Nydyrking, torv og bureising

Av Ståle Tangen

Kva er myr?

Myra er eit økosystem. Omdanninga av planterestar går så langsamt at det dannar seg lag av delvis nedbrote materiale. Dette er torv.

Sidan det stadig kjem til nye planterestar skje omdanninga til tov som ein kontinuerleg prosess. Mange typar vegestasjon finn næring og veks på myra. For at det skal danne seg myr må nedbøren vere større enn fordampinga, slik det held seg vått i jordsmonnet.

I landet vårt er myrane stort sett frå tida etter siste istid, dei eldste 8-10.000 år gamle. Nokre stadar på kysten rakk ikkje isen heilt ut til havet. Her kan vi finne myrlag frå før siste istid. Det er mest myr i område med kjølig-temperert klima, sidan vi her både har rikeleg nedbør og lite fordamping. Dei største areala er i Canada og Russland med minst 1,5 mill. km2 i kvart av landa. I Noreg er det om lag 30.000 km2 myr, ca. 9% av landarealet.

Ulike typar myr

Myr blir danna ved at planterestar og anna organisk materiale fyller opp innsjøar, tjern og andre område der grunnvatnet blir innestengd av topografiske hindringar. Slike myrar blir horisontale og er kalla topogene. Myr kan også bli danna der det er vassig i jordmonnet, altså i hellande terreng. Då heiter det soligen myr. I myra er det lite tilgang på oksygen. Men mikroorganismane som omdannar plantematerialet treng ikkje luft. Dei er kalla anaerobe fordi dei ”skyr” luft.

Begge desse myrtypane kan få tilført næring både ved nedbør og gjennom grunnvatnet. Då er dei kalla minerogene. Men dei kan også ha vokse over grunnvassnivået, og derfor berre få næring frå nedbør. Då er dei kalla ombrygene. Slik næringsfattig myr har konveks og konsentrisk form, dvs. dei er høgast på midten. Dette er høgmyr. Myra veks likevel ujamt slik at det dannar seg tuer med lågare parti mellom, gjerne med vatn i.

Høgmyr er mest vanleg på Austlandet og i Trøndelag. Bakkemyr eller palsmyr finn vi i kalde strok. Palsane er haugforma strukturar der overflata tinar om sommaren, medan kjernen er permanent is og frosen torv og jord. Atlantisk myr har ikkje slik spesiell og velordna struktur. Denne typen finn vi langs heile kysten frå Vestlandet og nordover. Smølamyra er atlantisk.

Vegetasjonen varierer med næringstilgang og vassinnhald. Derfor har myra eit mangfald av plantesamfunn. Næringsfattig myr, som atlantisk myr, har relativt få artar. Torvmose dominerar botnvegetasjonen, ofte gråmose. Elles er det mykje torvull, molte, starr, tranebær og kvitlyng. Vi finn også dvergbjørk, krekling og røsslyng.

Myra er viktig for vasshushaldet i naturen og som landskapselement i miljøsamanheng. Myra samlar opp mykje nedbør. Ho er som ein svamp. Jamfør omgrepet sump, område der grunnvatnet ligg i overflata. Myra held att vatnet slik at det ikkje renn rett ut i vassdraga. Denne bremsa avrenninga reinsar vatnet.

Grøfting og kunstig drenering av myr vil redusere reinseeffekten. Myrdyrking gir jord, men har altså også sideverknadar på det naturlege miljøet. Slike verknadar er mindre aktuelle når myra blir nytta til utvinning av torv til brensel eller byggemateriale.

Kva er torv?

Torven er på eit vis jordmonnet i myra. Torv er omdanna frå plantemateriale. Ved fortorvinga hopar planterestane seg opp påverka av mikroorganismar som greier seg utan oksygen. Torv inneheld meir karbon og mindre oksygen enn planterestane torven er omdanna frå. Ved vidare omdanning vil torven bli til brunkol.

Brenntorv er ei nesten svart masse, sterkt omdanna frå mose, gras, lyng eller kratt. Ved fortorvinga blir konsistensen plastisk og porevolumet sterkt redusert. Ved tørking skrumpar brenntorven kraftig. Nedtørka til 25% vassinnhald har torven brennverdi om lag som god bjørkaved. Dette svarar til halvparten av brennverdien i steinkol. Brenning av torv gir mykje gass, og tett, støvande aske. Vi reknar med at om lag sjettedelen av samla myrareal i landet på ca. 30.000 km2, altså ca. 5 mill. dekar, innehald brenntorv. Årleg tilvekst er rekna til 2,5-5 mill. m3. Torv er kjent som brensel sidan sagatida. Det er likevel nærliggjande å tru at torv har vore nytta til brensel langt attende i førhistorisk tid, lenge før sagatida. Folk må ha sett at jorda kunne brenne. 

I moderne tid har brenntorv vore særleg viktig her i landet under krigane på 1900-talet. Torv som energiressurs er i dag mest nytta i Russland, Finland, Kviterussland, Irland og USA. Torv har dei siste tiåra vore heller lite i bruk i Noreg, men ved endra pris og tilgang på annan energi til hushald kan torv godt få ein renessanse som energikjelde i landet vårt.

