i lag med det andre og hengt i hesje, eller tørka på marka viss det var utsikt til at det kunne lukkast. Dei beste teigane blei slått ein gong til seint på sommaren også, som håslått.

Det var aldri noko spørsmål om deltaking i arbeidet. Arbeide det gjorde ein frå ein var gamal nok til å kunne få det til. Først med ei lita rive, seinare med ljå. Den første ljåen Bjarne kan minnast var ein litt mindre ljå enn den vanlege, ei juniorutgåve. Det var vel på same måten stort sett alle stader. Var det ikkje slått, så var det noko anna arbeid. Slik var tida.

Tok til tidleg

Når gutane var 15-16 år var det mange som for til Oppdal på slåttearbeid når slåtten heime var gjort. Bjarne var fleire år på ein av gardane nær Vognill på slått. Første gongen var han med ein eldre bror på vona om å få arbeid, og slik ordna det seg. Hadde ein først fått arbeid, så kunne ein ofte halde fram seinare år, og yngre brør var med eldre. Arbeidsgjevar og arbeidstakar kjende til kvarandre på det viset. På Vognill blei dei store teigane slått først. Deretter var det teigar på setra, og i dei bratte bakkane ned mot elva. Då var det såpass langt å gå at det ikkje blei sliping av ljåen meir enn ein gong i økta. Mot elva var marka tørr, steinane mange og graset smått, så nokon enkel slått var det ikkje. Men slikt smått gras som blir slått seint tørkar ganske lett. Det var å breie graset utover, rake og riste på det fleire gonger utover dagen og så rake det saman i såte om kvelden for at det ikkje skulle bli vått igjen. Dei fekk rista seg blomstrane og frøa i den tida. Husfolket sjølv passa på finslåtten. Dei to karane la seg ned på marka og skar med tollekniven rundt steinane. Alt måtte nyttast, ikkje eit ugras fekk sjansen til å stå i fred og breie seg ut. Elles var det slik at det var forskjell på hesjene i Tingvoll og på Oppdal. I Tingvoll blei det hesja tynt, i Oppdal var det berre å legge innpå så mykje gras det var plass til. Slikt har med klima og tørketilhøva å gjere. Dei visste korleis dei måtte gjere det for at det skulle bli bra nok.

Alt vart slått

Det var kva Bjarne kunne fortelje om slått. Ein del av dette er med på å forklare kvifor kulturlandskapet ser ut som det gjer i dag. Vi kan mellom anna merke oss at alle kantareal blei slått. Den som er gamal nok kan nok minnast blomsterrike vegkantar mange stader. Når slike areal blei slått seint og frøa frå blomstrane dryssa av, så var vilkåra til stades for blomstrane. I dag visner alt ned og arealet blir gjødsla opp som ein kompostverknad, i tillegg til at det ofte blir gjødsla litt rikeleg på enga. Blomstrane gror ned. Det som får frøe seg no er ofte høge ugras som hundekjeks. Tidlegare blei slikt tatt hand om utan å få kome med i høyet, viss det i det heile var noko.

Husdyrgjødsel, lauvkjerv og beite

Bjarne kunne også fortelje at det blei laga til lauvkjervar. Då skar ein greiner frå trea og samla dei i små kjerv som blei hengt opp til tørk. Desse kjerva fekk dyra som fôr utover vinteren, saman med høy. På denne måten heldt ein vegetasjonen unna engkantane.

Gjødslinga i den gamle tida kan og forklare noko. Det blei nytta husdyrgjødsel, for på denne tida var kunstgjødsel dyrt. Møkka blei køyrt ut på marka, og på Bøavollen blei det hogd bjørk som blei slepa rundt på marka over gjødsla til ho var smuldra og finfordelt. Det var ein slags balanse mellom den næringa som blei tatt bort med avlinga og det som kom tilbake som gjødsel, og gjødselreservane i jorda var nok langt mindre enn dei pleier å vere no.

Etter at håslåtten var ferdig blei det beita. På Bøavollen fekk ikkje dyra beite fritt. Dei hadde kvar sin staur som dei var fast i med kjetting, og fekk sin tilmålte flekk kvar dag.

På Bøavollen er det knapt eit spor igjen av slåtteengene slik dei var. Det er gjødsla, dyrka og grave slik at blomsterengene og det biologiske mangfaldet no er kome bort. I Vognillområdet er det framleis verdifulle naturtypelokalitetar på rad og rekkje langs elva, men alle er rekna som naturbeitemarkar, sidan dei i det seinare berre har vore beita. Det som ligg nærare husa blir nok både gjødsla og slått tidlegare på sommaren enn før, til silo. På Vekvesetra er det ei svært verdifull naturbeitemark. Det er slik det lett blir når ljåslåtten blir byta ut med traktordrift.