|
|
|
|
Museumsdag på Surnadal bygdemuseum
Søndag 18. juli inviterer Todalen Historielag og Stangvik Historielag til museumsdag på Surnadal bygdemuseum, Åsen. Her blir det mykje artig å vere med på, for store og små !
Aktivitetar gjennom dagen Frå dørene opnar klokka 12.00 vil det vere anledning til å få ein tur med hest og vogn rundt på museet. Gamle leikar blir eit av dagens tema, - kan du å "vippe jeppe" ? Her får du sjansen til å vise gamle kunster, eller lære noko nytt.
For dei med meir tekniske interesser kan det lokkast med utstilling av gamle motorar og motoriserte kjørety av ulike slag og årgangar.
Dei faste museumsutstillingane vil òg vere opne for publikum gjennom dagen.
Tema: Lokal byggeskikk Vi har vore så heldige og fått Eir Ragna Grytli, Professor i arkitekturhistorie og bygningsvern ved NTNU, til å vere med oss denne dagen. Ho kjem til å halde eit innlegg med utgangspunkt i lokal byggeskikk, begrepet nordmørslån kan bli eit viktig stikkord her. Eir Ragna Grytli har tidlegare gjeve ut mellom anna ei bok om trønderlåna og midt-norske våningshus, og vi kan nevne at ho i 1993 avla doktorgraden sin med Surnadalsøra som tema. Grytli vil starte kl. 13.30 og halde på ca ein time.
Tradisjonsmat Det vil bli servering av dravle, bakels & graut og kaffe.
Bill: Born 10,-/Vaksne 40,-
Publisert av
Maja Frønes.
Sist endret 14.07.2010
|
|
|
Kontaktinformasjon
|
Nordmøre Museum
|
|
Storgata 19
|
|
Postboks 291
|
|
6501
Kristiansund N
|
 |
|
Dagens bilde
Utstilling, Norsk myrmuseum
Dagens fakta
 |
|
|
Den første steinindustrien i Eide kom i gang for å levere stein til gjenoppbyggingen av Ålesund etter den store bybrannen i 1904. I 2006 leverte Eide 40% av alle gravmonumenter i Norge, noe som har gjort at man spøkefullt har sagt at Eide er "bygda som lever av de døde."
|
|
|
-
|
|
|