Naturbeitemarker i Tingvoll

Av Geir Gaarder

Bakgrunn

Dette er den andre artikkelen i ein planlagd serie på tre om biologisk verdifulle kultur­markstyper i Tingvoll kommune. Den ­fyrste omhandla slåttemarkene og kom i årboka for to år sidan (Gaarder 2014). Den siste er tenkt å ta for seg dei tresette kulturmarkene med gamle styvingstre.

Naturbeitemarker er, som slåtteengene, opne engsamfunn som i liten grad har vore jordarbeidd, gjødsla eller tilsådd. Ein viktig skilnad er at på beite­markene er det husdyr som held vegetasjonen nede og står for det alle meste av skjøtselen, medan det er slåttekaren som tek hovuddelen av ansvaret på slåttemarkene.

Det var på naturbeitemarkene og i ut­marka at husdyra før i tida fekk all si føde så ­lenge vegeta­sjonen vaks i sommarhalvåret, frå ­våren og til seint på hausten. Nå stod nok oftast skogsmark, hei og fjellvegetasjon samla sett for mesteparten av fôret som dyra tok til seg i denne perioden, men natur­beitemarkene var dei som produserte mest per areal­eining. Og ikkje minst var naturbeite­markene nær gardsbruka særs viktige på våren og ut på haust­en. Da gjekk mykje av husdyra på inngjerda eng, ­medan dei vanlegvis fekk sleppe ut på utmarksbeita i ­sommarmånadene og tidleg på hausten.

Som for slåttemarkene har naturbeitemarkene vorte sterkt redusert i tal og areal i nyare tid. Sidan dei ikkje krev særleg innsats frå gardbrukaren for å haldast ved like (det er dyra som gjer hovudjobben), så er nok tilbakegangen likevel ikkje like stor. Dei krev likevel også noko innsats, m.a. til gjerdehald og rydding av oppslag av tre og kratt. Beita produserer mykje mindre fôr per arealeining enn den oppgjødsla kunstmarka. Dei fleste naturbeitemarkene har difor enten fått gro att eller har vorte pløgd opp og forvandla til kunstmark i nyare tid, og ein del er også bygd ned. Dei er ofte pene å sjå til, og særleg på 60- og 70-talet vart det bygd mykje hus og ein del hytter på slikt areal.

Naturbeitemarkene er i Noreg for tida rekna som ein sårbar naturtype (Lindgaard & Henriksen 2011 – der inkludert i kulturmarka). Naturtypen har enno ikkje fått noko formelt vern, men det har vore utarbeidd forslag til handlingsplan for den (Bratli m.fl. 2012).

Mange norske museum er enten bygd opp på nytt frå grunnen, eller etablert for å ta vare på og vise element av det moderne samfunnet. Tingvoll museum høyrer til dei som ligg i intakte landbruksmiljø. Her tek museet ikkje berre vare på gamle bygningar og gjenstand­er, men også sentrale delar av det opprinnelege, historiske kulturlandskapet, med gamle slåtteenger og artsrike ­naturbeitemarker. Få andre museum kan vise til noko liknande her til lands.

Naturbeitemarka finn ein nord- og austsida av museumstunet (på vestsida ligg slåtte­enga). Noko av beitemarka her har vore slått og dyrka opp tidlegare og er no berre ei sterkt endra eng med preg av naturbeite­mark. Men kantsonene er derimot ekte, gammal naturbeite­mark som kanskje aldri har vore gjødsla. Desse delane har innslag av einerbusker og tre, men også meir opne ­parti. Engfloraen er rik og fleire ­lokalt uvanlege planter veks her, som engstorr, kystmyrklegg og breiull. Mangfaldet av beitemarksopp er samtidig høgt. I alt 31 ulike artar er funne hittil, inkludert dei to sårbare artane raud honningvokssopp og slåtte­raudspore, samt seks nær truga artar. Beitemarka har vorte godt nedbeita dei seinare åra, særleg med hest, men også ungdyr og sau har gått her og det vert regelmessig rydda busker og tre. Den er med andre ord i uvanleg god, tradi­sjonell hevd.

Naturbeitemarker på Nordmøre

Miljødirektoratet har oppretta ein database med oversikt over førekomstar av alle viktige naturtypar i Norge - Naturbase (http://kart.naturbase.no). Her er det registrert 242 attverande naturbeitemarker på Nordmøre, med eit samla areal på rundt 8171 dekar, sjå tabell 1. Talet på enger er nok høgare, då det varierer ein del kor godt undersøkte dei ulike kommunane er. I fleire tilfelle er areal­et for høgt. Dette gjeld m.a. Smøla, der årsaka helst er at mykje hei har vorte inkludert i lokalitetane. Mengda og ikkje minst storleiken er uansett ­vesentleg høgare enn for slåtteengene (3 gonger så mange, og 14 gonger så høgt areal).

