Skal vi samle på blomster i Nordmøre museum?!

Av Dordi Kjersti Mogstad

Spørsmålet kom frå ein kollega i Nordmøre museum da Svinviks arboret kom med som eit nytt anlegg i museumsfamilien på Nordmøre i 2006.

Svinviks arboret er ein stor naturhage ved Todalsfjorden i Surnadal kommune, og mest kjent for overdådig blomstring av store rododendronar på våren. Mellom furuleggar og blåbærlyng bygde ekteparet Anne og Halvor Svinvik i peri­oden 1940-1970 opp ei sjeldan samling av framande tre, buskar, frukthage og staudebed. Ein lengre periode (1971-2009) stod Seksjon for naturhistorie under NTNU Vitskapsmuseet, univers­itetsmuseet i Trondheim, som eigar og drivar av Svinviks arboret. Frå 2010 er det Surnadal kommune som eig an­legget, og Nordmøre museum står for drifta som del av avdelinga i Surnadal. Svinviks arboret har dermed gått frå å vere forvalta av eit naturhistorisk fagmiljø under eit universitetsmuseum, til å bli ein del av et samla kultur­historiske museumsmiljøet på Nord­møre.

Tilbake til spørsmålet i overskrifta. Eit godt spørsmål, fordi det viser at ein innafor eit kulturhistorisk museumsmiljø lett kan kome til å definere kunnskap om planter, dyr, landskap, natur og økologiske samanhengar som naturhistorie, og dermed utanfor det vi skal ta hand om. Og eit godt spørsmål, fordi det gir høve å sjå nærare på kvifor og korleis ein del ”grøn kunnskap” likevel bør ha ein plass innafor dei kulturhistoriske musea.

Verdifulle kulturlandskap som nøkkelord

Omgrepet kulturlandskap og innhaldet i dette gir eit opplagt døme på at naturhistorie og kulturhistorie må følgjast åt. I si vidaste tyding omfattar det alt landskap påverka av menneske. Oftast er bruken av omgrepet av­grensa til det landskapet som er skapt gjennom lang tids stabil bruk av menneske og husdyr til å skaffe fram husdyrfor og mat - eit småskala, tradi­sjonelt landsbrukslandskap. I kulturhistorisk samanheng blir dyrk­ings­areal som åkrar og hagar gjerne inkludert.

Dei sterkt moderniserte og effektiviserte areala knytt til dagens landbruk kan også vere kulturhistorisk interessante. Dei er mindre verdifulle når ein er oppteken av naturmangfaldsverdiar utvikla i kulturpåverka landskaps­typar. Som regel er derfor ikkje desse landbruksareala medrekna når ein talar om bevaring av verdifulle kulturlandskap.  

Korleis så ta vare på verdifulle kulturlandskap?

Dei gamle, allsidige kulturmarksareala tek ikkje vare på seg sjølv. Dei er skapt og blir halde ved like gjennom lang tids stabil påverknad av menneske med enkle reiskap og dyra deira. Slik har dei vorte kulturskapte naturtypar, med spesiell utsjånad, og fuglar, smådyr og planter tilpassa til å leve i nettopp eit slikt miljø. Desse landskapa har dermed også vorte særleg verdifulle i estetisk, naturhistorisk og kulturhistorisk forstand.

For å ta vare på slike kulturmarksareal, må ein fortsetje å skjøtte dei på same vis som medan dei var i tradisjonell bruk. Det betyr at til dømes blomsterengene framfor nokon – dei gamle slåtteengene – må slåast med lett og skarp reiskap til bestemte tider. Berre slik vil dei fortsetje å blomstre med dei blomstrane vi menneska har levd med og dikta om til alle tider. Og vi må vite at å gjødsle med kunstgjødsel, bruke reiskap som knuser og legg att graset i enga, eller beite med nye, tungfota husdyrrasar er uaktuelt på slike stader.

Bevaring av desse landskaps- og naturtypane krev altså aktivt arbeid i dei. Og når finstemt og spesifikk skjøtsel er nødvendig for å ta vare på kval­itetane, krev det at ein kombinerer fleire typar kunnskap – i både kultur­historie og naturkunnskap. Desse to forholda gjer at verken det tradisjon­elle naturvernet eller tradisjonelt kulturminnevern heilt fungerer åleine når ein skal ta vare på verdifulle kulturlandskap.

Kva gjer ein så, og kven steller med slike landskap i dag?

Miljø- og landbruksforvaltning og dei naturvitskaplege fagmiljøa har vore førande i å skaffe fram og formidle kunnskap, forvalte og bevare verdiar i tradisjonelle kulturmarksareal som enno finst att rundt om i landet vårt. Natur- og landbruksforvaltning har stått for registreringar, handlings­planer, tilskotsordningar og praktiske skjøtselstiltak, og samarbeidd med grunneigarar om å ta vare på utvalde og spesielt verdifulle kulturlandskap. Prosjektet ”Mennesket og naturarven” er nyleg (2010) starta i regi av Statens naturoppsyn (SNO) med mål om å samle inn og ta vare på tradisjonell kunnskap om natur, og bruke den til å auke engasjement og forståing for vern og bærekraftig naturbruk (Sjå referanse- og adresseliste til slutt for meir informasjon om ovanståande).

