Næming kva er no det?

Av Jon Bojer Godal

Då vi vaks opp var vi van med å høyre om at den eller hin var næm eller trånæm, og vi kunne seia: Den som gaumar, han næm.

Ordet næming kjem frå verbet å næma. Vi kjenner det att frå samansette ord så som i lærenem og i namsrett. Gjerningsordet å næma er ikkje så mykje i bruk no for tida, men vi har det til dømes i Ivar Mortenson Egnund si omsetjing av Håvamål. Der heiter det i eitt av steva: Godt om du gaumar nyttig om du næm. Då vi vaks opp var vi van med å høyre om at den eller hin var næm eller trånæm, og vi kunne seia: Den som gaumar, han næm. (Den som er merksam, legg seg på minne og forstår, han lærer.) Grunntydinga av å næma er å ta til seg. I dei fleste tilfelle er det nytta om å ta til seg kunnskap. Ordet å næma rettar blikket mot noko grunnleggjande ved det å lære. Den lærande tek til seg.

Næming er framleies ordboknorsk i tyding lærande. For hundre år sidan var det vanleg i språket vårt. Det finst jamvel i lærebøkar, til dømes med tittelen: Engelsk for næmingar. På Færøyane er ordet i vanleg bruk i tyding elev.

Vi har mange ord for lærande; elev, student, lærling og stipendiat. Felles for desse orda er at dei står i ein samanheng. Eleven er på skole, lærlingen er i eit organisert læretilhøve fram mot eit sveinebrev eller eit fagbrev, studenten studerer ved høgskole eller universitet og stipendiaten får pengar for å kunne leggje opp eit etter måten sjølvstendig studium, som regel innafor eit nærare avgrensa arbeidsfelt.

Ordet næming var ledig til bruk. I vanleg norsk i dag hadde det inga nærare definert tyding. Slik vi no har teke ordet næming i bruk, tyder det for oss:
Ei treårig ordning for kompetanseheving av handverkarar ut over sveinebrev i hovudsak basert på grunnleggjande kunnskap. Med grunnleggjande kunnskap i handverk forstår vi slikt som gjeld material, verktøy, teknikkar, prosedyrar, form og funksjon. Det trengst omfattande trening for å kunne bruke, få til, vurdere og forstå. Hovudtyngda vert lagt på lokale tradisjonar. Næmingane har eit vesentleg meir styrt opplegg enn Norsk handverksutvikling(1) si stipendiatordning. Vi legg vekt på at det er visse ting næmingane skal gjennom. Opplegget er samstundes vesentleg meir retta mot utøving enn bachelorstudiet ved NTNU. Opplæringa som næming skjer utan at opplegget førebels er offentleg formalisert og utan at det er gitt ein offentleg godkjent utdanningstittel. Det bør vi få.
Ved opptak er det eit minstekrav om kompetanse tilsvarande sveinebrev, fleire års praksis og dertil eksponert interesse for å gå djupare i faget, då helst i retning av dei eldre delane som elles har falle ut av den ordinære utdanninga.
Det konkrete opplegget er for tida slik: Husasnotra, avdeling av Geitbåtmuseet i Halsa har fagleg ansvar for 3 næmingar og ein båtbyggjar. Dei tre tømrararane i Møre og Romsdal er finansierte av tilskot fra Møre og Romsdal Fylkeskommune og Nordmøre museum. Båtbyggjaren ved Husasnotra er førebels finansiert med støtte frå Møre og Romsdal Fylkeskommune og internt.

FIRE HOVUDFELT
For dei som no er inne i ordninga er innhaldet i opplæringa konsentrert om fire hovudfelt:
Grunnleggjande kunnskap.

