Stø, vorr, naust og bryggje

Av Jon Bojer Godal

Sjøen vi bur ved

I det vestlege Noreg og nord for Stad i sær, har vi flo og fjøre. Skilnaden kan gå opp i tre meter. Vi har mange ord i samanhengen. Vi seier at sjøen er i fløinga eller at han flør. Omvendt seier vi at han fell. Vi har fallsjø. Når vi fiskar nyttar vi ofte méd. På somme méd bit fisken i fløinga. Det er eit fløméd. På andre bit det når sjøen fell. Det er eit fallméd. Når sjøen er full­flødd er det som han står stille eit lite bel, og like eins er det når han er utfallen. Då er han i omberinga.

Kring fullmåne og nymåne er det stor skilnad på flo og fjøre. Då seier vi at det er storsjøtt. Omvendt er det ved halv måne, då er det småsjøtt. Ved låg­trykk og stor sjø blir sjøen ståande høgt. Vi seier han står lenge på floa. Om vårvinteren er det ofte høgt trykk. Då blir det stor fjære. Det heiter gjø­fjæra, somme stader jamvel Langfredagsfjæra. Mellom småsjøtt og stor­sjøtt veks floa for kvar flo. Då seier vi at det er skytandes sjø, at han skyt på med sjøane. Omvendt er det ved overgang frå stor sjø til små sjø. Då seier vi at han er i atthogget, at han høgg att med sjøane. Alt dette er viktig når vi skal finne stø til båtane. Vi treng eit settarland.

Stø på settarland

Eit godt settarland har stø grunn av grus eller koppål (rundvoren små­stein) i jamn skråbakke slik at vi kan lende båten og dra han opp anten det er stor flo eller låg fjære. Helst skal settarlandet liggje attom eit nes eller ein skjergard, slik at vi er fri for båre inn i støa. Somme støer er slik at vi ikkje kjem godt til på lågste fjøra. Då lyt vi halde sjøen til det til dømes er halv sjø.

Eit godt settarland er ein herlegdom som heilt sikkert har verka lokaliser­ande på den tidlege busetnaden. Etter kvart som dei beste plassane var opptekne laut ein ta til takke med det nest beste. Somme stader var det slik at båtane laut seglast på land. Heile grenda møtte då opp, sprang til, tok båten der han kom ridande, og drog han opp i støa, av og til med mannskapet i. Somme stader venta dei på løye (småe bårer). Andre stader laut dei ri på den tredje og største. Det var gjerne tre store og så fire småe bølgjer i ei meir eller mindre jamn rytme.

For god lending er det svært viktig at støa er høveleg bratt. Er ho for bratt er det tungt å dra båt, og møtet med land blei for hardt. Det er heller ikkje sikkert at båten vart ståande. Han kunne gli ut av seg sjølv. Er støa for slakk blir vegen til sjøen for lang. Gode støer har gjerne ei stigning nær 1:15. Ikkje brattare enn 1:10 og ikkje slakkare enn 1:20.

For at det skal vera lett å sette båt vert det lagt lunnar i støa. Dei er gjerne 6–10cm tjukke, rette strangar (granne rundstokkar) av osp eller bjørk. På desse glid båten godt og når dei er sette inn med grakse i sær. Grakse er namnet på botnfallet i trantønna. Der det ikkje var godt nok settarland kunne det byggjast ein lunnstega. Då vart det lagt ut tømmerstokkar i jamt og høveleg fall. Stokkane vart feste til pålar eller tyngja ned med stein. På desse vart det så lagt lunnar.

Støa er ein viktig plass

Stø er altså noko. Det er eit av dei mest sentrale orda for å forstå norsk busetnad. Utan stø, kunne det ikkje verta heim og gard, for utan båt var det ikkje mogleg å livberge seg her i Noreg. Mesteparten av landet vårt er bygd opp av lier ned mot fjordar og med fjell attom – og når liene grønkar som hagar fekk han hug til si heimlege strand. Vi er strandbyggjar. Vi lever på møtet mellom hav og land. Dette møtet er organisert til ei stø. Støa er der vi stør båten og der vi får til å stø han, der lunnane ligg. Der vi dreg og set båt. Ofte vil vi nytte oss av floa når vi set båten i støa. Vi ror han innpå medan det er flo. Etter kvart vil då båten falle tørr slik at vi kjem til med å skippe. Båten skal støast medan vi skippar inn eller ut. Difor byggjer vi vorr på ei eller to sider av støa.