Kommune

Tal

Areal i daa

Aure

49

1315

Averøy

10

746

Eide

11

217

Gjemnes

19

515

Halsa

6

181

Kristiansund

3

55

Rindal

13

364

Smøla

21

2281

Sunndal

61

1958

Surnadal

22

229

Tingvoll

27

310

Sum

242

8171

   Tabell 1 Kjente naturbeitemarker på Nordmøre, fordelt på kommunar og areal, teken ut frå Naturbase (Miljødirektoratet 2015).

Ein kan merke seg at det framleis er att ganske store areal ute på delar av kysten (Aure og Smøla) samt indre delar (særleg Sunndal), medan det nok er vesentleg mindre å finne i midtre fjordstrøk. Til dels har dette historiske årsakar, da det lenge har vore større areal med viktige utmarksbeite ute på øyene og oppe i fjell- og seterdalar. I våre dagar har dette forsterka seg, da det er enklare å oppretthalde beite på øyar (ein treng ikkje gjerde eller vere uroa over rovdyr som drep sauer) og oppe i nokre av seterdalane (der det var vore interesse for og samstundes mogeleg med større, rasjonelle husdyreiningar).

Naturbeitemarker i Tingvoll

På same måten som for slåtteenger har det vore aktive kartleggingar av naturbeitemark i Tingvoll dei siste 25 åra (Gaarder 1993, 2007; Gaarder & Folden 2011, 2014; Hagen 2000). Kunnskapen om naturtypen er difor ganske god, særleg lokalitetar som vert halden godt i hevd. For lokalitetar som er i att­groing er det nok litt dårlegare oversikt. Det er likevel framleis mogeleg å finne verdifulle lokalitetar i kommunen, og eg fann sjølv ei ute på Straumsnes seinast i januar i år.

Sjølv om det er mange kjende lokalitetar i Tingvoll, så verker kommunen ikkje spesielt viktig for bevaring av naturtypen i eit regionalt eller nasjonalt perspektiv. Vel 300 dekar med naturbeitemark er ikkje så mykje, mange kommunar har vesentleg meir enn dette. Som tidlegare nemnt er årsaka at Tingvoll er ein typisk kommune for midtre fjordstrøk, og det er sjeldan store areal med slike enger i denne sona. I fjordstrøka er areala helst enten skogkledde eller oppdyrka og intensivt utnytta. Naturbeitemarkene ligg i beste fall som små flekker i kantsona mellom kunstenga og skogen, eller på dei få, enno ikkje heilt attgrodde setervollane som er att. I mange grender er dei omtrent heilt forsvunne.

Sjølv om arealet ikkje er særleg høgt, utgjer dei likevel ei viktig brikke i variasjonen av enger, m.a. som ein gradient frå kysten og mot innlandet. Og, som eg kjem inn på seinare, så står artsmangfaldet på ingen måte attende for det ein finn andre stader!

I Tingvoll ligg naturbeitemarkene spreidd rundt i det meste av kommunen, men det er stadvis langt mellom dei i ytre delar, sjå figur 1. Tettast ligg dei ute på Holmeidstranda. Dette skuldast ein kombinasjon av mange små engstykke, eit aktivt hestehald, samtidig som einskilde gardbrukarar også held sau og ungdyr som kan beite på meir lågproduktive beiter.

Det er uvanleg liten skilnad i storleik på beitemarkene i Tingvoll. Årsaka ligg nok dels i ganske presise kartleggingar (lite feil i avgrensingane) og dels eit noko homogent naturgrunnlag. Ei gjennomsnittleg eng er berre på litt over 10 dekar, og storleiken er frå 2 til 26 dekar. Det er ein trend i at dei mest verdi­fulle også er dei største (snitt på 17 daa for svært viktige, 12 daa for viktige og 9 daa for lokalt viktige), men dette kan ikkje seiast å vere ein særleg sterk tendens. Ein viktig grunn er at ei sentral gruppe artar for verdsetting – beite­marksopp – er grundig undersøkt, og ein skal ikkje ha så store areal med engmark før variasjonen av artar i denne gruppa gjev store utslag.

Medan slåtteengene kan ha ganske ulike typar eigarar og grunnlag for at dei framleis vert halden i hevd, så er variasjonen mindre for naturbeitemarkene. Nesten alle er knytt til gardsbruk, og då helst gardsbruk som framleis er i drift (alternativet er at dei leiger ut jorda til andre brukarar). Det er så vidt registrert gamle setervoller, men diverre er det nesten ikkje att beitedyr på desse i kommunen, så dei er stort sett for attgrodde nå.

