Nordmørsåkleet - kva er eit nordmørsåkle?

Av Marit Jorid Brennskag

Denne artikkelen er basert på ei semesteroppgåve på Vestnorsk kulturakademi i 2008. Da eg skulle velja tema til denne semesteroppgåva, var valet ganske enkelt. Her hadde eg høve til å få svar på spørsmål om nordmørsåkleet, noko som både kan hjelpe meg - òg kanskje andre - til å gjera ein betre jobb som museumsarbeidarar, samstundes som eg personleg ville ha glede av større kunnskap rundt temaet.

Nordmørsåkle er eit omgrep dei fleste nordmøringar er kjend med. Mange veit òg kva eit nordmørsåkle er - eller iallefall trur dei veit kva dette er. I arbeidet mitt som museumsarbeidar

har ofte spørsmål om desse åklea dukka opp. Eg har etter beste evne gjort forsøk på å besvara  spørsmåla. Likevel har eg ofte vore i tvil, er svara som eg gjev, riktige? Kan det vera mogeleg å skaffe seg større kunnskap omkring dette temaet, slik at eg kan vera i stand til å formidle dette vidare til publikumet vårt?

Eg er òg personleg sterkt oppteke av dette, sia mykje av fritida mi vert nytta i vevstolen, der eg mellom anna er glad i å veva nye nordmørsåkle.

Kva er eit nordmørsåkle?

Dette vert spørsmålet vi vil ha svar på. Ein ting står fast: Åklea er vove, men det er mange andre ulike spørsmål vi må ha svar på før vi kan finne svar på problemstillinga vår:

  • Først og fremst må vi finne ut kva teknikk som er nytta, og kor mange skaft skal veven ha?
  • Kva garn skal nyttast i renninga, er det lin eller bomull, eller kanskje begge delar?
  • Kva garn kan nyttast i innslaget, er det tjukt eller tynt, hardspunne eller lausspunne?
  • Korleis er mønsterbordane i desse åklea? Er variasjonane få eller mange?
  • Korleis har fargetradisjonane vore?
  • Korleis har utbreiinga vore, og er det store forskjellar på indre og ytre strøk?
  • Korleis er tradisjonane teke vare på, før og no?

Desse spørsmåla vert ein del av problemstillinga vi vil ha svar på.

Sjølv om omgrepet nordmørsåkle er er godt kjend på Nordmøre, har eg ikkje greidd å finne ei einaste skriftleg kjelde som beskriv nordmørsåkleet. Slik må vel denne tradisjonen vera handlingsbåren kunnskap på sitt beste, for nordmørsåkleet finn ein framleis i dei fleste heimane her på Nordmøre. Sjølv i dag er det mellom anna vanleg å gje slike åklede i bryllaupsgåve.

Sjølv trur eg å veta litt om åkleet vårt. Eg veit at det er vove i teknikken krokbragd. Eg trur det kan vera vove med både med 3 og 4 skaft i veven, men stemmer dette tru? Har eit håp om at arbeidet med denne oppgåva kan vera med å klårgjere spørsmål omkring nordmørsåkleet.

Kjelder og omgrep

Som tidlegare nemt, er det lite eller ingenting som er skreve ned om nordmørsåkleet. På grunn av dette trudde eg, da eg starta på oppgåva, at det var samtalar med ulike tradisjonsberarar på Nordmøre som skulle gje svar på spørsmåla mine. Etter kvart forsto eg at  like viktig, og kanskje viktigare, vart sjølve produkta eg skulle koma til å finne i dei ulike distrikta. Dei gamle veverskene er forlengst borte, men ettermelet deira, åklea, lever vidare. Mange etterkommarar av veverskene har teke godt vare på dei gamle tekstilane, og mange kan òg fortelja om  tradisjonsberarane, som desse kvinnene var.

