Prammen Svorka

Prammene er fast del av både skoleopplegg og av sommartilbodet ved museet.

Kystlaget har mange båtar og dei har vore i flittig bruk med skolar.

Båtar for vaksne er for store til småe ungar. Difor ville vi prøve noko som var meir høveleg for dei små. Vi fann fram til ein elvebåt i Surna. Det er ein flatbotna pram med bord som går på langs i botn. Båten har sidekjølar. Første prototypen blei prøverigga og guten på 6 år er mal. Første rotur, framleis med seks- åringen som mal. Det går godt. Så vart det serieproduksjon.

Prammen er eit svært enkelt byggverk som er lett å ro for ungar. Båten er lettvint å segle og han kan seglast rett på land. Båten kan liggje på stranda. Prammen har sidekjølar som stikk opp på sida og det er vanleg styre med kult i gavlen. Det er også ein løybom.

Prammane er no fast del av skoleopplegg og av sommartilbod ved museet. Vi har seglopplæring med ein vaksen og to ungar i kvar båt. Ungane fåt allsidig innføring i båtbruk.