Det seier seg nesten sjølv at dokumentasjon og kunnskapsproduksjon knytt til dei tradisjonelle kulturlandskapa også må vere interessante for kulturhistoriske fagmiljø, ikkje minst dei kulturhistoriske musea. Men er vi ”med på laget” her enno?

Kulturlandskap på museum?

Ved dei kulturhistoriske musea, så vel som i kulturminneforvaltninga, har ein samla på historier frå seterliv og markaslått, og flytta reiskapar og byg­ningar knytt til dette landskapet inn på museumstuna. Dei areala alt dette opprinneleg høyrer til i – slåttemyrene, heimetrøene og seterstølane – har kulturminnemyndigheiter og dei kulturhistoriske fagmiljøa inntil ganske nyleg vore lite opptekne av å ta vare på.

Fokuset held på å endre seg litt no. Kunnskap om samanhengar, handling og handlag, samt større fagleg breidde blir viktig ilag med dei enkelt­stå­ande gjenstandane. For fullt ut å forstå alle ljåane, rivene, dragar­kjelkane og dei gamle markahøyløene på musea må vi kople dei til det særmerkte landskapet dei har vore laga til og bruka i. God forvaltning og formidling ved musea føreset eigentleg at vi har slike areal tilgjengeleg – med natur­mangfald, estetisk og kulturelt innhald i behald.

Det finst gode døme på kulturhistoriske museumsmiljø her i landet som fokuserer heilskapleg på kunnskap om det menneskeskapte landskapet. Sidan 2004 er også kulturlandskap vore tema innafor Det nasjonale museumsnettverket for kulturlandskap. Nettverket arrangerer årlege fag­samlingar og har gåande fleire tverrfaglege prosjekt knytt til kunnskap om det tradisjonelle kulturlandskapet. I Nordmøre museum melde vi oss inn i nettverket i 2010, med avdelinga i Surnadal som kontaktpunkt så langt. Viktige mål med å delta er å styrke oss fagleg, samarbeide og gjere vårt museum synleg i det nasjonale museumsmiljøet innan kulturlandskap.

Det er likevel langt mellom dei kulturhistoriske musea her i landet som aktivt og kunnskapsbasert forvaltar verdifulle kulturlandskapsareal som del av ei systematisk samlingsplan. Eit kulturlandskap er levande, med sine planter og dyr og krav til aktiv skjøtsel – og sjølvsagt ”noko nytt” i for­hold til ei tradisjonell gjenstandssamling. Ved dei kulturhistoriske musea skal vi vere gode på å samle og formidle kunnskap om tidlegare tiders menneskelege levemåtar. Kanskje burde vi da på eige kulturhistorisk grunnlag ta vår del av jobben med å bevare meir av verdifulle kultur­landskap ved å inkludere desse i våre museumssamlingar?

Men skal vi da verkeleg byrje samle på blomster?

Kva skal dei kulturhistoriske musea sikre som kunnskap for framtida? Og kva kompetanse treng vi for å forvalte og formidle alt vidare inn i framtida? Nordmøre museum er nok ikkje åleine om å måtte sjå nærare på spørs­målet om ”kva vi skal samle på” frå tid til annan. Når ein så blir bedt om å forvalte ein spesiell hage og levande plantesamling som i tilfellet Svinviks arboret, er det høgst naturleg å stille seg nokre spørsmål.

No er det slik at innan det nasjonale museumsnettverket for kultur­land­skap arbeider ein også med historiske hagar. Medan naturenga med ville planter og dyr i det gamle landbrukslandskapet er både natur- og kultur­historie, er hagane så og seie rein kulturhistorie. I ein hage er til og med sjølve plantene flytta på, utvikla og omforma av menneske – og fått eigen­skapar hageentusiastar og plantedyrkarar har ønska seg opp gjenn­om tidene.

Den vesle kjøkkenhagen utafor husnåva i Austistua Mogstad vart anlagt sist på 1930-talet med tilgjengelege sortar av neper og kål og bærbuskar, og lauk og timian som bestemor mi måtte ha for å få til riktig god morr­pølse. Dette er eit døme på svært lokal kjøkkenhagehistorie frå Surnadal. Veggtrea med Gravensteineple og rekkjene med georgine, pion, takbruse, keisarkroner og dagliljer langsetter staselege nordmørslåner er eit anna hagehistorisk døme med regionalt særpreg. I begge tilfelle kan ein dukke djupt i mykje interessant kulturhistorie.

Ser vi på Svinviks arboret litt igjen, finst det mykje historie til kvar enkelt plante i anlegget. Halvor Svinvik dokumenterte mykje i dagbøkene sine. Den vakre staudehagen til kona Anne Svinvik vart beundra, men aldri på­akta nok til å bli dokumentert og systematisk teke vare på. I dag er det nye tider, og det vi har att av gamle pionrøter, juleroser og krølliljer er som gullskattar for alle oss som er interessert i gamle stauder. Hugs at dette er planter som er delt og delt – dei har gått frå hand til hand i generasjon etter generasjon – ein levande kulturarv i si mest bokstavelege tyding. Så kvar fekk Anne dei frå, og tok mange vegen vidare som frådelte røter i plantegåve frå Anne?