Metoden

I arbeidet mitt som museumsarbeidar og engasjement i husflidslag, har eg etter kvart mange referansar eg kan dra nytte av i arbeidet med semesteroppgåva. Mange kjenner nokon, som kjenner nokon som kanskje kan gje svar på spørsmål omkring problemstillinga. Telefonen vart flittig nytta. Dei første eg tok kontakt med, var leiarane i husflidslaga rundt om på heile Nordmøre. Mange av desse husflidslagsleiarane hadde god kunnskap om kven som sat inne med mykje kunnskap i deira eige distrikt, og slik fikk eg nye namn på lista over nye kontaktar. Men ingen regel utan unnatak, det sat òg leiarar i husflidslag som kunne lite eller ingenting om tekstilar i det heile. Dette forbausa meg, sia husflidslaga ofte er dei største formidlarane av den handlingsbårne kunnskapen som omhandlar tekstil i distrikta. Etter kvart hadde eg riktig mange adresser som  eg og fotoapparatet mitt skulle oppsøkje. Eg er sjølv ivrig i vevstolen, og har etter kvart tilegna meg ein del kunnskap om dette handverket. Denne kunnskapen var viktig å ha i botnen når dette arbeidet skulle gjennomførast. Det er vanskeleg å diskutere vevteknikkar utan å vera trygg på handverket. Dette var òg med på å skape tillit mellom meg og dei mange eg besøkte. Oftast var dette eldre damer, som «smelta» når vevteknikkar og andre handarbeidsmetodar vart diskuterte. Mange gav uttrykk for at det var sjeldant å få besøk som interesserte seg for handarbeide. Eg besøkte òg små vevstuer, der damer med stor arbeidslyst hadde funne saman for å dyrke hobbyen sin. Her vart det meinigsutvekslingar og gode samtalar til glede for begge partar.

Ein analyse av nordmørsåkleet

Teknikk

Nordmørsåkleet er vove i vevteknikken krokbragd. Ein finn åkle både i enkel og dobbel krokbragd, med både 3- og 4-skaft. Dei fleste av dei veverskene som er aktive i dag, vev for det meste åkle i dobbel krokbragd med 4 skaft, og det er òg dei som er av den meininga at nordmørsåkleet berre skal vevast på denne måten. Dette viser seg ikkje å stemme. Når ein studerer åkle som som er vove i andre halvdel av 1800-talet og først på 1900-talet, finn ein eksempel på begge teknikkane, men det kan sjå ut som om det er dobbel krokbragd med 3 skaft som er mest utbreidd i denne tida. I oppskriftboka til Johanne Halse (vi skal koma attende til ho seinare), finn vi òg oppskrifter både på enkel og dobbel krokbragd.

Som før nemnt, er det i den seinare tid mest vanleg med dobbel krokbragd og fire  skaft. Det kan sjå ut som om fire skafts veven etter kvart har  fått  større prestisje enn 3-skaft-veven. Det kan nok forklarast med at ein i den 4-skaft-veven får ein større mønstervariasjon. Samstundes er den òg meir tidkrevjande, og det går med meir garn enn i ein 3-skaft vev. Dette garnforbruket vil eg tru kan vera ein av grunnane til at 3-skaft-teknikken vart mest nytta før i tida.

Dei eldste åklea eg har studert er truleg frå siste delen av 1700-talet. Det første dukka opp på Averøya da eg besøkte Laura Hopmark Ødegård. Søster til Laura, ho Mary, hadde hjå ein nabo funne ein del av eit åkle som vart nytta til overbredsel  i potetkjellaren. Åklebiten skulle nok beskytte potetene mot frost. Mary fekk denne, og eg kunne no få studere dette vidunderet hjå Laura. Mary hadde kome fram til at åklebiten opprinneleg hadde tilhøyrt Olava Olsdotter Grytbakk. Ho kom til Averøya frå Skralthaugen i Surnadal, altså indre Nordmøre, og den måtte stamme frå 1700-1800-talet. Sjølv konsentrerte eg meg ikkje i særleg grad om dette åkleet, sia det ikkje var typisk for nordmørsåkleet slik eg kjende det. Renninga var av lin, og det var to tråder i skei, ikkje ein, slik eg tidlegare var van med å sjå. Teknikken var enkel krokbragd, noko som heller ikkje er så vanleg i nordmørsåklea. Eg fotograferte åklebiten og fekk med meg historia Laura fortalde, men trudde at dette var noko som ikkje vedgjekk problemstillinga rundt nordmørsåkleet.

Da eg var på besøk på Ålvundfossen i Sunndal kommune veka etter, kunne Rannei Rødset syne meg eit gamalt åkle ho hadde i sitt eige. Dette var eit dobbelt fellåkle etter Ragnhild Hansdotter Sande, som var fødd på 1700-talet. Ragnhild kom frå bygda Sande i Sunndal, som i den tida var ei av fleire bygder i Sunndal som ikkje hadde så stor kontakt med bygdene rundt. Kva var det så eg fekk sjå? Jau, dette var eit åkle ganske identisk med det eg tidlegare hade sett på Averøya. Teknikken var den same, enkel krokbragd, renninga var identisk, linstry tredd dobbelt i skeia.

