100 år gamle fargebilete på Tingvoll museum

Av Helge Husby

Tingvoll museum har ei unik samling bilete, tekne av prost Ivar Raaen i tida fram til 1914. Her blir fotografen og nokre av fotoa presenterte. Raaen er sjølv med på mange av bileta, og ofte kan ein sjå utløysarledninga han brukte for å løyse ut apparatet. Korleis dette fotoet av Raen sjølv er teke, er usikkert, sia det er Raaens sitt eige apparat han er avfotografert med. Dette er i museets eige. Han skreiv sirleg med tynn tusj på glasplatekanten. Dei kommentarane er tekne med i klammer ved bileta.

Ivar Pedersen Raaen var fødd 10. desember 1866 i Trondhjem, og han tok teologisk embetseksamen i 1890. Han hadde m.a. ulike lærarstillingar før han vart hjelpeprest i Gamle Aker i Kristiania i 1897. Han vart tilsett som sokneprest i Tingvoll prestegjeld den 9. juni 1905 og vart den første embetsmannen som vart utnemnt av den provisoriske regjeringa etter unionsvedtaket 7. juni. Den 28. mai 1909 avanserte han til prost i Indre Nordmøre prosti.

FOTOGRAFEN IVAR RAAEN

Men Raaen var ikkje berre prost, han var svært interessert i mange emne. Notat- og utklippsbøkene hans frå studietida, som er på Tingvoll museum, fortel om fleire interesser enn teologi. Det var m.a. eit avisutklipp der temaet var om det finst menneske på Mars - anno ca. 1890.

GIFT MED IDUNA

I 1895 vart han gift med Iduna Johanne Fredrikke Petersen frå Oslo, ho var 4 år eldre enn han sjølv. Iduna Raaen var eit rivjarn av eit kvinnfolk, og mange historier om henne lever ennå i muntleg tradisjon i Tingvoll.

Ho gjekk rett inn i rolla som gardkjerring på Tingvoll prestegard, og det er ikkje få bilete husbonden tok av henne i arbeid på garden eller som prestfrua som stod last og brast ved ektemannen sin. Fru Raaen dukkar ofte opp i biletkanten, om det er i gravferd, bispevisitas eller på bilete av arbeidsfolket i prestgarden.

Ein gong stod prestfrua i beit da ho skulle sortere grisungar. Ho kontakta O. K. Skuggevik på Gyl, som var ein bondehøvding som nytte stor respekt. «Jau», sa Skuggevik, «du skal sjå i bakenden på grisungane. Er det eit semikolon, er det hogris, og er det berre eit punktum, er det hanngris». Den godeste Iduna var sikkert nøgd med svaret.

RAAEN-FAMILIEN

Ivar og Iduna fekk to born: Martha, fødd 1897 og Siegwart Petersen, fødd 1900. Siegwart vart til dagleg kalla Siggen. Desse fekk nok ein kreativ oppvekst utanom det vanlege, ei kjensle ein får gjennom Raaen-bileta. Det ser ut til at spesielt Siegwart fekk leve eit fritt liv mellom drenger og arbeidsfolk i prestgarden og var til ei kvar tid høgt og lågt.

Frå bileta etter Raaen er det tydeleg å sjå at denne familien på Tingvoll prestegard ikkje var ein gjennomsnitts prestefamilie for hundre år sia.
Ivar Pedersen Raaen var ein framsynt mann med stor arbeidskapasitet. Frå 1905 og til han døydde av kreft i 1914, fekk han utført meir enn det mange brukar heile livet på. Han tok ivrig del i det religiøse arbeidet i bygda, og vel så mykje i det kulturelle livet i Tingvoll.

Da han kom til bygda, tok han raskt tak i Tingvoll indremisjons «evangeliske fattigpleie». Raaen hevda at foreninga hadde funne plass for «ordets forkyndelse», men ikkje for «kjærlighedens gjerninger». I 1908 vart Tingvoll menighetspleie for syke og trængende etablert. Der var Raaen både formann og kasserar.