Kva slags husdyr som beitar på engene varierer ein del. Fleire av dei mest verdifulle vert brukt som beite for ungdyr av storfe. Også sau er ganske vanleg nytta for å halde dei biologisk verdifulle beita ved like i Tingvoll, men nok i klart mindre grad enn det som er vanleg i mange norske kommunar. I tillegg er det her fleire verdifulle beitemarker der hest er ein viktig skjøttar av naturverdiane, og det er meir uvanleg her til lands. Unntaksvis har også geit vore nytta i nyare tid. Den beste skjøtselen får ein ved å kombinere ulike dyreslag. Også det skjer framleis i Tingvoll, men er diverre ganske uvanleg sjølv her.

Beitemarksopp og møkkbiller - artsmangfald i naturbeitemark

Beitemarkene verkar kanskje ikkje like artsrike på folk som slåtteengene, men det er ikkje sikkert det er helt rett. Rett nok er det helst mindre blomster å finne, i det minste ser ein mindre av dei (fordi dyra ikkje berre vil sjå på ­blomane, men også et dei). Derimot finst det mykje anna rart her, ikkje minst av sopp og insekt. Og ofte kan mangfaldet av plantar vere høgt, berre ein ser godt nok etter.

Den einaste raudlista engplanta i kulturmark på Tingvoll veks i ei beitemark. På Solvang på Meisingset er det framleis ein fin, liten bestand av kvitkurle (raudlista som nær truga), etter at den helst har forsvunne frå slåtteengene i kommunen. Fleire uvanlege karplanter for distriktet finst også i beitemarkene, som breimyrull, kystmyrklegg og svartknoppurt. På Vågbø-øya har vi merke­lege førekomstar av sjeldsynte artar som lerkespore og klourt i strandnære beite­marker, artar som elles ikkje er rekna som særleg knytt til slike miljø.

Det er likevel blant beitemarksopp vi finn det store mangfaldet av spesielle og raudlista artar på naturbeitemark i kommunen. Så langt har vi funne minst 88 slike artar i naturbeitemarker i Tingvoll, og nesten årleg dukkar det opp nye. Solvang er den mest artsrike med 65 artar så langt, men fleire andre har over 45 artar (Venås, Oppistua, Saltkjelen). To av artane er sterkt truga, grå narre­musserong (kjent frå Saltkjelen, Solvang og Venås) og krattnarrevokssopp (kjent frå Oppistua), 21 artar er sårbare, 17 nær truga og ein med datamangel. Fleire av artane er internasjonalt truga og nyleg kom endeleg nokre sopp med på den globale raudlista. Det inkluderer m.a. raudnande lutvokssopp (sårbar i Noreg), som er kjent frå eit ti-tals lokalitetar på Tingvoll, der fleire er naturbeitmarker.

Insekt og andre virvellause dyr er ikkje så mykje undersøkt i naturbeite­markene på Tingvoll. Ei artsrik og særprega gruppe som trivst der, og som ein i liten grad finn i slåttemark, er møkkbillene og andre dyr som trivst i husdyrmøkk (på fint heter det koprofage insekt). Sjølv om vi framleis har mykje husdyr i Noreg, så har undersøkingar vist at denne artsgruppa har gått særskilt sterkt attende i nyare tid, og mange ­artar er­ ­allereie utrydda frå landet (sjå t.d. ­Sverdrup-Thygeson m.fl. 2009). Dei fleste artane vil ha tørr og varm sandjord, så ­Tingvoll byr ikkje på dei beste tilhøva. Likevel har spreidde under­søkingar vist at det finst ein del artar i kommunen, og minst ein av dei – håra gjødselbille (Aphodius prodromus) – er sjeldsynt i heile Midt-Noreg.

Status for naturbeitemarkene i Tingvoll

Ser ein på statistikken over husdyrhaldet i kommunen (www.ssb.no ), så ­skulle ein i fyrste omgang tru at vilkåra for å oppretthalde naturbeitemarkene var gode. Talet på storfe (og mjølkekyr) auka faktisk ganske mykje frå 1969 fram til 1979. Sjølv om det deretter har gått litt attende, er det framleis over nivået rundt 1970. Talet på sau har etter tusenårsskiftet vore det høgaste i moderne tid.

Men, situasjonen er diverre slett ikkje så lys. Naturbeitemarkene ligg spreidd, dei er ofte små og gjev mindre utbytte per arealeining enn den fulldyrka ­marka. Viktigare enn talet på dyr er difor at dyra er godt fordelt på mange bruk som kan utnytte desse småflekkene som finst rundt omkring. Og der går utviklinga i gal retning. Talet på bruk er redusert til berre ein fjerdedel av det som var før 1970. Talet naturbeitemarker er helst redusert like mykje og kanskje enno meir. Når gardbrukarane har store areal dei må forvalte, så har dei ikkje råd eller tid til å bry seg om desse lågproduktive småflekkene. Og slepper dei fyrst dyra dit, vert det lett for mange på liten plass og alt for mykje møkk og trakk. Vi har rett nok gode unntak frå dette, der ikkje minst beitemarka på Solvang på Meisingset, der Lage Meisingset er grunneigar, vert godt halden i hevd. Det er likevel tydeleg at det tradisjonelle husdyrhaldet si evne til å ta vare på naturbeitemarkene vert stadig dårlegare.