Vorr er av same rot som verje og verne. Det er ein vernande mur kring støa. Ordet fortel at opphavleg tanke først og fremst er at vorren skal ver­ne skipet. Det vil vera mot velt medan det fell tørt og det vil vera mot båre og sjø.

I oppenden av støa står naustet. Ordet naust er bygd saman av to lekkar. Første lekken nau kjem av nau eller nor. Samandregen form av nau i nu har vi framleis i språket i tyding uthola stamme til trau eller vasstro. Nor er gammal nemning på skip. Vi kan tru at ordet naust er så gammalt at mange båtar eller skip var laga av uthola trestammer. Andre lekken i ordet naust er st som er forkorting for stø. Naustet er der båten eller skipet står. Det er prinsipielt å forstå som ein del av støa. Det er den øvre delen av henne som har fått overbygg og tett tak, slik at korkje sol eller væte og frost får rive det sund.

Naust utan stø er ikkje naust. Det er noko anna. Vi har fleire slags bygg ved sjøen.

Store skip er så høgborda at det trengst ein landgang, ei bru frå skipet for dei som skal på land. Landgang fanst det til dømes i Osebergskipet. Der var det ein brei planke til å gå på. Ordet bru finst i fleire nærskylde språk; brücke i tysk og bridge i engelsk. I Noreg har vi noko som heiter brygge (eller brøgg). Det er ord på same stamme. Brygga er altså i utgangspunktet landgangen, men etter kvart det vi legg landgangen mot.

Sør i landet der det er svært lite flo og fjøre vart landgangen lagt mot ein platting eller ei kai. Difor vert det sagt brygge om kai sørafor. Jamvel om ein vorr kan det bli sagt brygge der. Lenger nord fungerte det ikkje med plattingar anna enn som fundament for eit byggverk. Der vart det i staden sett hus på pålar eller bolverk, eventuelt over ein platting ut mot sjøen og som skipa kunne leggje til ved. Ofte er det slik at skipa berre kan liggje attmed bryggja ved halv sjø eller meir og ikkje til sjøen er heilt utfallen. Bru vart lagt inn mot huset og som difor etter kvart fekk nemning brygge. Frå og med Nordmøre og nordover er brygge eit hus ved sjøen som det kan leggjast til ved.

I dag er det flytekaiene som breier seg ut over alt landskap. I strid med lokal skikk går dei ofte under nemninga flytebryggje. Det er vel av di både fenomenet og nemninga kjem sørantil.

Skjå og bu

Andre hus ved sjøen kan vera skjå. Ein skjå er av same rot som skur. Det er eit lett byggverk for lagring av til dømes børnskap (utrustning for fiske). Somme skjåar kunne ha lageret av ved (vedskjå) og somme var tiltenkt brenntorva (torvskjå). Der det ikkje var skjå, kunne børnskapen liggje på naustlemmen. I dag kjem det opp mange hus under nemning naust, men som i røynda er skjåar. Dei har korkje stø eller er laga slik at dei kan leggjast til ved.

Ei bu er helst noko det kan buast i, at det er eit krypinn for å sova og mat­stelle seg i, men det kan også vera eit lagerrom. Skilnaden på bu og skjå er oftast byggjemåten. Skjåen er stavreist, medan bua er tømra. Ingen av dei er i utgangspunktet hus det skal leggjast til ved eller dragast båt inn i. Somme av dei nyare skjåane (som vert kalla naust) har karakter av å vera bu.

Rorbu og fjæremannbu og er det same som sjøstu. Det er bu for folk frå inne i fjordane eller langreiste som kjem ut til ein fiskeplass for å gjera utror, for å drive fiske og treng ein stad å bu medan fisket går på. Ror­bunemninga kjem nordantil. Ho har spreidd seg med reiselivsnæringa sør­over frå Lofoten der gamle rorbuer er vortne om­gjorde til turistanlegg. Fjæremannbu var helst nemninga lenger sør, og ho har halde seg der.

I dag vert også nye anlegg for turistar kalla rorbu anten det er ved ein fiskeplass eller inne i ein fjordbotn. Dette er misvisande nemningar og til dels villeiande marknadsføring. Ikkje at det heiter bu, men at det er kopla til ror. Det korkje er eller har vore nokon utror frå desse buene. Dei som bur der er der for å kvile og/eller glåme (sjå seg i kring). Kvilebu og glåmebu kan såleis vera gode og dekkande nemningar.

Artikkelen er fra Nordmøre museums årbok 2010