a. Forståing for og trening med å velje og nytte material på rett måte. Tre er viktig. Difor leitar vi tre i skogen til visse føremål, øksar, sagar, stablar og sorterer. Vi følgjer opp med materialvurdering for kvart steg i byggjeprosessen. Det blir mykje sortering, det blir mykje vurdering.
b. Forståing for og trening i bruk av ikkje- motorisert handverkty, økser, handsager, pjålar(3), høvlar mv. Opplegget omfattar trening i bruk, skjefting og stell av verktyet. Det dreiar seg om mange detaljar, stål og stålkvalitet, kvessing og slipevinklar, vekt og vektfordeling, rytme og tempo. Det er spørsmål om å trene kroppen både til å greie og til å styre reiskapen. Etter kvart kjem det også trening i å tolke verktyspor.
c. Forståing for og trening med å lage ymse fellingar og samanføyingar, skøytar, laft, skaringa(4), tappingar, kammingar(5 )o s b. Vi kan kalla det handverket sin teknikk. Det dreiar seg om mål og system for å ta mål. Det er spørsmål om å skjerpe sansane, om å trene blikket til å sjå og det indre blikket til å sjå for seg. Handverket sin teknikk er avhengig av lang tids øving. Det dreiar seg om eit utal av mønster for samanføyingar.
d. Forståing for og trening med ulike prosedyrar knytt til tradisjonelt byggeri. Så vel den einskilde samanføyinga som det samla byggverket kjem best i hop med ei viss rekkjefølgje i arbeidet. Vi kallar det rekkjefølgjekunnskap eller prosedyrar. Rekkjefølgjekunnskapen er nært knytt til formforståinga.
e. Formforståing er ein avgjerande viktig del av handverket. Nettopp dette at handverkaren arbeider ut frå ei totalforståing av den tingen han lagar er noko som på avgjerande vis skil handverkaren frå den som produserer delar. For næmingane sin del legg vi vekt på styrke, funksjon og estetikk.
f. Tverrfagleg forståing ved at vi formidlar kontakt og held korte kurs med smedar, målarar, murarar o s b som rettleiarar. Smeden lagar verkty. Det er viktig med felles forståing av funksjon. Målarane skal ta over etter at tømraren er ferdig. Det er viktig å ha forståing for arbeidet til kvarandre o s b.

Tradisjon
Hovudinnhaldet i det daglege arbeidet vil vera å utøve lokale tradisjon. For tømrarane sin del har vi delt denne i tre hovudretningar der næmingane får høve til å spesialisere seg i ein av dei. Alle skal vera innom alt, men i avsluttande fase får kvar sin spesialitet å konsentrere seg om. Spesialitetane er:
a. Liggjande tømmer (laft, bolverk, kubbevegg m.v.).
b. Ståande tømmer (ulike tradisjonar i reiste konstruksjonar innafor visst geografisk område). Til dømes i Sør Trøndelag er det sperreverket som dominerer, men straks vi kjem ned i Østerdalen, til dels også i Trondheim by finn vi fotingsrøst(6)
c. Tekking og kleding frå øvste tekking til lægste golv. Dei ulike tekkingane, dei ulike kledningane både ute og inne. Ulike måtar for legging og høvling av himlingar og golv. Dette er eit omfattande
tema. Slett ikkje alle mønster er hittil dokumentert og ikkje repetert i restaureringsarbeid. Vi står andsynes ein av dei mange kvite flekkane i det bygningshistoriske kartet vårt. For båtbyggjaren sin del dreiar det seg om båtar i Møre og Romsdal. Det omfattar fleire ulike typar, variantar og storleikar.

Utforsking av tradisjonen er ein viktig del. Jamvel om næmingeordninga primært er ei grunnleggjande opplæring, vil vi, som funksjon av arbeidet vi gjer, samle opp, dokumentere og gjera synleg. Handverksforsking er ord som er nytta mellom anna i denne samanhengen. Det leier oss inn på neste punkt.

Bygningsanalyse og dokumentasjon
Opplegget skal gi trening i å analysere byggverk, dokumentere byggverk, gi tilstandsanalysar, kalkulere oppdrag med restaurering og laga planar for tilsyn, drift og vedlikehald. I sær det med å analysere byggverk ser vi på som svært viktig. Det er ganske vanleg at ei restaurering eller ei rehabilitering påfører skader av di dei som har stått for arbeidet har gjort ei mangelfull vurdering. Vi oppdagar stadig nytt. Kvart byggverk er unikt. Det har med trening ogoversyn å gjera dette å kunne dra ut og særskilt peike på detaljar og samanhengar av allmenn interesse. Vi ser difor fram til at somme av næmingane kan halde fram med handverksforsking, til dømes som stipendiatar ved Norsk handverksutvikling.

Undervisning
Opplegget skal mellom anna gi trening i:
• Å presentere fag og fagleg innhald i det handverket næmingen held på med. Formidle
det i ein allmenn samanheng.
• Å instruere på kortare kurs.
• Å lære frå seg til nye langtidslærande (næmingar).