Han tok initiativet til å byggje menighetshuset «Folkvang» i Straumsnes, og han var drivkrafta bak bårehus og eigen gravstad i Flemma. Til og med den store restaureringa av Tingvollkyrkja i 1928-29, fjorten år etter at han døydde, var etter initiativ frå Raaen.

BILETA TIL RAAEN

Glasplatene er kvadratiske positivplater, altså lysbilete. Somme av dei var nok tekne med eit kamera som var tilpassa størrelsen. Men andre er tydelegvis kontaktkopiar av dei større 5" x 7" negativplatene, som var fotografert med eit større apparat, som Raaen har på biletet frå 1901.
Han la nok ei negativ ueksponert glasplate under ei framkalla negativplate og sette lys på. Da fekk han eit lysbilete. Om han fargela glasplatene sjølv, eller han fekk dei fargelagt, er det ingen som veit.

Ivar Raaen var ein folkeopplysningsmann, noko som lysbileta etter han fortel. Det er seriar med bilete med geografiske og historiske tema i samlinga. Han har mange bilete frå høgkultur i Tyskland, m.a. av kyrkjedøra i Wittenberg, der Martin Luther slo opp dei berømte 95 tesene sine. Det finst bilete merka «Fra hedningemarken» m.a. i Asia. Mange av lysbileta har fargelagte tegningar frå bibelske motiv eller frå naturfaglege emne. På fester og andre samkommer viste han lysbileta sine med sitt eige laterna magica, datidas lysbileteframvisar.

Han var nok langt føre si tid som fotograf. På emulsjonssida av positivglasplatene la han eit beskyttande glas. Rundt kanten var glasa halde sammen med papir, og her skreiv han bilettittel med tynn tusj. Desse er gjengjevne ved nokre av bileta. Når det er Raaen sin eigen tekst, står han i hermetegn. Mange av bileta fortel at fotografen var interessert i å fange eit motiv med tanke på dokumentasjon for framtida. Typiske døme er bilete av den bordkledde vestveggen på Tingvoll kyrkje og den alvorlege stunda når dotra Martha skal ut i den store verda.

Ivar Raaen døydde tidleg

Ivar Raaen døydde 24. juli 1914, berre 47 år gammel og er gravlagt ved inngangen til sakristiet ved Tingvoll kyrkje. Familien gav lysbileta og tilbehør til Tingvoll museum. Dei større glasplatene han tok med 5" x 7"- kameraet (sjå biletet av fotografen med dette kameraet) er i privat eige. Og det er mange papirkopiar av interessante bilete rundt om i heimane i Tingvoll.

No til dags flyt digitaliserte gamle foto i høgoppløysning. Mange privatpersonar, aviser og andre media publiserer og sprer dessverre uhemma desse kulturskattane uten tanke på lovgjeving om åndsverk, personvern eller etiske standardar. I dei tilfella både rettane iflg. åndsverkslov er utgått, og reglar om personvern ikkje er til hinder for publikasjon, bør ein likevel vere påpasseleg å kreditere fotografen. Dette har både med respekt til fotografen å gjere, men ikkje minst å dokumentere kulturhistoria vår.

Det er lite folk kan fortelle om ætlingane. Men litt undersøking viser at Martha Raaen vart gift med Olav Johan Eldrup i Ålesund, og hadde sonen Olav Ivar. Han var gift med Ellen Cathrine, som pr. 2008 budde i Ålesund. Dei hadde ikkje born.

Martha Raaen Eldrup gav i 1962 mange foto til Tingvoll museum. Dette var papirkopiar, og mange hadde motiv frå prestgarden.
Når det gjeld Siggen, hugsar eg eldre folk tala om at han skulle vere ein sosial og kreativ gut. Nokon nemnte han som boksar i Amerika, men visste elles lite. Litt undersøking på Internett tek oss til Chicago, der Siegwart Raaen var gift med si Bergljot og var profesjonell boksar. Kona likte ikkje denne profesjonen, og Siggen vart vaktmester på ein skule. Dei hadde ei dotter, Vesla, som var gift med Chuck McNerney.

Eit søk i dødsregister i USA viser at Siegwart Raaen døydde i Cook, Illinois i 1982, kona Bergljot på samme stad i 1995. Dotra Vesla McNerney døydde også i Cook, i året 1997.