Kunne dette vera forgjengaren til nordmørsåkleet slik vi i dag kjenner det, eller var det ein teknikk- tradisjon som hadde levd på sida av nordmørsåkleet? Eg frykta at dette spørsmålet kunne bli vanskeleg å finna svar på, men om det var nokon som kunne vera med å belyse denne problemstillinga, måtte det vera Randi Lysø frå Surnadal. Randi er i dag i forkvinne i Nettverksgruppa i vev  i Møre og Romsdal, og ho er ein aktiv kurslærar i husflidslaga på Indre Nordmøre. Eg kontakta Randi og diskuterte dette spørsmålet med henne. Randi fortalde at dette var ein type åkle ho òg hadde kome over, og ho hadde den oppfatninga at også dette kunne nemnast som eit nordmørsåkle. Ho trudde ikkje det var grunnlag for å tru at det var ein forgjengar til den åkletypen vi i dag kjenner til, men at det hadde levd sitt liv på sida av dei  «vanlege» teknikkane som vart nytta. Mest truleg kunne det forklarast med at dei som hadde vove desse åklea hadde nytta den vevskeia dei hadde, og at resultatet av dette vart at dei måtte ha to trådar i tinn i ei grov skei istaden for å nytta ei finare skei med ein tråd i tinn.

Eit meir konkret svar på dette spørsmålet har eg ikkje vore i stand til å finne, men det er kanskje noko ein kan arbeide vidare med ved eit anna høve.

Etter å ha studert eit stort antal eldre og nyare åkle, samtidig som vi har ei skrifleg kjelde i vevboka til Johanna Halse, ser det ut til at vi kan konkludere med at enkel og dobbel krokbragd, med både 3-og 4 skaft, kan nyttast i nordmørsåkleet, sjølv om dobbel krokbragd nok er den vanlegaste teknikken.

Materiale

Renning
I dei eldste åklea eg har studert, ser eg at det berre er linrenning som er nytta, noko som kan forklarast med at ein kunne dyrke lin og spinne sjølv, utan dei store kostnadane. På indre Nordmøre var det fram til første halvdel av 1800-talet ein stor linproduksjon rundt om på bygdene, og «eksporten» av lin til resten av landet var stor. Seinare, i andre halvdelen av 1800-talet, vart bomull  meir vanleg, noko som òg viser seg i åklea våre. Utover på 1900-talet ser vi at bomull ofte vart like mykje nytta som lin. Konklusjonen blir da at både lin og bomull kan nyttast i renninga.

Innslag

Til innslag har det alltid vore nytta ullgarn. I eldre åkle kan vi sjå at det mest utan unntak er nytta heimespunne ein-tråds garn. Alle eg har vore i kontakt med under arbeidet med oppgåva er òg samstemte når det gjeld dette: I nordmørsåkleet skal det vera ein-tråds garn. Likevel kan vi sjå at òg tvinna to-tråds garn har vore nytta i dei seinare åra. Truleg er dette gjort for at arbeidet skal gå raskare. Men mønsteret vert grovare, og åklea tjukkare og tyngre.

Tradisjonane og kunnskapen rundt om i bygdene viser oss tydeleg at slike to-tråds åkle nok ikkje kan kallast eit nordmørsåkle.

I tidlegare tider var garnet sjølvsagt heimespunne og heimefarga. Desse åklea vert ekstra fine, sia det heimspunne garnet oftast var svært tynt, og plantefarginga av garnet gjorde fargane særleg samstemte. Etter siste krigen vart det meir vanleg å kjøpa det garnet som trongst. Og i dag er det så og seie ikkje nytta heimespunne garn lenger. Husfliden sel ein-tråds garn som er produsert ved Rauma ullvarefabrikk. Dette var grunnen til at eg tok kontakt med Arnstein Digernes ved Rauma ullvarefabrikk for å få fleire opplysningar om dette garnet.

Arnstein Digernes fortel:

«Produksjonen av ein-tråds spelsaugarn starta opp like før krigen, så før den tid vart det nok nytta heimespunne garn i produksjonen av nordmørsåkleet. Det vart i denne tida hevda at spelsauull umogeleg kunne spinnast maskinelt, sia denne ulla inneheld alt frå stive dekkhår til den finaste merinoull. Denne påstanden vart gjort til skamme, og produksjonen kom igang. Det var først etter krigen at det kom fart i produksjonen, og volumet auka betrakteleg. Produksjonen av ein-tråds spelsaugarn nådde ein topp i 1970-åra, i den tida vevkursa hadde ein blomstringsperiode. Etter dette har etterspørselen etter dette vevgarnet vore minkande, for så å stabilisere seg dei siste 5 åra.