Så endeleg må vi svare på spørsmålet – har verkeleg alle desse blomstrane noko å gjere i Nordmøre museum?

Det finst truleg framleis fleire meiningar om dette. Og sjølvsagt handlar det eigentleg ikkje om å samle på blomster. Det handlar om å samle og ta vare på kunnskap om samanhengar mellom menneske, natur, planter, dyr og landskap her på traktene.

Menneske har i lange tider bruka lyngheiene på Smøla og markaslåttane i Surnadal, slik at dei fekk maksimalt av ressursar ut av desse areala utan å øydelegge dei – ein påverknad som har skapt verdifulle, vakre landskap med heilt særeigne plante- og dyresamfunn. Menneska på Nordmøre har opp gjennom tidene kunna kunsten å ”lese landskap”, ta teikn av naturen og gjere seg nytte av denne. Dei visste å skilje mellom gode og dårlege ut­marksslåttar, kor ofte ein kunne pile ein gammel alm, og korleis den rette torva til å tekkje gode torvtak skulle sjå ut. Generasjonar av nordmøringar før oss har laga seg sine humlehagar og poda sine epletre. Og nord­mør­ingar har teke med seg fine laukar, planterøter og nye im­pulsar på reiser utanbygds, og planta seg prydhage framom husa når dei vel var heime etter turen. På Nordmøre har vi i dag verdifulle kulturmarker og særmerkte hagar knytt til våre museumsavdelingar, og dermed muleg­heit for å både forske, forvalte og formidle med utgangspunkt i denne delen av kultur­historia vår. Da treng ein bruke mang slags kunnskap - også denne ”grøne kunnskapen”.

Svaret til slutt må derfor bli; ja, vi bør også samle på blomster i Nordmøre museum. Som levande planter i verdifulle kulturmarker og hagar…

Og i overført forstand - som presis kunnskap om det mangfaldet i natur og landsskap som har gitt menneska ressursar opp gjennom tidene, og kor­leis mennesket har påverka natur og landskap tilbake.

Eit utval aktuell litteratur:

Anon. 2002: ”POM Programmet for odlat mångfald. Informasjonsbrosjyre”,

Centrum for biologisk mångfald, Sveriges lantbruksuniversitet & Uppsala

universitet, Sverige

Direktoratet for naturforvaltning 2009. ”Handlingsplan for slåttemark”,

DN-rapport 6-2009. ISBN (trykt) 978-82-7072-797-1

Fremstad, E. og Moen, A. (red) 2001. ”Truete vegetasjonstyper i Norge”,

NTNU vitenskapsmuseet. ISBN 82-7126-621-7. Som pdf på nett:   www.ntnu.no/vitenskapsmuseet

Fremstad, E. & Solem,T. 2005: ”Akeleie og abrodd. Hagens tradisjons-

Planter”, Hefte i serien ”Bli med ut!”. NTNU Vitenskapsmuseet. ISBN 82-

7126-716-7(også som pdf på nettsida til NTNU Vitenskapsmuseet)

Jensen, M.A. 2011: ”Kulturlandskap på museum – er det et problem?”

Foredrag på nettverksmøte i museumsnettverket for kultur­landskap,

Lista 15.-17. august 2011 (skriftleg versj. hos nettverket).

Marstein, M. 2008: ”Oldemors pion og sånne gule liljer. Veger til viten om

gamle stauder i nåtidas hager”, Masteroppg. i kulturhist., Inst. for kultur­

studier og orient. språk, UIO. Pdf på nett: www.akersmus.no/gamlehvam

Moen, A. 2000: ”Botanisk kartlegging og plan for skjøtsel av Tågdalen

naturreservat i Surnadal”. Rapport botanisk serie 2000-7. NTNU Viten­- skaps­museet. ISBN 82-7126-596-2

Norderhaug, A. et al 1999: ”Skjøtselsboka for kulturlandskap og gamle

norsk kulturmarker”. Landbruksforlaget ISBN 82-529-2354-2

Olsson, R. et al 2008: ”Mångfaldsmarker. Naturbetesmarker - en värdefull

ressurs. Hagmarksmistra/Centrum for biologisk mångfold”. Sveriges

lantbruksuniversitet & Uppsala universitet. ISBN 978-91-89232-29-7

Tretvik, A.M Krogstad, K. 1999: ”Historisk studie av utmarkas betydning

økonomisk og sosialt innen Tågdalens naturreservat for Dalsegg-grenda i

Øvre Surnadal”. Rapport botanisk serie 1999-2. NTNU Vitenskapsmus.

ISBN 82-7126-580-6

 

Aktuell informasjon på nett:

Dir. for naturforvaltning: www.dirnat.no/naturmangfold/kulturlandskap

Museumsnettverk: www.kulturlandskapsnettverk.museum.no

Norsk genressurssenter: www.skogoglandskap.no/genressurser

POM, Programmet for odlat mångfald:www.pom.info

Plantearven: www.plantearven.no