Velkommen til Surnadal: Diktarheimen Kleiva

Ein liten spasertur frå sentrum i Surnadal finn du heimen til bygdediktar og lokalhistorieforfattar Hans Hyldbakk.

Åpningstider

Åpent på bestilling

Priser

Gruppepriser: 
etter avtale

Her finner du oss

Kleiva
6650 Surnadal

Telefon: 91 39 94 52 Avdelingsleder:
maja@nordmore.museum.no

Velkommen til Kleivakongens rike

Frå tunet har ein vidt utsyn over breibygda i nedre Surnadal, akkurat slik Hans Hyldbakk (1898-2001) ville ha det då han bygde heimen sin her i si tid. Her oppe skreiv Hyldbakk sine 19 bind med slektshistorie og bygdebøker. Han ga også ut 11 diktsamlinger, den siste då han var 100 år. Mest kjent er nok Hyldbakk for diktet «Vårsøg», som han skreiv fredsvåren 1945. Sambygdingen Henning Sommerro har seinere tonesett diktet.

Hyldbakk fikk fleire utmerkingar for sitt arbeid, og fikk mellom anna Kongens fortenestemedalje i gull i 1994.

Kleiva vart bygd i 1938, og påbygd i 1953 med delar frå barndomsheimen, som då skulle rivast. Husa står slik dei gjorde då Hyldbakk flytta på aldersheimen på Skei i 1987. Kammerset der han vart født er bevart, ilag med vogga som han og søskena låg i som barn.

Kvar vår, siste helg i mai, blir kulturhelga Vårsøghelga i Surnadal arrangert, med Kleivakvelden som fast tradisjon, ein friluftskonsert med heile bygda som bakteppe.

Grupper kan i sommarhalvåret bestille omvisning på Kleiva.

Dersom du ønskjer å ta turen og nyte utsikta kan du gjere dette når som helst. Vegen opp til Kleiva er merket som STIKKUT-tur fra Surnadal kulturhus, ein kort og relativt lett fottur på grusveg, som passar dei fleste.

 

Artikler relatert til Surnadal: Diktarheimen Kleiva