Rauma ullvarefebrikk er i dag den einaste fabrikken i Norge som produserer ein-tråds spelsaugarn. Leveransen av dette  garnet går først og fremst til husflidsbutikkane på Nordmøre, der det i hovudsak vert nytta til nordmørsåkle, men òg til andre husflidsutsalg rundt om i landet. Da vert det for det meste vert nytta til billedvev.

Elles eksporterer ein no òg dette garnet til Sverige, sia det er slutt på slik produksjon der borte. Når det gjeld levering av ubleika garn som kan nyttast til plantefarging er volumet lågt, men stabilt.» (Digernes 2008)

Det er i dag svært  få, om nokon, som spinn sitt eige garn til nordmørsåkleet. Samtalen med Arnstein Digernes syner oss difor at vi er avhengige av at Rauma ullvarefabrikk opprettheld produksjonen av dette garnet om vi skal kunne fortsette vevinga av slike åkle.

Konklusjonen vert da at for å få eit ekte nordmørsåkle må vi nytta ein-tråds ullgarn til innslaget.

Mønstringar

Nordmørsåklea har rike mønstringar. Vi ser at variasjonane i mønsterbordane er mange, og her er det berre fantasien og teknikken som set begrensningane. I dei gamle nordmørsåklea ser vi at heile åklea for det meste er dekt av ulike mønsterbordar, medan vi i nyare åkle oftare kan finne  eksempel på einsfarga felt innimellom. Når vevaren har valgt å legge inn einsfarga felt, er det nok grunnen at dette gjev eit raskare resultat.

I dag er det ikkje sjeldan å sjå at heilt ned i to mønsterbordar er tekne att gjennom heile åkleet. Dette gjev eit kjedeleg uttrykk om ein samanliknar med det som tidlegare var vanleg.

Her har mellom anna husflidsorganisasjonane eit ansvar for at tradisjonane med stort mangfald vert teke vare på.

Som ei oppsummering kan ein seie at tradisjonelt avløyser den eine mønsterborden den andre, og heile åkleet skal da vera mønsterdekt. Ein kan og nytte alle dei mønstervariasjonane teknikken kan gje.

Fargar

Nordmørsåklea er svært fargerike. I dei eldre åklea kan vi sjå at garnet var plantefarga, ofte med sterke fargar. Når vi studerer desse åklea, kan fargane verke duse og nøytrale, men om vi kikkar på baksida og inn imellom laga av tråder, vil vi sjå at mange av fargane har vore svært så skarpe. I ein periode vart det òg nytta syntetiske fargar. Desse fargane har halde seg godt, men er meir grelle og skarpe enn plantefargane, noko som fører til at det ikkje er like godt å kvile augo på desse åklea.

Dei gamle hadde ofte stor kunnskap om dei enkelte plantane og kva fargar dei kunne gje. Dette var kunnskap dei arva etter formødrene sine.

Helga Løset, f. 1926, frå Rindal fortel:

«Eg minnes frå vi var småjenter at vi var i utmarka og  såg etter krøtera. Da hadde vi alltid med ei korg til å samle planter i. Dette skulle ho mor bruke til plantefarging av garnet sitt. Eg var ikkje alltid like glad i denne farginga, det kunne ofte lukte fælt, og dampen låg tjukk i huset. Ho farga alltid garnet innomhus». (Helga Løset 2008)

Da eg vitja Helga i heimen hennar, synte ho meg åkle av plantefarga garn som mormor hennar (Brit Kattem f. 1856) og tante hennar (Helga Børset f. 1900) hadde vove. Helga synte òg fram eit åkle ho sjølv hadde vove og som mor hennar hadde farga garn til.

Ved bruk av ulike typar beis kan ein få større variasjon i fargane, samstundes med at garnet såleis tek til seg meir av fargestoffet, slik at fargane vert sterkare.

Når ein  rekonstruerer gamle åkle, vel ein ofte å nytte duse fargar, altså slik fargane ser ut i dag, etter at lys og miljø har verka inn på plantefargane.

Vi kan òg sjå at motetrendane i samfunnet vårt kan påverke val av fargar. Mot slutten av 1900-talet hadde vi t.d. ein periode der bondefargane grøn, blå, raud og gul dominerte inventaret i heimane våre. Dette viser seg òg til ein viss grad i åklevevnaden frå denne tida.