Drenering av myr

Føremålet med å drenere myra er å kunne dyrke henne opp. Drenering er å leie vekk vatn frå jordsmonn med fuktoverskot. Metoden er opne eller lukka grøfter, eller gjennomgraving av tette lag. Drenering er altså eit kunstig inngrep for å fjerne overskotsvatn raskare enn ved naturleg fordamping og avrenning.

Der dreneringa er for dårleg tørkar jorda for langsamt om våren og etter regn. På flate stadar kan overflatevatn bli ståande. Ved kunstig grøfting får planterøtene betre vilkår å utvikle seg i, med rikeleg både av vatn og luft. Hvis grunnvatnet kjem for høgt blir jordtemperaturen for låg og jordsmonnet for metta av vatn. Og under grunnvassnivået er det ikkje luft. Dermed får ikkje planterøtene ta opp oksygen slik det skal, og greier heller ikkje å gjere seg nytte av gjødsel. Derfor må det ikkje vere for mykje vatn i jorda.

Grøfting kan motverke erosjon, men kan samstundes redusere terrengets evne til å dempe flaum.

Drenering og vatning – eit historisk oversyn

Vi lagar grøfter for å leie vekk vatn frå jord som er for våt. Slikt har nok bonden drive med i uminnelege tider. Systematisk drenering i større omfang er kjent i Noreg frå midten av 1700-talet.

Grøfting for å leie vatnet andre vegen; altså til jord som er for tørr, har ei mykje lengre historie. Systematisk vatning eller irrigasjon i større skala var grunnlaget for dei eldste sivilisasjonane vi kjenner: Høgkulturane ved elvene i Egypt, Mesopotamia (Irak), India og Kina var basert på matforsyning avla på kunstig vatna jord. Dei store vassdraga måtte regulerast med demningar og kanalar. Dette arbeidet føresette at tusenvis av menneske arbeidde etter ei nøyaktig plan og med strengt organisert arbeidsdeling. For å få dette til måtte samfunnet ha herskarar med stor makt. Resultatet at det organiserte arbeidet var overskot, dvs. at det var ressursar att når dei primære behova for mat, klede og ly var dekt.

Dette overskotet nytta herskarane til å etablere ein overklasse av presteskap og krigarar, som skulle vedlikehalde dei etablerte maktforholda. Dette var viktig både for å halde ytre fiendar ute, og for å halde disiplin innanfor riket når flaum eller tørke og uår sette sivilisasjonen på prøve. Slik vaks dei første statssamfunna fram for 6-8.000 år sidan. På denne tida var det eldre steinalder på våre kantar. Noko statssamfunn var det ikkje her før etter Kristi fødsel.

Dei tidlegare jeger- og samlarkulturane kunne aldri gje overskot og grunnlag for fastbuande i organiserte samfunn. Det same var tilfelle i område der det tidlege jordbruket var basert på nedbør utan kunstig vatning. Samarbeid i store organisasjonar var ikkje nødvendig eller rasjonelt, bonden var i alle høve prisgitt nedbør og klima. Slik var det m.a. i store delar av områda som i dag er Europa. Vi kan spekulere i om det livsnødvendige samarbeidet i elvesivilisasjonane har vor grobotn for kollektive haldningar mellom folk t.d. i Kina og India. Medan nedbørsjordbruket (utan samarbeid) framelska individuelle haldningar og mindre sans for kollektive løysingar i det som seinare vart det protestantiske og kapitalistiske nord og vest i Europa. Det er lov å undre seg, sjølv om vi ikkje kan vite.

Det ser elles ut til at romarane drenerte med grøfter og røyr for 2.000 år sida. Her i landet, i det som var Noreg, skjedde dyrkinga etter det vi veit lenge på sjølvdrenerande grunn. Kunstige inngrep var i ale høve lite aktuell så lenge det var god plass. Men etterkvart vart det nok meir vanleg å leie vekk overflatevatn. Opne grøfter var nok også i bruk tidleg, under trykket frå å mette fleire munnar. Alt i sagatida var det trongt om plassen på dei beste stadane. Folk måtte etterkvart ta i bruk dårlegare jord, altså nydyrke, eller utvandre. I ein slik situasjon må enkel drenering ha blitt meir og meir aktuelt.

Lukka grøfter er ei meir avansert form for drenering. Denne teknologien kjenner vi ikkje i Noreg før på 1700-talet. Vi må tru at den nye kunnskapen er importert sørfrå. Meir vekt på drenering for nydyrking heng saman med aukande folketal, og gav ressursgrunnlag for større befolkning. Meir opplysning mellom folk gjorde at mortaliteten gjekk ned, dvs. at fleire vaks opp. Den naturlege reaksjonen i form av færre fødslar kom seinare, slik at folketalet auka. Meir vekt på drenering kunne framskaffe fleire levebrød basert på hittil udyrkbar jord. Fram til midten av 1800-talet var grøftene lukka med stein eller tremateriale. På denne tida kom drensrøyr i bruk i Noreg.