År

Storfe

Sau

Husdyrbruk

1969

2743

1405

343

1979

3450

1287

232

1989

3391

862

163

2003

3542

1623

115

2013

3147

1608

82


Biletet er likevel ikkje heilsvart. Nokre stader har attgroande enger fått tilbake beitedyr. Dette er det gode døme på nær der eg sjølv bor på Vågbø. Her har hestehald ført til at fleire verdifulle beitemarker på ny vert brukt. Samtidig er det framleis eit par bruk med mjølkekyr i grenda, noko som fører til at ungdyr må beite på dei meir lågproduktive beitemarkene. Nokre stader, særleg i Straumsnes, har ein byrja med villsau, og desse er flinke til å beite godt ned fleire verdifulle naturbeitemarker i denne delen av kommunen. I tillegg ligg eit par av beitemarkene på økologisk drivne gardsbruk, der m.a. bruk av kunstgjødsel ikkje er eit trugsmål.

Framtida

Dei overordna trendane i landbruket er heilt klart negative for naturbeite­markene og det biologiske mangfaldet der. Talet på bruk i drift vert stadig færre og gardbrukarane har mindre og mindre tid til å ta vare på beitemarkene som er att. At dei slår seg saman til store fellesanlegg gjer ikkje situasjonen betre. Vi importerer stadig meir kraftfôr og brukar mykje kunstgjødsel, noko som fører til at beitemarkene vert sterkare gjødsla med nitrogen og dermed meir artsfattige. Omsorgsfullt stell av små, magre naturbeitemarker som treng godt avpassa og helst variert beiting, kombinert med rydding av busker og kratt, vert stadig meir sjeldan å sjå.

Eit positivt trekk har vore at det i aukande grad har kome tilskotsordningar for å ta vare på dei små flekkane med biologisk verdifull kulturmark som vi enno har att. Mykje har vore retta mot slåtteengene, men gjennom dei såkalla SMIL-midlane klarer ein å motivere fleire gardbrukarar til å halde oppe den miljøvenlege drifta enno nokre år. Tilskot til økologisk landbruk er ei anna ordning som også har medverka positivt. Det same har den aukande populariteten til bruk av hest og satsing på kjøttfe eller villsau, når desse dyra berre får lov til å gå og finne maten sjølv og ikkje vert tilleggsfôra mykje av tida.

I motsetnad til for slåtteengene er det enno ikkje utarbeidd skjøtselsplanar for å ta vare på naturbeitemarkene i kommunen. Det er å håpe på at slike kan kome på plass også i løpet av nokre år, men styresmaktene har hittil vore noko avventande her.

Kjelder
Bratli, H., Jordal, J-B., Norderhaug, A., Svalheim, E. 2012. Naturfaglig grunnlag for handlingsplan naturbeitemark og hagemark. Bioforsk Rapport. Vol. 7, nr 193. 90 s.
Gaarder, G. 1993. Natur i Tingvoll. Naturverdier i Tingvoll kommune, Møre og Romsdal, med spesiell vekt på biologisk mangfold. Tingvoll kommune, Miljø- og næringsetaten. 65 s.
Gaarder, G. 2007. Verdifulle kulturlandskap i Tingvoll kommune. Miljøfaglig Utredning, rapport 2007:8. 71 s. + vedlegg
Gaarder, G. 2014. Slåtteenger i Tingvoll. Nordmøre museum Årbok 2014: 185-196.
Gaarder, G. & Folden, Ø. 2011. Supplerende naturtypekartlegging i Tingvoll kommune. Miljøfaglig Utredning Rapport 2011:29: 1-19 + vedlegg.
Gaarder, G. & Folden, Ø. 2014. Supplerende naturtypekartlegging i Tingvoll kommune 2012-2013. Miljøfaglig Utredning notat 2014-4. 16 s. + vedlegg.
Hagen, G. 2000. Kartlegging og verdisetting av naturtypar i Tingvoll kommune. Upubl. hovudfagsoppgåve ved NLH. 216 s. + vedlegg.
Henriksen S. og Hilmo O. (red.) 2015. Norsk rødliste for arter 2015. Artsdatabanken, Norge.
Miljødirektoratet 2016. Naturbase. http://kart.naturbase.no
Sverdrup-Thygeson, A. et al. 2009. Kartlegging og overvåking av rødlistearter. Delprosjekt II: Arealer for Rødlistearter - Kartlegging og Overvåking (ARKO)

 Artikkelen er fra Nordmøre museums årbok 2016