I dag er det nok slik at dei aller fleste nyttar ferdig farga garn frå Rauma ullvarefabrikk når dei vev åkle, men vi finn òg døme på at vevarane fargar garnet sjølv. Sjølv vil eg seia at det gav ein ny dimensjon til vevinga da eg byrja med plantefarging. Planlegginga av arbeidet vert viktigare, ein må sette saman mønsterbordane etter kva for slag fargar ein har. Kanskje må ein ut i naturen for å hente dei plantane kvar årstid til ei kvar tid kan gje, faktisk kan ein finne plantestoff som kan egna seg til plantefarging heile året igjennom.

I gamle åkle kan vi sjå at vevarane vov til farga tok slutt for så å erstatta ho av ei anna farge i same skalaen. Dette fører ofte til at åkle får eit levande og spanande uttrykk.

Ut frå alle åklea eg har hatt høve til å studere, kan ein konkludere med at her kan heile fargespekteret nyttast fullt ut. Samtidig må ein kunne seie at åkle av plantefarga garn har ein særs harmonisk utsjånad, sia alle desse fargane står godt til kvarandre.

Bruksområde

Det kan sjå ut som om dei eldste nordmørsåklea stort sett vart nytta til å kle skinnfellen med. Ofte vart desse vovne i to lengder og seinare sauma saman slik at det passa til ein brei fell. I dag ser vi at desse fellåklea oftast er teke av skinnfellane, som er utslitne eller skifta ut med andre typar sengety. Det hende ikkje sjeldan at dette åkleet som opprinneleg var vove i to lengder, er spretta frå kvarandre, og så har t. d. to søstre fått kvar sin del.  Mi eiga mor har ein slik åkledel som er vove av hennar bestemor. Dette åkleet har, sidan mor mi fekk det, vore veggpryd i stova hennar, og fargane i dette har etter kvart vorte duse av falming frå sollyset. Den andre delen av åkleet var det tante mi som fekk, og ho har heile tida vore redd for falming av åkleet sitt, og difor hengt det opp med vrangsida ut. Resultatet er da at dette åkleet har behalde meir av dei skarpe orginalfargane åkleet hadde.

Etter at skinnfellen hadde gått ut av bruk, vart det vanleg å nytte åklea til veggpryd, og i dag er dette det vanlegast bruksområdet, samstundes med at det òg er nytta til bordløparar.

Vi kan konkludere med at sjølv om nordmørsåkleet i utgangspunktet oftast vart nytta til å kle skinnfellen med, har utviklinga ført til at vi etter kvart har funne nye bruksområde for åkleet, som til dømes veggpryd.

Utbreiing

Nordmøre er den nordlegaste delen av Møre og Romsdal, og består av alt ifrå kystkommunar til innlandskommunar. Vi kan slå fast at tradisjonane med nordmørsåklea er sterkast på nordlege og indre delar av Nordmøre. Ella Ødegard, fødd i 1927, frå Averøy var tidlegare ei habil veverske, ho budde i 2008 på sjukeheim og var ikkje lenger i stand til å svare på spørsmål av denne sorten, så eg oppsøkte difor søstra hennar, Laura Hopmark Ødegård, fødd i 1921, for å finne ut om Ella hadde vove nordmørsåkle.

Laura Hopmark Ødegård fortel:
«Vi var tre søstre som alle var ivrige i vevstolen, men Ella var den som var den mest aktiv. Vi har alle vove nordmørsåkle, men denne tradisjonen var det mor vår som tok med seg frå Sunndal, der ho var fødd. Mønstra vi vevde var dei same som på åklea mor tok med seg da ho gifte seg på Averøya». (Laura Hopmark Ødegård 2008)

Dette fortel oss at Averøya antagelegvis ikkje har hatt eigne tradisjonar når det gjeld nordmørsåkle. På Averøya møtte eg òg Bjørg Bergem, som i alleår har vore engasjert i museumsarbeidet  der ute. Ho kunne syne meg fleire åkle, m.a. eit gamalt åkle ho hadde arva etter oldeforeldra sine. Det viste seg at også dette kom frå Indre Nordmøre. Oldemor hennar, Margrethe Drøpping hadde med seg åkleet frå Tingvoll da ho vart gift på Averøya.

Det ser ut til at Halsa, Tingvoll, Sunndal, Surnadal og Rindal er dei bygdene der denne vevtradisjonen har stått sterkast i tidlegare tider, og som gjer det ennå i dag. Nordmøre museum har ei samling av nordmørsåkle som Johanne Halse i si tid samla inn. Også her ser vi at alle, utan unntak, kjem frå Indre Nordmøre. Dette er med på å bekrefte teorien om at denne tradisjonen så og seia var fråverande i ytre strøk.