Avsluttande oppgåve
Næmingane skal levere ei avsluttande oppgåve som i det vesentlege er eit stykke byggjearbeid dei har utført. Bygget og prosessane som har ført fram til det er den avgjerande og tunge delen av oppgåva. Byggjearbeidet skal også vera følgt av ei skriftleg omtale.

 

KOSTNADER OG ARBEIDSTID
Handverket har etter sin tradisjon ei opplæring som knyter seg direkte til arbeidsliv der dei lærande har løn under opplæring. Denne tradisjonen vil vi ikkje bryte. Opplæringa er så direkte knytt mot ei utøving at noko anna ville skape ein kunstig situasjon. Kostnaden med ordninga slik ho fungerer i dag, baserer seg på kring 60% inntening ved at næmingane produserer ting som blir godtgjort ved ordinært sal eller ordinært arbeid i verksemd. 40% av kostnaden blir dekt ved tilskott som for inneverande ordning er 236.000 per næming per år. Desse pengane går til å dekke løn i den tida næmingane ikkje er i ordinær produksjon og til å dekke kostnader med kurs og rettleiing. Totaløkonomien vil vera avhengig av at vi får oppdrag. Slik det no er, har tilbodet av oppdrag vore svært bra.

Studentar har ikkje arbeidstid. Studiet strekkjer seg som regel langt ut over normal arbeidsdag for tilsette i eit arbeidstilhøve. Næmingane har fast løn, og dei har normal arbeidstid når dei er på ordinære prosjekt med inntening. På samlingar opphevar vi prinsippet om normal arbeidsdag. Vi innrettar oss etter behov og situasjon. Arbeidsdagen blir gjerne tøygd, og dertil har vi foredrag og anna studiearbeid på kveldstid. For å få så mykje ut av dei tre åra som mogleg ville det nok vera tenleg med ei tøying av arbeidstida også i tider då næmingane er på ordinære oppdrag for inntening.

Mykje skal gaumast, mykje næmast og mykje skal inn i skrotten som vilkårsette refleksar. Det ville vera tenleg om næmingane la inn treningsøkter og studiearbeid ut over den normale arbeidstida på 37,5 timer i veka. Det kan vera studiebygg på kveldstid. Det kan vera dokumentasjonsarbeid. Det kan vera laging av verkty. Det kan vera rein fysisk trening eller trening i bruken av visst slags verkty.

DET VI TIL NO HAR GJORT
Felles samlingar
Ein del samlingar har vore felles for alle næmingane. Opplegget for tømrarane starta den 5. mars i 2007 med ei samling som galdt skogvurdering. I to veker såg vi på skog og blinka tømmer til ulike føremål. Vi hogg tømmer både med nye og eldre teknikkar og vi fekk noko av det fram med hest. Neste samling var i månadsskiftet mars-april. Då delte vi opp og la til tørk ein del av det tømmeret vi hadde blinka. Vi saga med handsag, sirkelsag og bandsag. I juni starta vi med å hogge saman tømmer til produksjonslokale for Husasnotra og starta reisinga av bygget.