Kva kan så årsaka vera til dette? Om vi samanliknar med andre handarbeidsteknikkar t.d. kvitsaum eller nordmørssaum, finn vi òg at det er i dei same bygdene tradisjonane for desse broderia har vore sterkast. Om vi tek turen ut til den ytste av kommunane våre, Smøla, finn vi knapt eksempel på slike arbeid. Teoriane til dette kan vera fleire, ein kan vera at dei indre bygdene på Nordmøre hadde betre kår enn kva dei yste hadde. På indre strøk var det ofte store gardar, med jord, skog og fiske i fjordane. Dette førte til at mange kunne leige arbeidshjelp både ute og inne, og dette frigjorde nok litt tid til husfrua slik at det vart betre tid i veven.

I ytre strøk livnærte dei fleste seg av fiske, og hadde i tilegg ein liten jordlapp som fødde dei aller nødvendigaste dyra ein familie måtte ha. Fiskarkjerringa var den som hadde ansvaret for born, jord og dyr, og hadde ikkje like mykje tid til vevstolen som gardkjerringane på indre delar av Nordmøre hadde. Vi veit òg at båtryene var naudsynte for fiskaren, og det var vel denne typen vevnad som måtte prioriterast når fiskarkjerringa sette seg ved veven.

Ein annan årsak kan vera at innbyggjarane i øykommunane ikkje var så avhengige av skinnfellen for å halda varmen gjennom vinteren. Desse øyboarane hadde rikeleg med tilgang på dun og fjør, og slik vart nok sengetøyet prega av dette.

Konklusjonen vert da at uansett kva årsaka kan vera, så ser vi iallefall at utbreiinga av nordmørsåkleet er størst i Halsa, Tingvol, Sunndal, Surnadal og Rindal, og at det vert mindre utbreidd di nærare kysten ein kjem.

Korleis er kunnskapen bevart?

Ofte ser vi at kunnskapen om nordmørsåkleet har gått i arv frå mor til dotter i generasjonar. Randi Lysø, som er omtala tidlegare, er eit godt eksempel på dette. I Randi sin familie har alltid vev og andre handarbeidsteknikkar vore høgt skatta, og ho fekk tidleg opplæring i karding spinning, farging og veving. Randi er òg ei av dei få som kan kunsten å spinne sin eigen linrenning til veven. Det er mange som har lært vevkunsten av henne, og det er ho eg kan takka for den vevkunnskapen eg har i dag.

Først på 1900-talet starta Johanne Halse frå Halsa sin eigen vevskule i Valsøyfjorden. Her var det nok svært mange av tradisjonsbærarane på Nordmøre som fekk opplæringa si.  Vi veit òg at det har vore halde mange vevkurs ved Høgtun folkehøgsskule i Gjemnes.

I dag kan vi takka husflidslaga for at det er mogeleg for nye generasjonar å tilegna seg denne kunnskapen. Vi veit frå tidlegare at det var ein oppblomstring i kursvirksomheita på 1970-talet, men at denne gjekk ned i ein ny bølgedal seinare. I dag er vevmiljøa stabile på den indre delen av Nordmøre, og det er ingen umiddelbar fare for at kunnskapen om nordmørsåkleet forsvinn med det første.

Kjende veversker

I tidlegare tider var  vevkunsten vanleg i dei fleste heimane, og mange var det òg som kunne kunsten å veve nordmørsåkle. Under dette arbeidet har eg oppdaga at mange var dyktige i faget sitt, og at nokre har fått ettermæle som usedvanleg dyktige tradisjonsberarar. Eg vil nemne nokre av dei.

Johanne Halse f. Rognskog, fødd i 1870, er nok det namnet eg oftast har møtt på i forsøk på å nøste opp historia. Johanne dreiv sin eigen vevskule i Valsøyfjord, men ho reiste òg rundt i nabokommunane og heldt kurs der. Så langt eg kan sjå var dette lenge den einaste organiserte opplæringa på Indre Nordmøre når det gjaldt vev. Ho underviste i mange teknikkar, og elevane fekk veve gardiner, møbel- og sengety, bekledningstoff, og sjølvsagt nordmørsåkle. Nokre av ungjentene ho lærte opp vart sjølv drivande flinke veversker som det går gjetord om den dag i dag. Ellen Halse, dotter til Johanna tok over vevskulen etter mor si og dreiv den vidare til ho døyde, ung og utan born. Niesa til Ellen, Ingeborg Ansnes, tok da over vevskulen og dreiv han vidare til ca. 1960.

Gunhild Ørsal, fødd i 1901, gjekk vevskule hjå Johanne Halse og vart etter kvart den dyktigaste vevaren i Todalen. Mange var dei som kjøpte nordmørsåkle av Gunhild, og ein kan vel seie at veven vart ein del av levebrødet hennar.

I Rindal finn vi mange vakre arbeid etter Helga Børset f. Kattem, fødd i 1900. Vi ser tydeleg at denne dama måtte ha ein vel utvikla fargesans, og arbeida er nøyaktig og finstilt. Helga fekk den første vevopplæringa i heimen, men sia gjekk turen til Kristiansund, der ho fekk læra meir om vevfaget. Helga Løset kunne syne fram ein vakker linduk som var eksamensoppgåva til Helga Børset.

Ella Ødegård fødd i 1927, som er omtala tidlegare, har vore den leiande tradisjonsberaren av vev på Averøya, og ho hadde ein imponerande produksjon.

Praktisk utprøving

Da eg skulle ta fatt på den praktiske delen av oppgåva ville eg veva to ulike prøver av nordmørssåkleet. Begge i dobbel krokbragd, ein prøve med 3 skaft og ein prøve med 4 skaft.

Nordmørsåkle i dobbel krokbragd med 3 skaft:

Størrelse:   Bredde 32 cm, høgde 24 cm
Renning:    Solberg bommulsgarn 20/6
Innslag:      Eintråds ubleika spelsaugarn frå Rauma ullvarefabrikk, heimegjort plantefarging.
Skei:           40/10, ein tråd i hovel, ein tråd i tinn
Jare:           2 tr i hovel og tinn 2 gonger i begge kantar

Hovling dobbel krokbragd med 3 skaft:

1

 

x

         

x

   

x

         

x

     

x      

2

   

x

 

x

 

x

   

x

 

x

 

x     

 

x

     

x

 

3

     

x

 

x

           

x

 

x

     

x

   

skaft     ----tillegg 7 tråder-----------        ---hovling, gjenta 18 gonger---  Nedknyting hester og trinser

Mønsterbordane eg nytta til denne prøven har eg teke ut av eit åkle som er vove av Brit Kattem, f. 1856. Eigar av åkleet er Helga Løset, Rindal

Nordmørsåkle i dobbel krokbragd med 4 skaft:

Størrelse:  Bredde 32cm, høgde 34cm
Renning:   Solberg bommulsgarn 20/6
Innslag:     Eintråds ubleika spelsaugarn frå Rauma ullvarefabrikk, heimegjort plantefarging
Skei:          40/10, ein tråd i hovel, ein tråd i tinn
Jare:          2 trådar i hovel og tinn 2 gonger i begge kantar

Hovling i dobbel krokbragd med 4 skaft:

1

   

x

 

x

               

x

 

x

         

x

2

 

x

 

x

 

x

           

x

 

x

 

x

     

x

 

3

             

x

 

x

 

x

             

x

   

4

               

x

 

x

             

x

     

skaft --- tillegg 5 tråder ------        ---hovling, gjenta 13 gonger ----         Nedknyting hester og trinser

Mønsterbordane eg nytta til denne prøven har eg teke frå eit åkle, truleg vove av Mali Nilsdotter Seljebø, f. ca. 1840. Eigar av åkleet er Halldis Kindsbekken, Sunndal.

I det gamle åkleet er det nytta vevskei 50/10. Garnet eg nytta er nok hardare tvinna og kanskje litt tjukkare enn det heimspunne garnet i åkleet til Halldis Kindsbekken. Forsøket mitt med 50/10 skei vart ikkje vellukka og eg måtte difor nytte vevskei 40/10.

Oppsummering

Arbeidet med denne oppgåva har vore tidkrevjande, men òg svært lærerikt. Mykje av det eg har kome bort i, er ting eg kjende til på førehand. Men eg har òg fått kunnskap som på førehand var heilt ukjend for meg. Spesielt vil eg nemne den gamle åklebiten eg kom over på Averøya, og åkleet frå 1700-talet eg fekk sjå på Ålvundfossen. Begge desse hadde renning som var tredd dobbelt i skeia, noko som for meg var ei heilt ny oppdaging.