Golvflata inne er på 24,6 x 11.2 m. Første veka av august fullførte vi reisinga. No kunne vi ta til med kleding og tekking. Det skjedde ved ei 14 dagars samling i september. Seinare på hausten hadde vi to samlingar på Dovre. Ei vekes-samling galdt dokumentasjon, og ei to vekers samling galdt økser og sager. Vi skjefte, slipa og fila. Etter ein lang periode med meir eller mindre individuelle opplegg starta vi på nytt med felles samlingar i juni 2008. Ei veke i juni samla vi never til tekking i Gudbrandsdalen, i Oppdal og i Halsa. Ei veke i august vart bygget til Husasnotra måla. Lærar var Erlend Mehlum,
tidlegare stipendiat ved Norsk handverksutvikling. Vi måla med fleire ulike slags bindemiddel; linolje, selolje, lyse (ståtran), tjøre og jamvel litt blod. Ein stor del av bygget vart måla der bindemidlet var rugmjølsklister (komposisjonsmåling). Fleire ulike slags pigment vart nytta. I månadsskiftet september/oktober no, hausten 2008, er heile gjengen på nytt samla. Første veka laga vi kubbehus med leire og kapp frå eit gammalt tømmerhus. To eldre karar frå Oppdal rettleidde. Sist dei var med på å byggje slikt hus, var i 1954. Andre veka er det dokumentasjon og merking av bygg som skal takast ned i tillegg til prosjektorganisering som står på programmet. Mellom samlingane Mellom samlingane er det meir eller mindre individuelle oppgåver. Mesteparten av tida er næmingane innan kvart fylke i gang med felles oppgåver. Av og til er dei ein og ein. Av og til er somme av næmingane i grannefylka med utan at det er samling for alle. Å koma inn på alt dei har vore med på, vil venteleg føre litt for vidt, såleis kjem vi berre med
smakebitar. Vi nemner i fleng:
Nordisk treseminar(8) på Dovre i april kvart år har dei fleste vor med på og til dels som hjelpeinstruktørar på visse kurs. Det same gjeld handverksdagane på Røros(9). Elles har fleire vore med på å hogge sprettetelgd taktro til Rolstdaloftet frå Fron, no på Norsk
Folkemuseum, legging av villskifer og muring med leire i Oppland. Næmingane i Oppland har vore med på å lage ein ny stor trekonstruksjon i samarbeid med tresenteret på Dovre. Dertil har opplendingane mellom anna restaurert og lafta nytt. Rørosingane har lafta gjetarbu med teknikkar frå Trøndelag og bygd naust i sperreverk.(10)

Det skal vera mobil utstillingsbu for museet Kystens Arv i Rissa. Eit viktig oppdrag er utarbeiding av tilstandsrapport, plan for restaurering og tilsyn for Budal bygdemuseum. Heime på Røros har dei hatt oppdrag med ymse restaurering og tilrettelegging til dømes for handverksdagane. Viktig i denne samanhengen er brua mellom Malmplassen og slagghaugen som har utvikla seg til ei temmeleg omfattande oppgåve. Næmingane i Møre og Romsdal har hatt tilhogging av kaipålar og skorder til Kvernes stavkyrkje, restaurering av smie på Kvitholmen fyr og restaurering av gammalt naust på
Kvernes. Dei har lafta hytte med fire ulike laft frå Møre og Romsdal, og dei har bygd diverse buer og naust i teknikken stavline(11). Ein av dei har vore med på å lage eit lite naust i grindverk(12) på Sunnmøre. Oppdrag har også vore diverse arbeid i Husasnotrabygget ut over det som har vore gjort på samlingar. Det gjeld mellom anna legging av ulike slags vibrasjonsdempande golv. Båtbyggjaren byggjer båtar. Førebels har det vore mest Geitbåt, men også litt Snidbetning og Nordmørslystring.

AVSLUTNING
Det seier seg sjølv at ei omtale av arbeid og opplegg for ni personar i full tids opplæring og arbeid blir temmeleg summarisk. Vi vonar likevel at dette oversynet får fram litt om intensjonar for og innhald i næmingeordninga. Tre år er alt for lite til ei omfattande opplæring, men vi vonar likevel at næmingane vil få smaken på fagleg utvikling, at dei vil gå vidare for eiga maskin og bli nye tradisjonsberarar innafor kvar sine geografiske område og
innafor kvar sine faglege spesialitetar. Næmingeordninga er eit eksperiment. Vi trur vi er på rett veg med utviklinga av eit mønster for utvikling av handverkarar eit første steg ut over sveinebrevet. Material, teknikk, prosedyrar og formforståing, utøving, trening og innføring i tradisjon er fundament som alle handverk lyt ha i botn. Etter kvart ser vi fram til formaliserte opplegg i samsvar med det behovet dei ulike faga har.

Vi ser ikkje bort frå at både seks og ni år ut over sveinebrev kan bli vanleg. Seinare steg kan bli stipendiatar etter mønster frå Norsk handverksutvikling si ordning for slike. Seinare steg kan også bli meir allmenn og oversynsgjevande kvalifisering i retning av forvaltning, slik som bachelor- studiet ved Høgskolen legg opp til. Vi ser også fram til at handverkarar skal kunne få stipend for kvalifisering i eit tredje steg ut over sveinebrevet, og som då vil svara til doktor gradstipend i akademiske studia.

Det er nybrottsarbeid vi held på med. Feilfrie er vi ikkje, men det kjennest som om vi er på rett veg. Opplæringa som næming skjer utan at opplegget førebels er offentleg formalisert. Det bør skje. Vi har enno ingen offentleg godkjent utdanningstittel. Det bør vi få.