Eg har utan unntak fått god mottaking hjå alle eg har oppsøkt. Mange har til og med takka for besøk og telefonar, òg dei har alle uttrykt at dette arbeidet er viktig. Ein del store opplevingar har eg hatt undervegs. Har lyst til å nemna den dagen eg var på Averøy-besøk, og var så heldig å få lov til å besøkje Laura Hopmark Ødegård i heimen hennar. Litt skepsis ante eg vel i byrjinga av møtet vårt. Ho hadde nok ikkje stor tru på at ein ungdom (i hennar augo…) skulle forstå seg på vevkunsten. Etter kvart greide eg vel å gje uttrykk for at eg ikkje var heilt blank i faget, og ho blomstra opp.

Det Laura Hopmark Ødegård kunne syne fram var heilt ubeskriveleg. Her var det vevde tekstilar frå golv til tak, eg kan nemne, matter og golvtepper, portierer, pledd, stoltrekk, nordmørsåkle, skillbragdåkle, billedvev, flossvev og sikkert meir. Det var rett og slett for mykje til at kunne fordøye det på ei kort stund. Når ho i tillegg kunne fortelje at garnet til det aller meste var handspunne og plantefarga, kan ein lure på korleis denne generasjonen har fått  tida si ifrå. Kan grunnen vera at dei ikkje vart plaga av TV-en?

Sjølv om eg på førehand meinte å veta noko om nordmørsåkleet, har eg fått  nye innspel som har vore med og klarlagt detaljar ved teknikken, arbeidet og utsjånad på åklea. Det er håpet mitt at dette arbeidet kan vera med å kaste lys over  denne handlingsbårne kunnskapen på Nordmøre. Det er viktig at detaljane i arbeidet vert teke vare på, og at vi ikkje godtek lettvinte løysingar, slik vi i dag kan sjå døme på.

Konklusjon

Som ein hovudregel kan ein seie at nordmørsåkleet er:

  • Eit åkle vove i teknikkane enkel og dobbel krokbragd med 3 eller 4 skaft i veven.
  • Renninga kan vera i lin eller bomull og innslagsgarnet skal vera enkelttvinna ullgarn.
  • Åklea skal ikkje ha frynser, sia dei opprinneleg helst vart nytta til fellåkle.
  • Mønstringane er det berre teknikken som kan begrense, men mønsteret skal dekke heile åkleet. Fargane kan takast frå heile det breie fargespekteret vi er i stand til å framskaffe. Nordmørsåklea finn vi over heile Nordmøre, men opphavet ser ut til å koma frå den indre delen av området.
  • Åklea var opprinneleg helst nytta til å kle skinnfellen med, men er i dag mest nytta til veggpryd og bordløparar.

 
Kjelde- og litteraturliste
Litteratur:

Vevoppskrifter etter Johanna Halse

Muntlege kjelder:

Takk til alle eg har hatt samtalar med, desse er:

Ragnhild Ansnes, Surnadal. Ragnhild Stavne Bolme, Rindal. Gurli Landsem, Rindal. Helga Løseth, Rindal. Betty Storli Ulvund, Frei. Arnstein Digernes, Rauma ullvarefabrikk. Kristian Halse, Bergen. Torgunn Henden, Halsa. Rødset, Ålvundfjord. Ingeborg Forsberg, Kyrksæterøra. Kristine Engen, Tingvoll. Lisbet Ranes, Surnadal. Eli Ulset, Straumsnes. Kristin Ulset, Eikrem, Straumsnes. Gudmund Watten, Straumsnes. Ragnhild Vikan, Straumsnes. Bjørg Bergem, Averøy. Åse Uran, leiar i M&R husflidslag. Randi Hole, husflidskonsulent i M&R. Ingrid Lysberg, Surnadal. Marit Sætran, Smøla. Britt Unni Raanes, Frei. Oddbjørn Ansnes, Surnadal. Laura Hopmark, Ødegård, Averøy. Marie Storvik, Averøy. Karin Ormbostad, Kristiansund. Elisabet Sørli, Kristiansund. Odd Williamsen, Nordmøre museum. Sverre J. Svensen, Nordmøre museum. Kirsti Gjeldnes, Kristiansund. Haldis Kindsbakken.

Ein ekstra takk til Randi Lysø som eg på mange måtar har nytta som ein mentor.

Arbeida eg har studert er etter:

Helga Børset, Rindal                              
Johanne Halse, Halsa                               
Maria Botten, Halsa                                
Brit Kattem, Rindal                                
Margrethe Drøpping, Tingvoll          
Laura Hopmark Ødegård                          
Brit Dalsbø, Ålvundeid
Gunhild Ørsal, Todalen, 1901-1982
Ingeborg Ansnes, Halsa
Ragnhild Bådnes, Tingvoll
Helga Løset, Rindal
Ella Ødegård
Mali Nilsdotter Seljebø, Sunndal