Jon Bojer Godal

 

Notar
Note (1)
Norsk handverksutvikling (NHU) er ein statleg institusjon som administrativt er lagt til
Maihaugen. Oppgåvene er i hovudsak desse fire:
A. Dokumentere handverk.
B. Opprette og drive eit register over handverkarar.
C. Vidareføre handverk som er i fare for å forsvinne.
D. Organisere opplæringsordningar for små og verneverdige fag.
Punkt C. er ivareteke ved at det alltid er knytt lærande til dokumentasjonsprosjekta (under A.)
og ved at NHU administrerer ei stipendiatordning for handverkarar. Stipenda er på tre år.
Det praktiske arbeidet som stipendiat er nær knytt til utøving samstundes som det har i seg
svært mykje av undersøkande karakter. Typisk for stipendiatane er at dei driv det vi kallar
handverksforsking, forsking på det utøvande handverket sine premissar.
Note (2).
Senter for Bygdekultur er eit heileigd A/S under stiftinga Norsk kulturarv. Senter for
bygdekultur held til å Dovre og dagleg leiar i mange år har vore Steinar Moldal som no har
gått over i eiga verksemd. Senter for Bygdekultur arrangerer ei rekkje kurs. Mest kjende er
kursa i treskjering og Nordisk treseminar. Senter for bygdekultur har oppretta stiftinga
Handverksskolen på Dovre som har fagopplæring i treskjering. Viktig samarbeidspart er også
Bygningshistorisk park som også er eiga stifting.
Note (3)
Pjål er ein reiskap til å slette tømmer med og som i sær vart nytta saman med øksing av det.
Verbet er å pjåle. Ein pjål kan også nyttast til å skava med, ta bork til fór for husdyr. Då vert
han ofte kalla skjøve, av og til skavkniv, men i Trøndelag og på Nord-Møre vert det også sagt
ravl. Å ravle er å berkje med ein ravl, då som regel utan at borken vert teken vare på.
Note (4)
Skaring er det same som skråskøyt. Somme kallar det også laskeskøyt, men ein lask er noko
som ligg utanpå. Då er laskeskøyt ein skøyt med eit stykke som er lagt over der dei to skøytte
delane går mot ein annan.
Note (5)
Kamming er i prinsippet ei slags nov, men nytta der eit tverrtømmer går over eit langtømmer
innafor eit hjørna.
Note (6)
Fotingsrøst er eit system for stavreising og takbering som vi i hovudsak finn på Austlandet,
men det finst og spreidde døme frå andre stader i landet. Typisk for fotingsrøstet er eit
sperrebore tak og der alle sperrene står på ein sperrelunn, eit veggband. Sperrelunnen stikk
ut, slik at takskjegget får ei flat raftkasse.
Note (7)
Husasnotra er det vi kan kalla produksjonsavdelinga ved Geitbåtmuseet. Bygget for
Husasnotra som næmingane har laga er på 11,6 x 25 m. og det er 5,5 m på raftet. I delar av
bygget er det fri bering på 11,2 m utført i tradisjonelle tømmermannskonstruksjonar.
Note (8)
Nordisk treseminar på Dovre er eit arrangement som går over tre dagar, og det er i samarbeid
mellom Norges Husflidslag og Senter for bygdekultur. Seminaret samlar kring 70
handverkarar frå heile Norden i slutten av april. Tema vekslar for kvart år, men heile tida er
tre og bruk av tre midtpunktet.
Note (9)
Handverksdagane på Røros vert arrangert av Rørosmuseet kvart år i slutten av august, og dei
går over fem dagar. Viktig innhald er kurs med vekslande innhald; tømring, snekring, måling,
hogging og legging av skifer, muring o s b.
Note (10)
Sperreverk er eit system for bygging av stavhus som er det dominerande i Trøndelag, men vi
fin spreidde døme så langt nord og aust som til Vardø.
Note (11)
Stavline er eit system for bygging av stavhus på Nordmøre og som finst i fleire variantar der.
Liknande system finn vi mellom anna i Indre Sogn og i Vest-Telemark.
Note (12)
Grindverk er eit system for bygging av stavhus som finn frå om lag grensa mellom Nordmøre
og Romsdal og sør til forbi midten av Rogaland. I dei sør-austlege delane av Rogaland skifter
systema på nytt.